Hakodate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
函館市, Hakodate-shi
Hachimanzaka Hakodate Hokkaido pref Japan01n.jpg
Styresmakter
Land
Prefektur
Japan
Hokkaido
Geografi
Flatevidd 677 77 km²
Innbyggjarar 287 691
Diverse anna
Nettstad: www.city.hakodate.hokkaido.jp
Plassering
Hakodate på Hokkaido.
Hakodate på Hokkaido.

Hakodate er ein by i Japan, den tredje største på Hokkaido med 287 691 innbyggjarar (2008). Han ligg i ei naturleg hamn på sørspissen av øya, ved Tsugarusundet, med Aomori på den andre sida av sundet. Hakodate er hovudby i Oshima prefektur.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området var opphavleg folkesett av ainuar, som hadde ein fiskelandsby kalla Usukeshi (ainu for 'bukt') her. I 1454 bygde japanaren Kono Kaganokami Masamichi eit herskapshus her, og dette blir rekna for grunnlegginga av byen. Forma på huset gav namn til Hakodate, som tyder 'boksehus'. Etter at Masamichi døydde blei sonen og familien drivne frå området av ainuar, og slo seg ned i Kameda i nærleiken. Det var ei pågåande ulmande konflikt mellom ainuar og væpna japanske kjøpmenn som byrja slå seg ned på Oshima-halvøya i dette tidsrommet. Frå 1669 til 1672 reiste ainuane seg i opprør under leiing av Shakushain, før dei blei endeleg slått av japanarane.

I 1741 flytta Matsumae-familien administrasjonen av halvøya frå Kameda til Hakodate. I 1779 tok Tokugawa-shogunatet direkte kontrollen over byen. Hakodate fekk stor tyding som hamneby frå 1700-talet av, særleg frå 1854, då byen vart opna for handel med utlandet som ein av dei første i Japan. Fleire vestlege land oppretta konsulat her, og frå kapellet i det russiske konsulatet skal Nikolai av Japan ha introdusert ortodoks kristendom til landet. Like ved blei det også bygd andre misjonærkyrkjer.

Goryōkaku-borga i dag.

Hakodate var sentral under Boshinkrigen mellom Tokugawa-shogunatet og Meiji-keisaren etter opninga av Japan. Vinteren 1856 flykta opprørsleiaren frå shogunatet, Enomoto Takeaki, til Hakodate med restane av marinestyrkene sine og ein handfull franske rådgjevarar. Dei slo seg ned i borga Goryōkaku og grunnla republikken Ezo den 25. desember. Opprørarane blei nedkjempa under slaget ved Hakodate i 1869.

Etter den russisk-japanske krigen (1904–05) vart Hakodate ei viktig heimehamn for fiskeflåten i det nordlege Stillehavet. I 1922 fekk byen storbystatus.

Under andre verdskrigen blei det oppretta eit tital fangeleirar her for krigsfangar. Hakodate blei ikkje så hardt råka av bombing som mange andre japanske byar, men 14. og 15. juli 1945 blei 400 hus øydelagde og ei ferje med 400 passasjerar søkkt.

I 1976 flaug ein sovjetisk avhopparpilot, Viktor Belenko, til flyplassen i Hakodate.

1. desember 2004 blei byen nesten dobbelt så stor som før då byane Minamikayabe, Esan, Toi og landsbyen Todohokke blei slått saman med han.

Næringsliv og transport[endre | endre wikiteksten]

Hakodate er den viktigaste hamnebyen og fiskerihamna på Hokkaido, og har mykje fiskeforedlingsindustri, skipsbygging i tillegg til ein del petrokjemisk industri.

Hakodate har jernbanesamband med Asahikawa og Aomori og ein flyplass med lokale flyruter og utanriksflygingar til Hong Kong, Taipei og Seoul. Seikantunnelen under Tsugarusundet bind saman Hokkaido med Honshu og gjer at Hakodate har både veg- og togsamband med sørøya.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hakodate

Kjelder[endre | endre wikiteksten]