Győr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Győr
Sentrum av Győr
Plassering
Győr is located in Ungarn
Styresmakter
Land
Region
Megye
Ungarn Ungarn
Vest-Transdanubia
Győr-Moson-Sopron
Grunnlagd 400-talet fvt.
Geografi
Flatevidd
 - By

174,61 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

127 594
  731/km²
Koordinatar 47°41′03″N 17°38′06″EKoordinatar: 47°41′03″N 17°38′06″E
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 9000
Telefon-retningsnummer 96
Heimeside: www.gyor.hu


Győr (tysk Raab, kroatisk Jura, Đura, Vjura, slovakisk Ráb, tyrkisk Yanık kale, serbisk Đur/Ђур eller Janok/Јанок) er den viktigaste byen nordvest i Ungarn og fylkeshovudstad i Győr-Moson-Sopron. Han ligg ved Donau langs ein av dei viktige vegane i Sentral-Europa, halvvegs mellom Budapest og Wien. Byen er den sjette største i Ungarn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Széchenyi-plassen
Győr kloster

Området har vore busett sidan antikken. Dei første busetnadane går tilbake til 400-talet fvt, då området var busett av keltarar. Dei kalla byen Arrabona, eit namn som vart nytta i åtte hundre år og den kortare utgåva vert framleis nytta som det tyske (Raab) og slovakiske (Ráb) namnet på byen.

Romerske kjøpmenn flytta til Arrabona i det 1. hundreåret fvt. og rundt år 10 fvt. okkuperte den romerske hæren dei nordlege områda av Vest-Ungarn, som dei kalla Pannonia. Sjølv om romarane drog bort frå området på 300-talet evt. på grunn av stadige attak frå stammer aust for området, vart byen verande busett.

Rundt år 500 vart området busett av slavarar, i 547 av lombardar, frå 568 til om lag 800 av avararar, så under frankisk og slavisk påverknad. Mellom 880 og 894 var han ein del av Stor-Mähren, og så ei kort tid var han under austfrankararane.

Ungarane okkuperte byen rundt år 900 og forsterka dei forlatte romerske festningsverka. Stefan I, den første kongen av Ungarn, grunnla eit bispesete her. Byen fekk det ungarske namnet Győr. Ungararane levde i telt og seinare i hytter i området som i dag er den søraustlege delen av sentrum. Byen vart okkupert av mongolane under den mongolske invasjonen av Ungarn (12411242) og øydelagd av den tsjekkiske hæren i 1271. Under den osmanske okkupasjonen i Ungarn (1541 - seint på 1600-talet) tenkte Győr sin kommandant Kristóf Lamberg at det ville vere nytteslaust å forsvare byen mot den tyrkiske hæren, så han brende ned heile byen i staden. Tyrkarane fann derfor berre nedbrende ruinar igjen og kalla han Yanık kale («brend by»).

Byen vart gjenoppbygd i lag med ei borg og ein bymur, utforma av italienske byggherrar. Byen endra seg mykje desse åra med mange nye bygningar i renessansestil, men hovudplassen og gatenettverket vart verande slik det hadde vore.

I 1594 okkuperte den tyrkiske hæren borga og byen, men i 1598 klarte ungararane og austerrikarane å gjenerobre byen.

I 1683 kom tyrkarane tilbake ei kort stund, men måtte forlate byen igjen etter tap i slaget ved Wien.

Byen vart velståande dei neste hundreåra. I 1743 fekk Győr status som fri keisarby av Maria Theresa. Mange religiøse ordenar (Jesuittar, karmelittar) slo seg ned i byen og byde skular, kyrkjer, eit sjukehus og eit kloster.

Napoleon okkuperte slottet og sprengde nokre av veggane her. Leiarane i byen innsåg at dei gamle festningsvollane ikkje var særleg nyttige lenger og jamna dei med jorda slik at byen kunne utvidast.

På midten av 1800-talet vart Győr ein viktigare handelsby då dampskiptrafikken på Donau byrja, men byen mista denne rolla då jernbanelinja mellom Budapest og Kanizsa vart bygd i 1861. Byen kompenserte dette tapet med industrialisering. Byen blømde fram til den andre verdskrigen, men under krigen vart mange bygningar øydelagd. I 1950- og 1960-åra vart det gjort fleire endringar, og store høghus vart bygd, medan dei gamle, historiske bygningane forfall. I 1970-åra byrja ein å rekonstruere bysentrum, og gamle bygningar vart restaurert og rekonstruert. I 1989 vann Győr ein europeisk pris for vern av gamle minnesmerke.

Győr eit flott sentrum med vakre bygningar i barokkstil. Det gamle sentrumet er Káptalan-åsen der dei tre elvane Donau, Rába og Rábca renn saman. Püspökvár, er residens for biskopane i Győr. Den eldste bygningen i byen er eit tårn frå 1200-talet.

I dag er Győr eit av dei viktigaste administrative og kulturelle sentera i Ungarn. Byen har óg eit universitet og er ein populær turistdestinasjon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Győr

Kjelde[endre | endre wikiteksten]