Henny Moan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henny Moan

Fødd22. februar 1936 (88 år)
FødestadTalvik
FødenamnHenny Elisabeth Moan
Verka somskodespelar, politikar
EktefelleAndré Bjerke
SambuarOle Paus
BornVilde Bjerke
PrisarAmandakomiteens ærespris

Henny Elisabeth Moan (fødd 22. februar 1936 i Talvik i Alta) er ein norsk skodespelar. Frå 1950-åra var ho ein av dei fremste kvinnelege skodespelarane i norsk film og teater, og hadde sentrale kvinneroller på Nationaltheatret, Fjernsynsteatret og Oslo Nye Teater. Ho er særleg kjend for dei mange tolkingane sine av kvinneroller av Henrik Ibsen for Fjernsynsteatret i 1960- og 1970-åra.[1]

Moan var gift med André Bjerke frå 1959 til 1972 og var deretter sambuar med Ole Paus i 1970-åra. Ho er mor til Vilde Bjerke og Sole Paus.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Moan vaks opp i Narvik og Gratangen. Som 17-åring vart ho teken opp i det første kullet ved Statens Teaterskole i 1953. Ho debuterte i Federico García Lorca sitt Yerma frå 1934 ved Det Norske Teatret i 1955. Same året medverka ho i Arne Skouen sin Barn av solen som var hennar debutfilm. Samarbeidet med Skouen fortsatte med filmen Ni liv, ein film som vart Oscar-nominert i klassen for beste utanlandske film.[2] Deretter følgde ein av klassikarane innnan norsk film, De dødes tjern.

Moan har vore tilsett ved Det Nye Teater, Fjernsynsteatret, Nationaltheatret, Oslo Nye Teater og Det Norske Teatret sidan 1978. Ho tolka fleire store kvinneroller som Jeanne d’Arc, Kameliadamen, Frøken Julie og dei fleste av dei store kvinnerollene til Ibsen. Den siste rolla hennar var i Ad Astra i januar 2007–mai 2008.[3] I 1988 var ho medgrunnleggjar av Hamsun-Selskapet.

Ved De dødes tjern traff ho diktaren André Bjerke, som ho var gift med 1959–1972 og fekk dottera Vilde Bjerke med.[4][5][6] Ho var sambuar med Ole Paus frå 1973 til 1976. Dei har sonen Sole Christian Paus.[7] Ole Paus har sagt:

« Henny åpnet en verden som jeg overhodet ikke hadde vært i nærheten av. Hun tok meg inn i teaterverdenen, inn i litteraturverdenen, inn i musikkverdenen, og alle hennes venner ble mine venner. En vanvittig generøsitet. Hvis det er noen jeg kan takke for at livet ble som det ble, er det Henny Moan. »

Fetteren til André Bjerke, Jens Bjørneboe, budde i periodar heime hos Moan og Paus i Bjerkelundsveien i Bærum. Den andre kona til Bjørneboe, Tone Bjørneboe, hadde dessutan tidlegare vore kjærast med den fyrste ektemannen til Moan, André Bjerke.[10]

Moan representerte Arbeidarpartiet i Bærum kommunestyre 1972–1975.[1]

I 2020 vart Moan utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden «for sin fremragende innsats for norsk kunst- og kulturliv».[11]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Svein Erik Brodal. «Henny Moan». Norsk Biografisk Leksikon. Henta 24. mars 2020. 
  2. 85 års omtale i Aftenposten 22. februar 2021
  3. Ann Christiansen (19. mai 2008). «En stjerne tar farvel». Aftenposten. Henta 24. mars 2020. 
  4. «Henny Moan tilbake ved "De dødes tjern"» i Aftenposten (13. oktober 2007)
  5. Ingvill Dybfest Dahl (30. januar 2018). «Livet med André Bjerke: – Enten var det drama, eller så var det solskinn». VG. Henta 24. mars 2020. 
  6. Robert Hansen (30. januar 2018). ««De dødes tjern» kan endelig være funnet». NRK Vestfold og Telemark. Henta 24. mars 2020. 
  7. Silje Kathrine Sviggum (30. april 2007). «Teaterdronningen». KK. Henta 24. mars 2020. 
  8. Alf van der Hagen (23. september 2016). «– Jeg tror vår Herre synes jeg har vært en slitsom fyr å ha gående». Dagens Perspektiv. Henta 24. mars 2020. 
  9. Svend Erik Løken Larsen. «Henny Moan». Store Norske Leksikon. Henta 24. mars 2020. 
  10. Tore Rem (2010). Født til frihet. Cappelen Damm. ISBN 9788202310059. 
  11. «Utnevnelse til St. Olavs Orden». www.kongehuset.no (på norsk). Henta 27. august 2020. 
  12. «Skuespiller Henny Moan hedres av kongen». Arkivert frå originalen 22. september 2020. Henta 25. august 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Henny Moan