Grimeliden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Grimeliden er ein springar som finst i ei rekkje variantar over Krødsherad, Telemark og Hallingdal. Dette er ein vandreslått der ein kan tidfeste og stadfeste vandringsvegen rimeleg greitt.

Slåttenamnet er etter spelemannen Guttorm Olsson Grimelid frå Krødsherad, og formene med dette namnet er dei enklaste i krinsen. Slåtten var opphavleg ein tvibeitslått med einfelt oppbygging. I Hallingdal har ei nærskyldt form ofte namnet Langåkeren, knytt til spelemannen Harald Langåker. Både Langåker og Grimelid levde sist på 1700-talet. Ei nyare hallingform er kalla Peisestugu og har klåre drag sams med telemarksforma.

Til Telemark kom slåtten med Knut Lurås, og her vart slåtten bygd ut i tida etter Myllarguten. Her finst det to storformer av slåtten: Markensmåndagen (namnet er knytt til Kongsbergmarken), og Urjen. Markensmåndagen er knytt til Lars Fykerud, medan Urjen skal vera bygd ut av Olav Groven. Å vera urjin kan tyde det same som å vera i bakrus, og slåtten har skapt vitsen om å vera «urjin på markensmåndagen» (etter heftig turing på Kongsberg).

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket har registert variantgruppa under nr. 516 (band seks). Gruppa kan delast i tre. Formene som skriv seg beint frå Krødsherad byrjar på låg D (Urgjen), og er knytt til den opphavlege Grimeliden. Variantane som byrjar på høg D (Markensmåndagen) er for det meste fykerudslåttar. Varianten frå Hallingdal tek til på grannstrengen, og skil seg difor frå dei andre.

  • d: Markensmåndagen, etter Gunnulv Borgen, Bø i Telemark [4][daud lenkje]. Skriven ned av Truls Ørpen 1939 (Ø 237). Borgen hadde slåtten frå far sin, Halvor Borgen, som hadde han frå Lars Fykerud, Sauherad. Det er Fykerud som sette dette namnet på slåtten. Slåtten vart skriven ned etter ei gamal EP-plate. Eivind Groven retta opp noteskrifta etter plata. Det var truleg Lars Fykerud som bygde ut slåtten på grunnlag av forma etter faren. Ho er heller storfelt, og mykje nytta i Bø.
  • f: Urgjen, etter Olav Groven, Lårdal [6][daud lenkje]. Skriven ned av Eivind Groven 1936 etter minne (G 546). Dette er Olav Groven si form av slåtten. Urgjen = ufrisk, ikkje vel. Slåtten har vore mykje nytta i kappleikssamanhang.
  • h: Springar frå Hallingdal, etter Sevat Sataøen, Ål [8][daud lenkje]. Skriven ned av Eivind Groven 1962 (G 1402). Denne forma er stundom kalla Langåkeren. Dette er einaste forma som tek til på kvinten. Slåtten er brigda på hallingvis, og skriv seg frå Nes.