Jane Austen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jane Austen teikna og måla av systera Cassandra, ca. 1810.

Jane Austen (16. desember 177518. juli 1817) var ein britisk forfattar. Bøkene hennar var nyskapande innan romansjangeren, og er blitt klassikarar innan engelsk litteratur som stadig blir lesne og filma. Austen fortel tilsynelatande lette romantiske historier om heltinner som søker og får ektemenn. Stilen er humoristisk og lettlesen, med truverdige, runde hovudpersonar gjenkjennelege karikaturar som bipersonar. Austen er blitt elska for dei vakre skildringane av den øvre middelklassen i sine høflege samkomer og idylliske engelske landskap, men er også blitt kritisert for ikkje å ha lagt noko vekt på arbeidarar eller slavar som la grunnen for dette lettvinte livet. Annan litteraturkritikk har derimot hevda at Austen sine bøker i grunnen er ein kritikk av heile samfunnssystemet, og er særs treffande nett fordi han berre tek opp emne ho hadde god kjennskap til.

Ozias Humphry sitt måleri av ei ung kvinne som kan vera den unge Jane Austen.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja i Steventon, der Austen voks opp.

Jane Austen var det sjuande av dei åtte barna til George, ein prest i Steventon i Hampshire, og Cassandra Austen, som var fødd Leigh og hadde familiebakgrunn frå den engelske landadelen. Austen voks opp saman med fem brør og ei syster, Cassandra, som ho var nært knytt til livet ut. Borna blei stort sett underviste heime, bortsett frå to år (1783 og 1785-6) då Jane og Cassandra var på kostskular i Oxford, Southampton og Reading. To av brørne hennar studerte ved Oxford, der eldstebroren James blei prest og Henry bankier, medan Frank og Charles gjekk inn i marinen i Portsmouth.

Jane Austen skreiv vers og historier for familien frå tenåra, mellom anna spirene til seinare romanar. Familien hadde ein open, intellektuell atmosfære og framførte mellom anna fleire skodespel, mest komediar, saman med nære vennar. Verken ho eller systera gifta seg, men budde med foreldra sine til desse døydde, og hjelpte til med å halda hus og tenarar i orden, sydde, spelte piano, dansa, gjekk på sjukebesøk og deltok i sosiale samlingar av familie, vennar og naboar.

I 1801 trekte George Austen seg tilbake og familien flytta til den fasjonable kurbadbyen Bath. Her trefte Jane den irske Tom Lefroy, og dei to fann tonen, men familien hans sette ein stoppar for noko vidare samband fordi ingen av dei to hadde pengar. Seinare, då ho vitja Steventon i 1802, fridde den rike, men både personleg og fysisk lite tiltrekkande Reginald Bigg-Wither til Jane, som svare ja, men braut trulovinga dagen etter.

21. januar 1804 døydde George Austen, og enkja og døtrene sat att med ein svært liten sum å leva på. Dei budde ei tid til i Bath og deretter i nokre år hjå Frank Austen, som då var blitt kaptein, i Southampton. I 1809 kunne Edward, ein eldre son av fru Austen som var blitt adoptert av ein landeigar, tilby dei eit hus på landeigedommen sin Chawton i Hampshire. Her blei Jane Austen buande livet ut, bortsett frå dei siste månadane, mai og juni 1817, då ho på grunn av sjukdom flytta nær ein lækjar i Winchester. Jane Austen døydde 41 år gammal, truleg av Addisons sjukdom forårsaka av tuberkulose, eller lymfekreft.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Tittelbladet til førsteutgåva av Sense and Sensibility, skriven «By a Lady».

Jane Austen skreiv det meste av sitt vaksne liv, men gav først ut eit verk i 1811. Ho skreiv først morosame småskrifter, som ein komisk gjennomgang av engelsk historie, og brevromanar. Etterkvart tok ho til å omarbeida verka sine til meir heilheitlege og seriøse romanar. Austen skreiv på ei tid då romanar hadde låg status og hovudsakleg var sett på som tidtrøyte for kvinner. Ho gjer sjølv narr av dei melodramatiske «gotiske» romanane i den tidlege Northanger Abbey. Austen er i ettertid blitt prisa for å ha perfeksjonert romansjangeren der ho skildrar røyndomsnære personar som går gjennom ei utvikling i fortetta, presise verk.

Stilen til Jane Austen er vittig og elegant, og kan lett lesast også i våre dagar, til forskjell frå det ofte tunge språket i mange andre verk frå same tid. Etter dei første ungdomsforsøka, der ho fortalde historia ved hjelp av brev mellom ulike personar, utvikla ho ein eigen satirisk forteljarstemme og «fri indirekte tale», det vil seia at ein får attergjeve nokre av orda eller tankane til personen det gjeld utan at teksten står i hermeteikn.

Alle romanane hennar skildrar same (engelske borgarlege/lågaristokratiske) miljø og kretsar rundt temaa kjærleik, ekteskap og familie. Bøkene tek ofte opp oppbrot, nye folk som kjem inn i eit lite miljø, og har særleg den usikre livssituasjonen til kvinner som tema. Hovudpersonane hennar, alle kvinner, er som regel i den livsfasen der dei vel partnar og det framtidige livsløpet sitt. Forteljingane er gjerne bygde opp etter Askepott-lesten, der ei ung kvinne av nokså god familie, men med lite pengar, går gjennom prøvingar før ho oppnår lukke gjennom giftarmål med den rette partnaren sin. Medan hovudpersonane er avrunda personar som ofte utviklar seg i løpet av soga, er bipersonane ofte meir eindimensjonale, komiske karikaturar. For Austen sjølv var det viktig å få fram moralske val og konsekvensane deira, særleg der det gjaldt å ta vare på integriteten sin ved val av ektemake. Sense, eller fornuft(sekteskap) blei sett opp mot Sensibility, det vil seie kjensler eller ekteskap som bygde på gjensidig respekt og kjærleik. Romanane hennar kritiserte, typisk ved bruk av ironi, den merkantile ekteskapsmarknaden som gjorde slike val svært vanskelege for kvinner.

Austen er kjend for å aldri gå langt utanfor si eiga erfaring i det ho skreiv om, både når det gjeld geografisk og sosial plassering av handlingar, og i scenar, der ho aldri skildra noko ho ikkje sjølv hadde opplevd, til dømes menn eller tenarar på tomannshand utan ei høgareståande kvinne til stades.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Faren til Austen hadde prøvd å gje ut First Impressions i 1797, men manuskriptet blei send tilbake utan at forleggaren hadde lese det. I 1803 fekk Austen seld det første verket sitt, Susan, til ein forleggar, men dette blei ikkje gjeve ut (først etter at Austen døydde kom romanen ut som Northanger Abbey). Då Austen var 36 fekk ho endeleg gjeve ut Sense and Sensibility, som blei ein mykje omtykt suksess.

Kort om kvart verk[endre | endre wikiteksten]

Ungdomsarbeid[endre | endre wikiteksten]

Love and Freindship (skriven 1790, då Austen var 14) er ein brevroman som parodierer romantiske romanar. Lady Susan frå 1705 er også ein brevroman som fortel om den sjølvopptekne, manipulerande Lady Susan. The Beautifull Cassandra er ein kort roman som også parodierer den melodramatiske og sentimentale stilen frå samtida til Austen. Ingen av desse verka blei utgjevne medan Austen levde.

Sense and Sensibility[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon til Sense and Sensibility av Hugh Thomson (1860-1920).

(byrja før 1796, utgjeven 1811)

Elinor og Marianne er døtrer til Mr. Dashwood si andre kone, og står på bar bakke då faren døyr og familiegodset går til halvbroren deira. Dei får tilhald i eit mindre hus eigd av ein slektning, og søker lukka gjennom kjærleik, på ei tid då mange rundt dei går inn i fornuftsekteskap.

Sense and Sensibility blei til som ei oppdikta brevveksling kalla Elinor and Marianne, skriven før 1796. Ho blei omarbeidd i 1797-1798 til Sense and Sensibility og endeleg utgjeven i 1811.

Romanen er blitt filmatisert av Ang Lee i 1995, med Emma Thompson (som og skreiv manus), Kate Winslet, Hugh Grant og Alan Rickman i hovudrollene, og som fjernsynsserie av BBC i 1981 og 2008.

Pride and Prejudice[endre | endre wikiteksten]

(byrja 1796, utgjeven 1813)

Dei fem ugifte døtrene i familien Bennett gjer at familien blir svært ivrig då ein rik, likandes mann som flytter inn i nabolaget. Vennen hans har dei derimot lite til overs for, for sjølv om han er rik, verker han vera arrogant og manipulerande. Også her må ein vega ei god stilling og rikdom opp mot kjærleik som grunnlag for ekteskap.

Pride and Prejudice blei filmatisert i 1940 med Greer Garson og Laurence Olivier i hovudrollane, i 2005 med Keira Knightley (som blei Oscar-nominert) og Matthew Macfadyen, og som den noko endra Bollywood-filmen Bride and Prejudice med Aishwarya Rai og Martin Henderson i 2004. BBC har laga fjernsynsserie av romanen to gonger, i 1980 med og i 1995, der Colin Firth hadde rolla som vennen Mr Darcy. Romanen har også inspirert fleire bøker, mellom anna Bridget Jones-bøkene, som er blitt filmatiserte med Colin Firth i «Darcy»-rolla.

The Watsons[endre | endre wikiteksten]

(byrja 1804, ufullendt, utgjeven posthumt)

The Watsons handlar om fire ugifte prestedøtrer med ein ufør far som strever med å bli godt gifte. Austen byrja verket i 1804, men gav det opp då faren døydde. Ho skreiv berre to kapittel av The Watsons før ho braut av, truleg fordi livssituasjonen til kvinnene ho skildra blei for lik hennar eigen.

Northanger Abbey[endre | endre wikiteksten]

Hovudpersonen i Northanger Abbey er oppslukt i romanar. Illustrasjon frå 1833.

(byrja 1798, utgjeven 1817)

Northanger Abbey handlar om Catherine Morland, ei ung og romantisk jente, som blir teken med frå presteheimen sin på landet til Bath for å oppleva sosietetslivet der. Ho blir så beden til godset Northanger Abbey, som set fantasien og kjenslene hennar i sving. Verket blei først kalla Susan og blei skriven i 1798-99 og seld til ein forleggar i 1803, som blei sitjande på rettane til boka utan å gje henne ut.

BBC laga ein filmversjon av Northanger Abbey i 1986, medan ITV laga ein ny i 2007.

Mansfield Park[endre | endre wikiteksten]

(byrja 1812, utgjeven 1814) Mansfield Park handlar om ei fattig kusine som blir oppdregen i den herskapelege heimen til onkelen og tanta si, som blir frista og råda til å ta imot eit ekteskapstilbod frå den rike rundbrennaren Henry Crawford, samstundes som ho er hemmeleg forelska i fetteren sin Edmund.

Mansfield Park er blitt filmatisert av Patricia Rozema med Frances O'Connor i hovudrolla. Rozema la til fleire nye element, som eit sterkare fokus på slaveri og fleire av Jane Austen sine ungdomsskriveri. BBC laga serie av romanen i 1983, og ITV i 2007.

Emma[endre | endre wikiteksten]

(skriven 1815, utgjeven 1816) Emma Woodhouse er ei ung kvinne som bur åleine med far sin som ein av dei betre familiane i området. Ho ser på seg sjølv som ein menneskekjennar, men finn ut at ho treng å læra meir gjennom fleire mistak der ho nær øydelegg gode ekteskapssjansar i staden for å utvikla dei.

Første filmatiseringa av Emma var den moderniserte Clueless frå 1995, med Alicia Silverstone i Emma-rolla. I 1996 blei det også laga ein perioderett film med Gwyneth Paltrow som Emma. Same året laga BBC ein fjernsynsserie med Kate Beckinsale i hovudrolla. BBC hadde tidlegare laga ein Emma-serie i 1972.

Persuasion[endre | endre wikiteksten]

(byrja 1816, utgjeven posthumt i 1817)

Anne Elliott er den dugande dottera til ein udugeleg adelsmann som 27 år gammal og framleis ugift er rekna som ei gammal jomfru som berre er til for å ta seg av familien. 8 år tidlegare braut ho av forlovinga si til ein ung marineoffiser fordi ho let seg overtyda til at stillinga hans ikkje var god nok. Anne har angra all tid seinare. Då offiseren kjem tilbake etter å ha vunne heider og middel i krigen reknar begge den andre som tapt, men får til slutt overtydd kvarandre om at dei alltid har elska kvarandre. Romanen blei først kalla The Elliots, med første utkast ferdig i 1816, og gjeve ut posthumt i 1817.

BBC laga to kortseriar av Persuasion, i 1960 og 1971, og ein fjernsynsfilm i 1995. ITV laga ein versjon i 2007.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Jane Austen er fortsatt kjend i den engelsktalande verda. Her er ein London-buss pynta med reklame for Pride and Prejudice-filmen frå 2005.
Foto: Arne Koehler

Jane Austen blei godt omtalt, men lite kjend i samtida si og tiåra som følgde. Den heimlege, forseggjorte stilen hennar nådde ikkje heilt opp til den romantiske og viktorianske smaken for kjenslesterk, fargesterk dikting. Sir Walter Scott og Richard Whately var blant dei fä som skreiv rosande omtalar av bøkene hennar då dei kom ut, medan George Henry Lewes seinare samanlikna henne med Shakespeare. Dette betyr ikkje at bøkene hennar ikkje blei lesne – dei har vore tilgjengelege utan avbrot frå 1830-åra til våre dagar – men at dei hadde ein liten lesarkrets samanlikna med til dømes Scott eller Dickens.

Den allmenne interessa tok seg opp etter at J. E. Austen-Leigh gav ut A Memoir of Jane Austen i 1870. Bøkene blei atterutgjevne i billigutgåver såvel som i flotte, illustrerte eksemplar. Det utvikla seg ein tilhengjarskare som dyrka den raffinerte, «typisk engelske» Austen i noko kritikaren Leslie Stephen kalla «Austenolatry». Samstundes skilde ein litterær elite seg frå massane, som dei meinte ikkje forstod verka hennar, mellom desse forfattaren Henry James. Denne eliten kalla seg gjerne «Janeites».

I dag er omgrepet «Janeites» derimot brukt om tilhengjarar som reindyrkar Austen-atmosfæren med kostyme, selskap, musikk og spel frå regency-tida, då Austen levde, og framføringar av verka hennar. Desse skil seg frå akademiske studie av forfattaren, som tolkar verka hennar i lys av teoriar som feminisme og postkolonialisme.

Jane Austen sett bakfrå. Akvarell av Cassandra Austen frå 1804.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jane Austen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Michael Alexander: A History of English Literature (Palgrave, 2000)
  • Robert P. Irvine: Jane Austen (Routledge, 2005)
  • Robert Miles: Jane Austen (Northcote House, 2002)