Goethitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Goethitt
Goethite Angleterre.jpg
Goethitt, Restormel Royal Iron Mine i Cornwall i England.
Generelt
Kategori Oksydmineral
Kjemisk formel α-FeO
Strunz-klassifisering 04.FD.10
Identifikasjon
Farge Gulaktig til raudaktig til mørkebrun
Krystallsystem Ortorombisk 2/m2/m2/m
Kløyv perfekt {010}
Brot Ujamn til splintrete
Mohs hardleiksskala 5 - 5.5
Glans Diamantaktig til matt
Strekfarge brun, brungul til oransjegul
Spesifikk vekt 3.3 - 4.3
Optiske eigenskapar
Brytingsindeks Ugjennomsiktig til delvis gjennomskineleg
Smeltbarheit Smeltbar ved 5 - 5.5
Andre eigenskapar Vert magnetisk i reduksjonsflamme
Kjelder [1][2][3][4]

Goethitt er eit særs utbreitt, brunleg jernmineral. Det er kjemisk eit jernhydroksid, a-FeOOH, med rombisk symmetri. Lepidokrokitt, ?-FeOOH, er eit anna mineral med same kjemiske samansetjing men med ein annan krystallstruktur (polymorfi). Goethitt blir danna for ein stor del ved forvitring og oksidasjon av andre jernhaldige mineral. Det er ein viktig bestanddel i brunjernstein (minettemalm; jernoolitt) og i myrmalm, og finst dessutan i den «jernhatten» som ofte blir danna i oksidasjonssonen over ein jernmalm.

Jordaktige material, som oker, rust, limonitt og lateritt, inneheld goethitt i vekslande mengder, ofte tilblanda noko lepidokrokitt. Goethitt kan òg opptre i meir velkrystallisert form som primært hydrotermalmineral, til dømes i kontaktførekomstane i Oslofeltet.

Det er kalla opp etter den tyske Johann Wolfgang von Goethe (1749–1832). Goethitt var kjend i førhistorisk tid som eit pigment. Det er funne spor av det i malingsprøvar frå grottene i Lascaux i Frankrike. Det vart først skildra i 1806 frå Hollertszuggruva i Dermbach i Herdorf i Siegerland i Rheinland-Pfalz i Tyskland.[3]

Gallery[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hurlbut, Cornelius S.; Klein, Cornelis (1985). Manual of Mineralogi (20th ed.). Wiley. ISBN 0-471-80580-7. 
  2. http://webmineral.com/data/Goethite.shtml Webmineral data
  3. 3,0 3,1 http://www.mindat.org/min-1719.html Mindat data with locations
  4. http://www.galleries.com/minerals/oksyds/goethite/goethite.htm Mineral galleries

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Goethitt