Hannah Mancini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hannah Mancini
ESC2013 - Slovenia 14 (crop).jpg
Verkeleg namn Hannah Mancini
Alias Hannah
Sjanger House
Yrke Songar

Hannah Mancini (fødd ? i Los Angeles) er ein amerikansk songar.

EMA 2011[endre | endre wikiteksten]

Saman med Sylvain og Mike Vale deltok ho i EMA 2011, den slovenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland, med songen «Ti si tisti». I finalen vart to bidrag røysta vidare til ein superfinale der vinnaren vart røysta fram med telefonrøysting.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer åtte, etter «Ladadidej» av April og før «Pravi čas» av Time to Time. Bidraget gjekk ikkje vidare til superfinalen og fekk heller ikkje representere Slovenia i Eurovision Song Contest 2011.

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

1. februar 2013 annonserte Radiotelevizija Slovenija (RTV SLO) at dei hadde valt Mancini som representant for Slovenia i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige.[1] 14. februar vart den engelskspråklege songen «Straight Into Love» presentert på ei pressekonferanse.[2] Songen har ho skrive saman med Gregor Zemljic, Erik Margan og Matija Rodic. Sidan berre Frankrike, Italia, Spania, Storbritannia, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen må kvart land kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Slovenia vart tildelt ein plass i den fyrste semifinalen 14. mai 2013 i Malmö Arena.

Semifinale 1[endre | endre wikiteksten]

Songen vil starte som ein av dei åtte fyrste.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hannah to represent Slovenia in Malmö (engelsk). Eurovision.tv (1. februar 2013). Vitja 17. mars 2013.
  2. Slovenia: Hannah revealed her song for Malmö (engelsk). Eurovision.tv (14. februar 2013). Vitja 17. mars 2013.

Mal:Slovenske deltakarar i Eurovision Song Contest Mal:Slovenske låtskrivarar i Eurovision Song Contest