Haugjegla fyrstasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Haugjegla fyrstasjon
Haugjeglafyr.jpg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Smøla
Funksjon Leifyr
Oppretta 1922
Koordinatar 63°31.8811′N 7°58.0999′EKoordinatar: 63°31.8811′N 7°58.0999′E
Fyrtårn
Høgd 20,8 m
Form Raudt tårn med eitt kvitt belte
Byggjemateriale Støypejern
Fyrlys
Lyskarakter To okkulterande glimt kvart 8. sekund
Lyshøgd 26,5 moh
Lysvidde 15,3 nm
Status
Eigar Staten
Automatisert 1988
Avfolka 1988
Vernestatus Freda etter lov om kulturminne

Haugjegla fyrstasjon er eit fyr som ligg på ei låg og flat øy ute i havet nord for Smøla og Veiholmen på Nordmøre. Fyret er det nordlegaste byggverket i Møre og Romsdal.

Haugjegla fyrstasjon is located in Sør-Trøndelag
Plasseringa til Haugjegla fyrstasjon

Fyrtårnet i støypejern er 14 meter høgt og er plassert på ein 7 meter høg betongsokkel. Fyret er bygd i 1922 og det opphavlege franske linseapparetet er framleis i bruk. Fyret vart automatisert og avbemanna i 1988. Lysvidda til fyret er 15,3 nautiske mil.

Haugjegla er eit leifyr og skal saman med Sletringen fyrstasjon lose fartøy trygt inn Ramsøyfjorden mot Trondheim, eller saman med Skalmen og Grip fyrstasjon lose vidare vestover mot Kristiansund og Hustadvika.

Kystverket pussa opp fyret utvendig sommaren og hausten 2006. Haugjegla fyr kan leigast for overnatting.

Haugjegla fyr er freda etter lov om kulturminne.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]