Harry Potter og De vises stein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Harry Potter og de vises stein (originaltittel: Harry Potter and the Philosopher's Stone) er tittelen på den første boka i trolldomsserien om Harry Potter, skriven av J.K. Rowling, som kom ut i 1997. Den norske versjonen kom ut i 1999, omsett av Torstein Bugge Høverstad. Tittelen er òg brukt om filmatiseringa og videospelet basert på boka.

Innhaldsliste

Handling [endre]

Vista-error.png Åtvaring: Detaljar om innhaldet i boka eller filmen blir avslørt i dette avsnittet.

Den sommaren Harry Potter fyller elleve år, får han vite at han ikkje er nokon vanleg gut. Han er ein trollmann, og difor skal han begynne på Galtvort høyere skole for hekseri og trolldom, der han skal gå i sju år saman med andre trollmenn og hekser. Harry har vakse opp hos tanta og onkelen sin, Herr og Fru Dumling. Dei har heile tida gjort alt dei kunne for å skjule for Harry at foreldra hans òg var «magiske», og at dei blei drepne av Fyrst Voldemort, eit åtak som den då eitt år gamle Harry på mystisk vis overlevde. Tvert imot var det Voldemort som blei slått tilbake og forsvann.

Harry blir henta frå familien Dumling av Gygrid, som jobbar på Galtvort, og han fortel Harry om bakgrunnen hans. Naturlegvis blir det eit sjokk for Harry å få vite at han er magisk, men samtidig er det nok minst like uvant at han i trollmannsverda er ein helt, kjent under namnet Guten som overlevde. Harry har nemleg hatt ein veldig lite hyggjeleg oppvekst hos familien Dursley, blant anna har han budd i eit kott under trappa.

Allereie på ferda til Galtvort, med toget Galtvortekspressen frå London, stiftar Harry kjennskap med mange av medelevane sine. Han blir raskt ven med Ronny Wiltersen som kjem frå ein trollmannsfamilie. På skulen blir han etter ein tid òg venn med Hermine Grang, som er den flinkaste jenta på trinnet og som kjem frå ein såkalla gompefamilie, altså ein familie som ikkje er hekser eller trollmenn. Alle tre høyrer til huset Griffing på skulen. I tillegg skaffar Harry seg ein ekte erkefiende, Draco Malfang, som høyrer til huset Smygard. Rektoren på skulen er ein karismatisk, eldre herre ved namn Albus Humlesnurr, som også blir rekna for å vere den største nolevande trollmannen i verda.

Snart har Harry funne seg til rette i det nye livet sitt, og det er då dei verkelege eventyra kan byrje. Harry og vennene hans får raskt greie på at ein strengt vakta gjenstand er plassert på skulen, og dei mistenkjer eliksirlæraren, Severus Slur, for å vere ute etter han. Gjenstanden viser seg å vere Dei vises stein. Til slutt i boka må Harry, Ronny og Hermine ta seg gjennom alle hindringane som er sett opp for å verne Steinen mot skurkar, og Harry avslører kven som er skurken, det er nemleg Voldemort som har kome tilbake i redusert utgåve (han sit fast i bakhovudet til ein lærer, som ikkje er Slur, men professor Krengle. Harry må redde både Steinen og seg sjølv.

Boka sluttar omtrent samtidig med skoleåret slutt, og Harry tar toget tilbake til familien Dumling.

Handlinga er lagt til skoleåret 1991/1992.

Prisar [endre]

Boka har mellom anna fått desse prisane; (Merk: engelske tittelar.)

  • Nestlé Smarties Book Prize 1997 Gold Medal 9-11 years
  • FCBG Children’s Book Award 1997 Overall winner and Longer Novel Category
  • Birmingham Cable Children’s Book Award 1997
  • Young Telegraph Paperback of the Year 1998
  • British Book Awards 1997 Children’s Book of the Year
  • Sheffield Children’s Book Award 1998
  • Booklist Editors Choice 1998
  • Whitaker’s Platinum Book Award 2001
  • New York Public Library 100 Titles for Reading and Sharing
  • Publishers Weekly Best Book of 1998

Bakgrunnsstoff [endre]

Kjelder [endre]

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.