Høgskolen i Finnmark
| Høgskolen i Finnmark | |
Hovudinngangen til HiF. Foto: Høgskolen i Finnmark. |
|
| Motto | «Under nordlyset - over det meste!» |
|---|---|
| Grunnlagt | 1. august 1994 |
| Type | Statleg høgskole |
| Rektor | Sveinung Eikeland |
| Stad | Alta, Hammerfest |
| Studentar | 2003 [1] (2012) |
| Tilsette | 247 [2] (2012) |
| Nettstad | www.hifm.no |
Høgskolen i Finnmark (HiF) er ein statleg høgskole i Finnmark som vart skipa som fylgje av Høgskulereforma 1. august 1994. Han var ein av dei 24 statlege høgskolane i Noreg etter høgskolereforma. Det var Finnmark sykepleierhøyskole, Finnmark distriktshøgskole og Alta lærerhøgskole som vart slått saman til ein høgskole.[3] Dei var lokaliserte i Alta og Hammerfest, der òg hovudstudiestadane til høgskolen ligg i dag. I tillegg finst ein campus i Kirkenes, og skulen tilbyr desentraliserte studium i Lakselv, Kirkenes, Tromsø, Bardufoss og Finnsnes.
Høgskolen har vedtatt å fusjonere med Universitetet i Tromsø frå 1. august 2013. Høgskolen blir då det nye Finnmarksfakultetet ved universitetet.
Fagleg organisering[endre]
Høgskolen hadde ein lang periode tre avdelingar:
- Pedagogiske og humanistiske fag (Alta)
- Nærings- og sosialfag (Alta)
- Helsefag (Hammerfest)
Ved samanslåinga i 2013 hadde høgskolen desse institutta:
- Institutt for helsefag (Hammerfest)
- Institutt for sosialfag
- Institutt for pedagogiske og humanistiske fag
- Institutt for idretts- og realfag
- Institutt for økonomiske- og reiselivsfag
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen byggjer på «Høgskolen i Finnmark» frå Wikipedia på bokmål, den 7. april 2012.
- ↑
Det er føreslått at denne sida blir flytta til mal:DBH studenttal. (Sjå eventuelt diskusjon)
Totalt tal på registrerte studentar i følge Database for statistikk om høgre utdanning DBH
- ↑
Det er føreslått at denne sida blir flytta til Mal:DBH taltilsette. (Sjå eventuelt diskusjon)
Talet på tilsette i ulike kategoriar i følge Database for statistikk om høgre utdanning DBH
- ↑ [1]