Thomas G:son

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thomas G:son
Thomas Gson Studio Eurovision 2013 03 (crop).jpg
Verkeleg namn Thomas Gustafsson
Alias Thomas G:son
Fødd 25. februar 1968
Yrke Komponist og musikar

Thomas Gustafsson, kjend som Thomas G:son, (fødd 25. februar 1968) er ein svensk komponist og musikar.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Eurovision
Eurovision Song Contest
Tevla for Sverige
05 (F) 2001 Låtskrivar
04 (SF)
05 (F)
2006 Låtskrivar
01 (SF 2)
01 (F)
2012 Låtskrivar
Tevla for Noreg
18 (SF) 2007 Låtskrivar
Tevla for Spania
20 (F) 2007 Låtskrivar
10 (F) 2012 Låtskrivar
Tevla for Danmark
04 (SF 2)
05 (F)
2010 Låtskrivar
Tevla for Georgia
10 (SF 2)
15 (F)
2013 Låtskrivar
Junior Eurovision Song Contest
Tevla for Sverige
11 (F) 2010 Låtskrivar

G:son er mest kjend for dei 65 songane han har skrive til dei nasjonale uttakingane til ni ulike land i Eurovision Song Contest: 37 for Sverige, elleve for Spania, seks for Noreg, fire for Finland, fire for Danmark, to for Polen, og éin kvar for Latvia, Romania, Belgia og Malta. Bidraget i den rumenske uttakinga vart diskvalifisert. Sju av bidraga vann ei nasjonal uttaking og fekk vere med vidare i Eurovision Song Contest. Han har òg skrive det svenske bidraget i Junior Eurovision Song Contest 2010 og det georgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2013.

Melodifestival 2001[endre | endre wikiteksten]

Saman med Henrik Sethsson skreiv G:son songen «Lyssna till ditt hjärta» som deltok i Melodifestival 2001, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2001. Songen vart framførd av Friends, som vann finalen med 237 poeng; 105 frå juryen og 132 frå sjåarane. G:son fekk dimed representere Sverige.

Eurovision Song Contest 2001[endre | endre wikiteksten]

Sverige deltok i Eurovision Song Contest 2001 i København i Danmark og enda på femteplass med 100 poeng; ti frå Danmark, åtte frå Israel, Irland, Tyrkia, Storbritannia og Malta, sju frå Island og Estland, seks frå Latvia, fem frå Portugal, Spania og Polen, fire frå Kroatia, tre frå Bosnia-Hercegovina og to frå Noreg, Russland, Litauen og Frankrike. Songen hadde no fått engelsk tekst og tittelen «Listen To Your Heartbeat». På grunn av den høge plasseringa vart Sverige sikra ein plass i tevlinga året etter.

Melodifestivalen 2006[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha vunne Melodifestivalen 2006 som låtskrivar fekk G:son representere Sverige i Eurovision Song Contest 2006 i Aten i Hellas. Songen «Invincible» vart framførd på engelsk av Carola. G:son skreiv songen saman med Carola Häggkvist, Bobby Ljunggren og Henrik Wikström.

Eurovision Song Contest 2006[endre | endre wikiteksten]

I Eurovision Song Contest 2006 i Aten i Hellas deltok Sverige i semifinalen og enda på fjerdeplass med 214 poeng; tolv frå Portugal, Danmark og Malta, ti frå Finland, Island og Noreg, åtte frå Andorra, Irland og Monaco, sju frå Slovenia, Polen, Estland, Spania og Moldova, seks frå Armenia, Bosnia-Hercegovina, Romania, Storbritannia og Israel, fem frå Kviterussland, Albania, Belgia, Litauen og Latvia, fire frå Bulgaria, Ukraina, Nederland, Kroatia, Serbia og Montenegro, Sveits og Tyskland, tre frå Russland, to frå Kypros og eitt frå Makedonia. Landet kvalifiserte seg til finalen der dei enda på femteplass med 170 poeng; ti frå Noreg, Danmark og Albania, åtte frå Andorra og Portugal, sju frå Latvia, Finland, Irland, Slovenia, Estland, Polen og Island, seks frå Spania, Malta, Ukraina og Armenia, fem frå Israel, Romania, Litauen, Belgia, Kviterussland og Monaco, fire frå Storbritannia, tre frå Bosnia-Hercegovina, Frankrike og Kroatia, to frå Sveits, Moldova og Russland og eitt frå Makedonia og Serbia og Montenegro. Sverige sat rekord i å få flest poeng utan nokre tolvarar.

Selecția Națională 2007[endre | endre wikiteksten]

G:son hadde skrive songen «Lovestruck» til Selecția Națională 2007, den rumenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2007 i Helsingfros i Finland. Songen skulle delta i den andre semifinalen, og verte framførd på engelsk av Indiggo. Bidraget vart diskvalifisert av di duoen ikkje møtte opp til prøvane og ikkje hadde sendt ein instrumentalversjon av bidraget til Societatea Românǎ de Televiziune. Duoen møtte heller ikkje opp til filminga av promovideoen til bidraget av di dei hadde nokre konsertar i USA. Songen vart óg skulda for å vere plagiat, men det vart funnen ut at dette ikkje var sant.[1]

Melodi Grand Prix 2007[endre | endre wikiteksten]

G:son skreiv songen «Ven a bailar conmigo» til Melodi Grand Prix 2007, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2007 i Helsingfros i Finland. Songen vart framførd på engelsk og spansk av Guri Schanke. Bidraget deltok fyrst i den andre semifinalen og gjekk direkte vidare til finalen. I finalen var bidraget eitt av fire som gjekk vidare til gullfinalen. Bidraget vann til slutt med 108 541 røystar, og fekk representere Noreg med «Ven a bailar conmigo». G.Son skreiv óg songen «Rocket Ride», saman med Knut-Øyvind Hagen og Andreas Rickstrand. Songen deltok i den tredje semifinalen, der han vart framførd på engelsk av Jannicke Abrahamsen. Bidraget gjekk vidare til sistesjansen, og var eitt av to bidrag som gjekk vidare til finalen. I finalen var bidraget eitt av fire som gjekk vidare til superfinalen, og G:son hadde 50 prosent sjanse for å vinne tevlinga. «Rocket Ride» enda på andreplass med 78 443 røystane, men fekk ikkje representere Noreg.

Misión Eurovisión 2007[endre | endre wikiteksten]

G:son skreiv to songar til Misión Eurovisión 2007, den spanske uttakinga til Eurovision Song Contest 2007 i Helsingfros i Finland. Den fyrste, «I am as I am», vart framførd på engelsk av Arkaitz, men gjekk ikkje vidare til finalen og fekk heller ikkje representere Spania. Den andre, «I Love You», som G:son skreiv saman med Andreas Rickstrand, Tony Sanchez-Ohlsson og Rebeca Pous del Toro, vart framførd på engelsk og spansk av D'NASH. Bidraget gjekk vidare til finalen, vann og fekk representere Spania. I Eurovision Song Contest fekk songen tittelen «I Love You mi vida» og det vart lagd til fleire engelske ord i teksten.

Eurovision Song Contest 2007[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha vunne Melodi Grand Prix 2007 og Misión Eurovisión 2007 som låtskrivar hadde G:son to bidrag med i Eurovision Song Contest 2007 i Helsingfors i Finland, høvesvis «Ven a bailar conmigo», framførd på engelsk og spansk av Guri Schanke, og «I Love You mi vida», framførd på spansk og engelsk av D'NASH. «Ven a bailar conmigo» skreiv han åleine og «I Love You Mi Vida» skreiv han saman med Andreas Rickstrand, Tony Sanchez-Ohlsson og Rebeca Pous del Toro. Sidan berre dei fire store, vertslandet og dei ti landa som fekk flest poeng i 2006 var direktekvalifisert til finalen måtte kvart land kvalifisere seg i semifinalen. Noreg deltok i semifinalen 10. mai 2007, medan Spania som var ein del av dei fire store var direktekvalifisert til finalen 12. mai 2007.

«Ven a bailar conmigo» starta som nummer 19 i semifinalen, etter Makedonia med «Mojot svet» av Karolina og før Malta med «Vertigo» av Olivia Lewis. Noreg enda på 18. plass med 48 poeng; sju frå Island og Danmark, seks frå Sverige, fire frå Estland og Spania, tre frå Nederland, Andorra og Armenia, to frå Montenegro, Polen, Portugal og Malta og eitt frå Moldova, Ungarn og Finland. Bidraget gjekk ikkje vidare til finalen av di det ikkje var mellom dei ti beste.

«I Love You Mi Vida» starta som nummer to i finalen, etter Bosnia-Hercegovina med «Rijeka bez imena» av Maria og før Kviterussland med «Work Your Magic» av Dmitry Koldun. Spania enda på 20. plass med 43 poeng; tolv frå Albania, åtte frå Portugal, seks frå Frankrike, fem frå Sveits, fire frå Montenegro, tre frå Belgia, to frå Israel og Malta og eitt frå Hellas.

Piosenka dla Europy 2008[endre | endre wikiteksten]

I Piosenka dla Europy 2008, den polske uttakinga til Eurovision Song Contest 2008 i Beograd i Serbia, deltok G:son, saman med Andreas Rickstrand, som låtskrivar med songen «Viva la musica». «Viva la musica» vart framførd av Man Meadow. Bidraget enda på tredjeplass i finalen, og fekk ikkje representere Polen.

Piosenka dla Europy 2009[endre | endre wikiteksten]

I Piosenka dla Europy 2009, den polske uttakinga til Eurovision Song Contest 2009 i Moskva i Russland, deltok G:son som låtskrivar med songen «Love Is Gonna Get You». Han skreiv songen saman med Andreas Rickstrand, og bidraget vart framførd på engelsk av Man Meadow. I finalen enda bidraget på sjetteplass med ni poeng, og fekk ikkje representere Polen.[2]

Dansk Melodi Grand Prix 2010[endre | endre wikiteksten]

G:son skreiv songen «In a Moment Like This» saman med Henrik Sethsson og Erik Bernholm.[3] Songen vart framførd på engelsk av Chanée og N'evergreen. Bidraget gjekk fyrst vidare til superfinalen, der det tevla i ein semifinalen og gjekk vidare til finalen og vann. G:son fekk representere Danmark. I 2009 var songen sendt inn til båe den danske og den svenske uttakinga, men vart ikkje teken med.[4] Songen var óg sendt inn til den svenske uttakinga i 2010, men vart vraka av ein jury som valde ut bidraga som fekk delta.[5]

Eurovision Song Contest 2010[endre | endre wikiteksten]

Danmark deltok i den andre semifinalen i Eurovision Song Contest 2010 i Bærum i Noreg og enda på femteplass med 202 poeng; tolv frå Sverige og Romania, ti frå Slovenia, åtte frå Noreg, sju frå Israel, seks frå Aserbajdsjan og Tyrkia, fem frå Litauen, Armenia, Sveits og Ukraina, fire frå Nederland, Irland og Kroatia, tre frå Kypros og Georgia og to frå Bulgaria. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på fjerdeplass med 106 poeng og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på sjuandeplass med 83 poeng. Landet kvalifiserte seg til finalen der dei enda på fjerdeplass med 149 poeng; tolv frå Irland, Island, Romanoa, Polen og Slovenia, ti frå Latvia, åtte frå Noreg, Malta og Sverige, sju frå Slovakia, seks frå Storbritannia, fem frå Armenia og Estland, fire frå Aserbajdsjan, Spania, Portugal og Israel, tre frå Litauen, to frå Belgia, Albania, Finland, Makedonia og Nederland og eitt frå Russland. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på tredjeplass med 174 poeng og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på sjuandeplass med 121 poeng.

Junior Eurovision Song Contest 2010[endre | endre wikiteksten]

Sveriges Television valt ut Josefine Ridell og songen «Allt jag vill ha» til å representere Sverige i Junior Eurovision Song Contest 2010 i Minsk i Kviterussland. G:son skreiv songen saman med Arash, Robert Uhlmann og Johan Bejerholm. Bidraget enda på ellevteplass med 48 poeng; åtte frå Belgia, fire frå Nederland, Latvia og Kviterussland, tre frå Litauen, Ukraina og Makedonia, to frå Serbia, Russland og Armenia og eitt frå Malta. Alle landa fekk óg tolv poeng i starten for å unngå at nokon skulle få null poeng, og desse var gjeve ut av Svante Stockselius.

Dansk Melodi Grand Prix 2011[endre | endre wikiteksten]

G:son hadde to bidrag med i Dansk Melodi Grand Prix 2011, den danske uttakinga til Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland. Dei to bidraga var «Let Your Heart Be Mine», skriven saman med Jeppe Federspiel og Lars Sjelle og framførd på engelsk av Jenny Berggren, og «25 Hours a Day», skriven saman med Erik Bernholm og Henrik Sethsson og framførd på engelsk av Le Freak. «Let Your Heart Be Mine» gjekk ikkje vidare frå finalen til superfinalen, og kva for plass bidraget enda på er ikkje kjend. «25 Hours a Day» gjekk vidare til superfinalen, men enda på andreplass. Ingen av bidraga fekk representere Danmark.

Destino Eurovisión[endre | endre wikiteksten]

Saman med Antonio Sánchez-Ohlsson skreiv G:son songen «Abrázame» til Destino Eurovisión, den spanske uttakinga til Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland. Lucía Pérez, som gjekk vidare frå semifinalerundane der ein framførde tidlegare Eurovision-bidrag, framførde songen på spansk i finalen. I den fyrste delen av finalen enda bidraget på ein delt tolvteplass, men gjekk ikkje vidare. Ifylgje reglane fekk songen med flest poeng av juryen gå vidare i finalen. Både Pérez og ein del av publikum i studio ville ha «Abrázame» vidare, men etter ein diskusjon i juryen vart det stadfesta at dei ville fylgje reglane, og «Que me quiten lo bailao», som óg vart framførd av Pérez, gjekk vidare i staden for, og bidraget fekk ikkje representere Spania.

Melodi Grand Prix 2012[endre | endre wikiteksten]

Saman med Tommy Berre og Ovidou Jacobsen skreiv G:son songen «High On Love» til Melodi Grand Prix 2012, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2012. Songen vart framførd på engelsk av Reidum Sæther. Bidraget enda på tredjeplass i den fyrste semifinalen og gjekk vidare til finalen. Plasseringa i finalen er ukjend, men bidraget fekk ikkje representere Noreg.

Eurovisión: Pastora Soler[endre | endre wikiteksten]

Corporación de Radio y Televisión Española valt ut «Quédate conmigo», som G:son hadde skrive saman med Tony Sánchez-Ohlsson og Erik Bernholm, til å delta i Eurovisión: Pastora Soler, den spanske uttakinga til Eurovision Song Contest 2012 i Baku i Aserbajdsjan. Pastora Soler vart valt ut internt av Corporación de Radio y Televisión Española og framførde «Quédate conmigo» på spansk. Bidraget vann tevlinga med 72 poeng, og G:son fekk representere Spania.[6][7][8][9][10]

Melodifestivalen 2012[endre | endre wikiteksten]

I Melodifestivalen 2012, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2012 i Baku i Aserbajdsjan, deltok G:son som låtskrivar med tre bidrag; «Jag reser mig igen», framførd på svensk av Thorsten Flinck og Revolutionsorkestern, «Euphoria», framførd på engelsk av Loreen, og «Land of Broken Dreams», framførd på engelsk av Dynazty. «Jag reser mig igjen», skriven saman med Ted Ström, deltok i den fyrste semifinalen der han enda på fjerdeplass og gjekk vidare til andresjansen. Bidraget gjekk vidare frå andresjansen til finalen, der han enda på åttendeplass med 43 poeng; 40 frå sjåarane, to frå Bosnia-Hercegovina og eitt frå Noreg. Songen fekk ikkje representere Sverige. «Euphoria», skriven saman med Peter Boström, deltok óg i den fyrste semifinalen, men vann og gjekk direkte til finalen. Bidraget vann finalen med 268 poeng; 154 frå sjåarane, tolv frå Bosnia-Hercegovina, Estland, Kypros, Irland, Noreg og Tyskland, ti frå Frankrike, Malta og Ukraina og seks frå Belgia og Storbritannia. G:son fekk med dette representere Sverige. «Land of Broken Dreams», skriven saman med Thomas Johansson, deltok i den fjerde semifinalen, enda på fjerdeplass og gjekk vidare til sistesjansen. Bidraget gjekk ikkje vidare til finalen, og fekk heller ikkje representere Sverige.

Eurovision Song Contest 2012[endre | endre wikiteksten]

Thomas G:son (t.h.) med mellom anna Loreen (midten) og Peter Boström (t.v.) på scena etter at han vann Eurovision Song Contest 2012 som låtskrivar for Sverige.
Loreen på scena i Baku etter sigeren.

Etter å ha vunne båe den svenske og den spanske uttakinga til Eurovision Song Contest 2012 i Baku i Aserbajdsjan hadde G:son to bidrag med i tevlinga. Sverige deltok i den andre semifinalen og vann med 181 poeng; tolv frå Nederland, Georgia, Estland, Slovakia, Noreg og Tyskland, ti frå Portugal, Bulgaria, Slovenia og Litauen, åtte frå Makedonia, Malta og Storbritannia, sju frå Serbia, Kviterussland, Ukraina og Bosnia-Hercegovina, seks frå Kroatia og Frankrike og fem frå Tyrkia. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget vunne med 180 poeng og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget vunne med 145 poeng. Landet kvalifiserte seg til finalen der dei vann med 372 poeng; tolv frå Storbritannia, Ungarn, Russland, Island, Frankrike, Estland, Noreg, Danmark, Spania, Tyskland, Irland, Latvia, Belgia, Finland, Israel, Austerrike, Nederland og Slovakia, ti frå Litauen, Kypros, Romania, Serbia og Slovenia, åtte frå Bosnia-Hercegovina, Bulgaria og Georgia, sju frå Aserbajdsjan, Moldova, Montenegro, Sveits og Kroatia, seks frå Hellas, Tyrkia, Malta, Makedonia, Ukraina og Kviterussland, fem frå Albania og tre frå San Marino og Portugal. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget vunne med 343 poeng og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget vunne med 296 poeng. Landet fekk sin femte siger i tevlinga og den nest høgaste poengsummen etter Noreg med «Fairytale» av Alexander Rybak i 2009. Sverige klårte å få 18 tolvarar, to meir enn Noreg fekk i 2009, og landet fekk òg poeng frå alle deltakarlanda unnteken Italia. «Euphoria» vann òg Marcel Bezençon Awards i kategoriane Artists Award og Composer Award.

Spania, som var direktekvalifisert til finalen, enda på tiandeplass med 97 poeng; tolv frå Portugal, ti frå Israel, åtte frå Storbritannia og Sveits, seks frå Kypros, Frankrike, Romania, Belgia, Austerrike og Nederland, fem frå Bosnia-Hercegovina, fire frå Estland og Sverige, tre frå Finland og Bulgaria, to frå Island og eitt frå Ungarn og San Marino. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på 18. plass med 45 poeng og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på femteplass med 154 poeng.

Malta Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

Saman med Philip Vella og Gerard James Borg skreiv han songen «Ultraviolet» som deltok i Malta Eurovision Song Contest 2013, den maltesiske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013. Bidraget vart framførd på engelsk av Jessika i semifinalen.[11][12] Songen var éin av 16 som gjekk vidare til finalen, der han enda på åttandeplass med 19 poeng; tolv frå juryen og sju frå sjåarane. G:son fekk ikkje representere Malta.[13]

Dansk Melodi Grand Prix 2013[endre | endre wikiteksten]

G:son og Peter Boström skreiv songen «We Own The Universe» som deltok i Dansk Melodi Grand Prix 2013, den danske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige.[14] Songen vart framførd av Daze. Biraget gjekk ikkje vidare til superfinalen, og fekk heller ikkje representere Danmark.[15] Kva for plass bidraget enda på er ikkje kjend.

Melodifestivalen 2013[endre | endre wikiteksten]

I 2012 sendte G:son inn fem songar til Sveriges Television (SVT) som vart teken med i Melodifestivalen 2013, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige. Dei fem bidraga var «On Top of the World», framførd av Swedish House Wifes, «Alibi», framførd av Eddie Razaz, «In and Out of Love», framførd av Martin Rolinski, «Trivialitet», framførd av Sylvia Vrethammar, og «Tell the World I'm Here», framførd av Ulrik Munther. «On Top Of The World» og «Alibi» skreiv han saman med Peter Boström, «In and Out of Love» skreiv han saman med Andreas Rickstrand, «Trivialitet» skreiv han saman med Calle Kindbom og Mats Tärnfors og «Tell the World I'm Here» skreiv han saman med Peter Boström og Ulrik Munther. «On Top Of The World» enda på sjetteplass i den andre semifinalen. «Alibi» og «In and Out of Love» enda på høvesvis sjette- og tredjeplass i den tredje semifinalen, og sistnemde gjekk vidare til andresjansen der han enda på tredjeplass. «Trivialitet» og «Tell the World I'm Here» deltok i den fjerde semifinalen, der dei enda på høvesvis sjuande- og andreplass. «Tell the World I'm Here» gjekk vidare til finalen og enda til slutt på tredjeplass. Ingen av bidraga fekk representere Sverige.

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

G:son vart valt ut av Sakartvelos sazogadoebrivi mauts'q'ebeli til å skrive det georgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige. Songen «Waterfall» vart framførd av Sopho Gelovani og Nodiko Tatishvili. Georgia deltok i den andre semifinalen og enda på tiandeplass med 63 poeng; tolv frå Armenia, ti frå Aserbajdsjan, sju frå Israel, seks frå Hellas, fire frå Latvia, Makedonia, Malta, Island, Ungarn og Spania, tre poeng frå Bulgaria og eitt poeng frå San Marino. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på 13. plass med ei rangering på 9,89 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på femteplass med ei rangering på 6,05. Desse resultata gjeld berre om berre juryane og berre fjernsynssjåarane i alle deltakarlanda hadde røysta, men resultata er likevel upresist av di det ikkje er offentleggjort kor mange røyster kvart land fekk frå juryen og sjåarane.[16] Landet kvalifiserte seg til finalen der dei enda på 15. plass med 50 poeng; ti frå Armenia og Aserbajdsjan, åtte frå Litauen, sju frå Ukraina, fem frå Russland og Hellas, tre frå Moldova og to frå Montenegro. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget 23. plass med ei rangering på 17,08 og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på 13. plass med ei rangering på 12,10.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.tvr.ro/eurovision/index_en.php. Societatea Românǎ de Televiziune. Vitja 3. juli 2013.
  2. Lidia Kopania for Poland to Moscow! (engelsk). Eurovision.tv (14. februar 2009). Vitja 1. juli 2013.
  3. Denmark 2010 (engelsk). Eurovision.tv. Vitja 24. februar 2013.
  4. Grand Prix-vindersang er genbrug (dansk). Berlingske Tidende (9. februar 2010). Vitja 1. juli 2013.
  5. SVT ratade vinnarlåtar (svensk). Nöjdesbladet (24. februar 2010). Vitja 1. juli 2013.
  6. Spain: Televised song selection show in February (engelsk). ESCToday (21. desember 2011). Vitja 26. februar 2013.
  7. Llano: "Queremos que sea una canción de Pastora, no impuesta a Pastora" (spansk). Eurovision-Spain (23. desember 2011). Vitja 26. februar 2013.
  8. Spain: Pastora prefers to sing a ballad or pop song (engelsk) (23. desember 2011). Vitja 26. februar 2013.
  9. Sole Giménez, Franco de Vita y Óscar Gómez serán los miembros del jurado de la gala 'Eurovisión. Pastora Soler' (spansk). Radiotelevisión Española (29. februar 2012). Vitja 26. februar 2013.
  10. Vota la canción de Pastora Soler para Eurovisión 2012 (engelsk). Radiotelevisión Española (22. februar 2012). Vitja 26. februar 2013.
  11. 69 songs through to next stage in Malta (engelsk). Eurovision.tv (14. november 2012). Vitja 26. februar 2013.
  12. Malta: 24 national semi-finalists announced (engelsk). Eurovision.tv (1. desember 2012). Vitja 26. februar 2013.
  13. Malta: 16 songs progress to the Final (engelsk). Eurovision.tv (2. februar 2013). Vitja 26. februar 2013.
  14. A record 692 songs submitted in Denmark (engelsk). Eurovision.tv (25. september 2012). Vitja 26. februar 2013.
  15. Denmark: Details of DMGP jury announced (engelsk). Eurovision.tv (14. januar 2013). Vitja 26. februar 2013.
  16. Eurovision Team (28. mai 2013). Split results of Eurovision 2013 revealed (engelsk). Vitja 29. juni 2013.


Mal:Georgiske låtskrivarar i Eurovision Song Contest