Maria Teresia av Austerrike
| Maria Teresia | |
| Tysk-romersk keisarinne, tysk dronning, dronning av Ungarn, Kroatia og Bøhmen; erkehertuginne av Austerrike |
|
| Regjeringstid | 20. oktober 1740-29. november 1780 |
|---|---|
| tysk | Maria Theresia |
| ungarsk | Mária Terézia |
| tsjekkisk | Marie Teresie |
| Fødd | 13. mai 1717 |
| Fødestad | Wien |
| Død | 29. november 1780 (63 år gammal) |
| Dødsstad | Wien |
| Gravlagd | Kapuzinarkrypta i Wien |
| Føregjengar | Karl VI |
| Etterfølgjar | Josef II |
| Gemal | Frans I av Det tysk-romerske riket |
| Kongehus | Huset Habsburg-Lorraine |
| Far | Karl VI av Det tysk-romerske riket |
| Mor | Elisabeth Christine av Brunswick-Wolfenbüttel |
Maria Teresia (fødd 13. mai 1717 i Wien, død 29. november 1780 same stad) var regjerande erkehertuginne av Austerrike, dronning av Ungarn, dronning av Böhmen og statsoverhovud av ei rekkje andre område. Gjennom ekteskapet sitt med den tysk-romerske keisaren Frans I Stefan vart ho i tillegg tiltalt som keisarinne. Ho var ein av dei mektigaste herskarane i Europa i levetida si. Hos sine eigne folk var ho særs populær, mellom anna på grunn av den liberale innanrikspolitikken ho førte.
Innhaldsliste |
Liv [endre]
Ho var den eldste dottera til keisar Karl VI og keisarinne Elisabeth Christine (fødd prinsesse av Braunschweig-Wolfenbüttel). Einaste broren hennar døydde som spedbarn. Sidan Karl VI aldri slutta å håpe på ein mannleg arving, fekk ikkje Maria Teresia den utdanninga som førebudde henne på dei utfordringane ho ville møte som monark, men ho utvikla seg likevel til ei bestemt ung dame. Den 12. februar 1736 gifta ho seg, 18 år gammal, med tremenningen sin, hertug Frans av Lothringen. Gjennom giftarmålet vart herskarhuset Habsburg-Lothringen grunnlagd, fordi Maria Teresia var arvingen til huset Habsburg. Frans sørgde for at kona hans fekk ei like god utdanning som ein mannleg arving.
I 1740 døydde Karl VI utan søner. Dermed arva Maria Teresia i tråd med den pragmatiske sanksjonen heile habsburgmonarkiet. Sidan ho var kvinne var det likevel sterk opposisjon mot forslaget om å gjere ho til arving. Bayern, Spania, Sachsen og Preussen prøvde å utnytte det dei såg på som eit no svakt Austerrike ved å gjere krav på delar av habsburgriket, noko som var byrjinga på den austerrikske arvefølgjekrigen (1740–1748). Maria Teresia klarte derimot å forsvare mesteparten av områda sine. I og med at Karl Albrecht av Bayern vart vald til tysk-romersk keisar, vart òg den 300 år gamle tradisjonen avbroten at den tysk-romerske keisaren vart stilt av huset Habsburg. Karl Albrecht si regjeringstid varte berre tre år og Frans vart som Frans I Stefan vald til ny keisar i 1745. Sjølv om han då hadde den høgaste tittelen i riket, var det utan tvil kona hans Maria Teresia som, i eigenskap som statsoverhovud over ei rekkje store europeiske land, hadde mest reell politisk makt. Ho sette inn ektemannen (og seinare eldste sonen) som medregent, men desse blanda seg sjeldan inn i hennar politiske avgjersler.
Ekteskapet mellom Maria Teresia og Frans Stefan var hjarteleg og dei fekk 16 barn. Frans Stefan døydde i 1765 og Maria Teresia gjekk frå denne dagen og resten av livet berre kledd i svart.
Barn [endre]
Maria Teresia og Frans I Stefan hadde 16 barn:
- Maria Elisabeth (1737–1740)
- Maria Anna (1738–1789)
- Maria Karolina (1740–1741)
- keisar Josef II av Det tysk-romerske riket (1741–1790) ∞ Isabella av Parma (1760–1763), ∞ Maria Josefa av Bayern (1765–1767)
- hertuginne Marie Christine av Teschen (1742–1798) ∞ Albert
- abbedisse Maria Elisabeth (1743–1808)
- Karl Josef (1745–1761)
- hertuginne Maria Amalia av Parma (1746–1804) ∞ Ferdinand
- keisar Leopold II av Det tysk-romerske riket (1747–1792) ∞ Maria Ludovica av Spania
- Karolina (*/† 1748)
- Johanna Gabriele (1750–1762)
- Maria Josefa (1751–1767)
- dronning Maria Karolina av Dei to Sicilia (1752–1814) ∞ Ferdinand I Antonio
- Ferdinand Karl Anton (1754–1806) ∞ Maria Beatrice d'Este
- dronning Marie Antoinette av Frankrike (1755–1793) ∞ Ludwig XVI
- erkebiskop og kurfyrste Maximilian Frans av Köln (1756–1801)
«Giftarmålspolitikken» [endre]
Maria Teresia prøvde å bygge alliansar gjennom å inngå strategiske ekteskap for barna sine. Barna vart stort sett ikkje spurd om samtykke, men måtte føye seg i planane som mora deira hadde smidd for dei. Alle barna fekk ei streng utdanning som skulle førebu dei på eit liv ved framande hoff. Maria Teresia satsa hovudsakleg på å styrke sambanda til huset Bourbon, som var den dominerande herskarslekta i Frankrike, Spania og Italia på denne tida. Såleis måtte sønene gifte seg med prinsesser av Parma, Spania og Modena. Fleire av døtrene døydde eller vart vansira av koppar, slik at dei planlagte ekteskapa deira måtte skrinleggast. Medan Marie Christine som einaste barn fekk velje ektefelle sjølv (ein saksisk fyrste), vart Maria Amalia hertuginne av Parma, Maria Karolina (i staden for sine to eldre systrer) dronning av Dei to Sicilia og Maria Antonia (som Marie Antoinette) dronning av Frankrike.
Utanrikspolitikk [endre]
Utanrikspolitikken var elles dominert av motsetnadsforholdet til Preussen, som i denne tida styrka rolla si i den europeiske og tyske politikken. Prøyssarkongen Fredrik II vart på ein måte Maria Teresia sin erkefiende. Maria Teresia sitt forsøk på å isolere Preussen gjennom traktatar med Russland og Frankrike var berre delvis vellukka.
I den austerrikske arvefølgjekrigen klarte Maria Teresia å forsvare dei habsburgske områda mot krava frå Bayern, Spania og Sachsen. Dei einaste tapte områda var Schlesien, som vart erobra av Fredrik II og hertugdømmet Parma, som fall til huset Bourbon. Schlesien sitt tap vart endeleg stadfesta i sjuårskrigen (1756–1763). Austerrike heldt berre den sørlegaste fliken av provinsen (sjå Austerriksk Schlesien). Den viktigaste utanrikspolitiske rådgjevaren til Maria Teresia i desse krigane var greve Wenzel von Kaunitz.
På den andre siden utvida Maria Teresia riket ytterlegare i aust: I 1772 erobra ho Galicia og i 1775 Bukovina. I den bayerske arvefølgjekrigen fall dessutan Innviertel til Austerrike, slik at grensa mellom Austerrike og Bayern vart skyvd vestover fram til Inn og dermed fekk si noverande plassering.
Innanrikspolitikk [endre]
I 1749 starta Maria Teresia med innføringa av fleire innanrikspolitiske reformer i den opplyste absolutismen si and. Hennar viktigaste innanrikspolitiske rådgjevar var greve Friedrich von Haugwitz.
Reformene var mellom anna:
- Forvaltinga vart sentralisert, dvs. delstatane fekk mindre sjølvstyre.
- I tråd med maktfordelingsprinsippet vart den lovgjevande makta skilt frå den utøvande makta.
- Rettsvesenet vart regulert gjennom mellom anna innføringa av strafferettslover.
- Tortur vart avskaffa.
- Vilkåra for liveigne vart betra.
- Utdanningssituasjonen vart betra gjennom innføringa av den obligatoriske folkeskulen for alle barn.
- Makta til kyrkja fekk sett statlege grenser.
- Skattefritaket for adelen og presteskapet vart oppheva.
- Handel og industri vart støtta.
Det var ikkje minst mange av desse reformene, kombinert med hennar mange barn og fromskap, som gjorde henne til ein særs populær monark hos folket sitt.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Maria Teresia av Austerrike» frå Wikipedia på bokmål, den 11. november 2008.
| Føregjengar Karl II |
Erkehertuginne av Austerrike |
Etterfylgjar Josef II |
| Føregjengar Karl III Albrecht |
Dronning av Böhmen 1743–1780 |
Etterfylgjar Josef II |
- Fødde i 1717
- Døde i 1780
- Tysk-romerske keisarinner
- Austerrikske monarkar
- Tyske monarkar
- Ungarske monarkar
- Kroatiske monarkar
- Bøhmiske monarkar
- Transilvanske herskarar
- Austerrikske erkehertuginner
- Huset Habsburg
- Folk frå Wien
- Bøhmiske prinsesser
- Ungarske prinsesser
- Austerrikarar i den austerrikske arvefølgjekrigen
- Austerrikarar i sjuårskrigen
- Hertuginner av Lorraine
- Hertugar av Teschen
- Hertugar av Brabant
- Hertugar av Lothier
- Hertugar av Parma
- Hertugar av Piacenza
- Hertugar av Guastalla
- Hertugar av Milano
- Hertugar av Limburg
- Herskarar av Steiermark
- Hertugar av Kärnten
- Luxembourgske hertugar
- Grevar av Tirol
- Grevar av Flandern
- Grevar av Hainaut
- Storhertuginner av Toscana
- Regjerande dronningar