Liv Signe Navarsete

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Liv Signe Navarsete

Liv Signe Navarsete (fødd 23. oktober 1958 i Sogndal) er Senterpartipolitikar. Ho er leiar i Senterpartiet og kommunal- og regionalminister i regjeringa Stoltenberg II. Frå 2005 til 2009 var ho samferdsleminister.

Navarsete har vore gruppeleiar for Senterpartiet i fylkestinget i Sogn og Fjordane, vararepresentant til Stortinget 2001–2005, og var med i distriktskommisjonen. Ho har hatt styreverv i mellom anna Gjensidige Nor Forsikring, i Vestlandsforsking og har vore sjølvstendig næringsdrivande.

Ved stortingsvalet 2005 vart Navarsete vald inn på Stortinget som fast representant frå Sogn og Fjordane. 17. oktober 2005 vart ho utnemnd til samferdsleminister i den raudgrøne regjeringa. Ved valet i 2009 vart ho attvald til Stortinget. Ved omrokkeringa i regjeringa etter valet vart ho utmend til kommunal- og regionalminister.

Etter at Åslaug Haga trekte seg som partileiar i 2008 (og Lars Peder Brekk hadde fungert mellombels i vervet i nokre månader), vart Navarsete vald til leiar for Senterpartiet 12. september 2008.

Navarsete er opphavleg frå Sogndal og vart som tobarnsmor i 1992 enkje då ektemannen brått døydde grunna hjarteinfarkt. Ho har no vaksne ungar.[1] Frå år 2000 har ho budd i Lærdal, der ho vart sambuar med Lars Petter Nesse, som no er varaordførar i Lærdal. På skotårsdagen 29. februar 2008 fridde ho til han, og 17. mai 2008 gifta dei seg i den norske sjømannskyrkja i London.

Ho har vorte tildelt Storegutprisen for god og levande nynorsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]