Haguenau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Haguenau
Porte de Wissembourg i Haguenau
Porte de Wissembourg i Haguenau
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Alsace
Bas-Rhin
Geografi
Flatevidd
 - By

182,59 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

32 242
  176/km²
Koordinatar 48°49′″N 07°47′″EKoordinatar: 48°49′″N 07°47′″E
Høgd over havet 150 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 67500
Heimeside: www.ville-haguenau.fr

Haguenau (tysk Hagenau) er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Bas-Rhin i regionen Alsace, og har om lag 30 000 innbyggjarar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Han er den fjerde største byen i Alsace, og den nest største i Bas-Rhin etter Strasbourg, som ligg 30 km lenger sør. I nord ligg Forêt de Haguenau den største samanhengande skogen i Frankrike.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Haguenau har ei historie som går tilbake til 1100-talet, og oppstod då hertugane i Schwaben bygde ei jakthytte på ei øy i den litle elva Moder. Keisar Fredrik Barbarossa lagde bymurar rundt byen og gav han byrettar i 1154. På staden der jakthytta låg bygde han eit keisarpalass, der Kronjuvelane til Det tysk-romerske riket vart halde (Juvelbesatt keisarkrone, septer, keisarkule og sverdet til Karl den store)

Etter kvart vart Haguenau sete i Landvogt av Hagenau, keisarleg advocatus i Unterelsaß. Richard av Cornwall gjorde byen til ein keisarby i 1257. På 1300-talet husa han magistratet i Decapole, ein forsvarssameining av ti byar i Alsace mot den politiske ustabiliteten i områda rundt. Med freden i Westfalen i 1648 vart byen ein del av Frankrike, og i 1673 reiv Kong Louis XIV ned festningsverka i byen. Haguenau vart erobra av tyske troppar i 1675, men gjenerobra av Frankrike to år seinare. Byen vart derimot nesten totalt øydelagd av ein brann i prosessen.

I 1871 vart Haguenau annektert av Tyskland og gjort til ein del av Alsace-Lorraine som Hagenau. Han vart gjeve tilbake til Frankrike etter den første verdskrigen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Haguenau