Hardangerbrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hardangerbrua
Hardangerbrua-P1010437.JPG

Hardangerbrua under bygging i august 2012. Kablane som held brua oppe, er på plass, men køyrebana er ikkje bygd. Brua er fotografert frå nord.

Offisielt namn Hardangerbrua
Transporterer Biltrafikk
Kryssar Eidfjorden, sidearm til Hardangerfjorden
Veg Stamvei 7.svg  Stamvei 13.svg 
Stad Hardanger
Lengste spenn 1310 m
Seglingshøgd 55 m
Bompengar 150–600 NOK
Opna 17. august 2013
Frå byggjearbeidet på Hardangerbrua, juli 2010.
Den ferdige Hardangerbrua i august 2013.

Hardangerbrua er ei hengebru som fører Riksveg 7 og 13 over Eidfjorden i Hardanger. Ho vart opna 17. august 2013 og går mellom Vallavik på vestsida og Bu på austsida. Brua erstatta ferjesambandet Bruravik-Brimnes.

Brua er 1 380 meter lang, og med det den lengste hengebrua i Noreg og den åttande lengste i verda.[1] Mellom anna er hovudspennet lengre enn på Golden Gate Bridge i San Francisco i USA. Brutårna har ei høgd på 202,5 meter, medan seglingshøgda er 55 meter. På nordsida av fjorden går ein ny arm av Vallaviktunnelen fram til brua. Tunnelen har ei munning som er 23 meter høg, kanskje den største tunnelportalen på ein vegtunnel nokonsinne.[2]

Brua var kalkulert å kosta i overkant av 1,8 milliardar 2005-kroner, noko som skulle finansierast gjennom bompengar, fylkeskommunale tilskot, innsparte ferjetilskot og ordinære statlege midlar.

Hardangerbrua vart i 1996 røysta ned av Stortinget, men i løpet av åra fram til den nye avrøystinga endra opposisjonen standpunkt i saka, og bruprosjektet vart vedteke 28. februar 2006 med 79 mot 24 røyster. Arbeidet med prosjektet starta 26. februar 2009, og gjekk utan større avbrot fram til opninga den 17. august 2013. Det var kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete som stod for den offisielle opninga. Fleire hundre menneske deltok på opninga. Mellom dei var også ein delegasjon frå Elektroarbeidernes Fagforeningsom demonstrerte mot at det hadde vore sosial dumping ved bygging av brua.[3] Tilhengjarar av brua har argumentert for at brua vil letta køyring både lokalt i Hardanger og mellom Austlandet og Vestlandet. Aust-vest vil brua føra til utbetring av riksveg 7 over Hardangervidda og nord-sør av riksveg 9 og riksveg 13. Motstandarar av brua har drege fram at auka trafikk over Hardangervidda vil føra til vanskar for villreinstamma der. Ei bru vil føra til endring av fjordlandskapet, og ein ikkje vil kunna gå under brua med høge cruiseskip, slik at mellom anna Eidfjord og Ulvik ikkje kan vitjast av slike skip lenger. Mange turistar kjem til område for å sjå det særmerkte landskapet. Eit anna motargument er at brua ikkje har høgt nok trafikkgrunnlag, og ikkje vil vera så kostnad-nytte-effektiv som ein del andre moglege vegtiltak.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Rullar over fjorden». Bergens Tidende. http://www.bt.no/nyheter/okonomi/Rullar-over-fjorden-2786404.html. Henta 25. oktober 2012. 
  2. Våre Veger, nr 6 2012, s.20.
  3. ba.no Broen er åpnet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hardangerbrua