Arne Skouen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arne Skouen
Foto: Ukjent/Oslo Museum

Arne Skouen (18. oktober 191324. mai 2003) var ein norsk journalist, filmskapar og forfattar frå Oslo.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Unge år[endre | endre wikiteksten]

Arne Skouen voks opp i Oslo, der han tok artium ved Hegdehaugen skole i 1933. Allereie før artium hadde han debutert som romanforfattar med Gymnasiast (1932). Dette vart den fyrste av ei lang rekkje romanar frå Skouen. Etter eitt år på sjøen vart han tilsett som journalist i Dagbladet allereie i 1935, opphavleg som rettsreferent, deretter sportsredaktør. Her dekte han m.a. sommar-OL og vinter-OL 1936 i Tyskland som yngste registrerte medarbeidar. Allereie i 1939 debuterte han som dramatikar med skodespelet Ansikt mot ansikt.

Krigsutbrotet gjorde at Skouen måtte forlata jobben i Dagbladet. Frå 1941-43 jobba han som forlagskonsulent hjå Aschehoug i tillegg til å vera involvert i motstandsarbeid. Åra 1943-45 jobba Skouen innan presse og media både i Stockholm, London (for NRK) og New York. I New York studerte han også journalistikk, og han dreiv med informasjon for den norske regjeringa saman med Sigrid Undset.

Arne Skouen vendte heim att til Noreg i 1946, og gifte seg same året med Kari Øksnevad, dotter til radiomannen Toralv Øksnevad. Skouen jobba fyrst i Dagbladet, der han føreslo for redaktøren Einar Skavlan å byta til tabloidformat slik New York Post hadde gjort. Skavlan avslo dette, og Skouen skifte deretter arbeidsplass til Verdens Gang, der han var tilsett frå 1947-1957 som sports- og kulturjournalist. Frå tida i VG vart Skouen den som fyrst lanserte idéen om å nytta terningkast i film- og bokmeldingar i norsk presse.

Filmskapar[endre | endre wikiteksten]

I 1948 gav Skouen ut romanen Gategutter, som i 1949 blei til hans debut som filmregissør. Filmen Gategutter handla om kriminelle gategutar i Oslo på 1920-talet, og var dels sjølvopplevd av Skouen. Karakterane brukar utprega vikamål frå austkanten av Oslo. I rollene var mellom anna Svein Byhring, Pål Bang-Hansen, Tom Tellefsen og Ella Hval. Filmen vart ein stor suksess som Skouen fekk Filmkritikarprisen for i 1950 saman med Ulf Greber. Skouen og Greber var dei fyrste som tok imot denne prisen.

I løpet av 1950- og 1960-talet regisserte Skouen heile seksten filmar (i tillegg til Gategutter), mellom anna den Oscarnominerte krigsfilmen Ni liv (1957) med Jack Fjeldstad i hovudrolla. Skouen hadde ei dotter med autisme, og dette forma også tematikken i filmane hans. Trilogien Om Tilla (1963), Vaktpostene (1965) og Reisen til havet (1966) handlar alle om born med psykiske vanskar. Han regisserte også komediar, til dømes Bussen (1961), og fleire av filmane hans var filmatiseringar av hans eigne bøker. Den siste filmen han laga var filmen om An-Magritt, basert på romanfiguren til Johan Falkberget.

Eldre år[endre | endre wikiteksten]

Arne Skouen var aktiv i VG også etter at han slutta, m.a. i 1963, då avisa gjekk over til tabloidformat. På slutten av 1960-talet skreiv han for Dagbladet att, sjølv om han ikkje vart fast tilsett som kulturjournalist før 1971. Her han vart kjend for å skriva mange samfunnsengasjerte artiklar under spalta «Ytring». Sjangerforma hadde han i stor grad lært av Samuel Grafton i New York Post. Særleg var Skouen engasjert i saka for funksjonshemma born, og han kritiserte ofte spesialskulane som han meinte var øydeleggjande for borna. I alt skreiv Skouen over 2.400 artiklar i «Ytring».

Frå 1967 til 1972 var Skouen styreleiar for Norske Dramatikeres Forbund. På 1970-talet hadde Skouen gitt seg som filmskapar, men var aktiv både som forfattar og journalist. Frå midten av 1970-åra var han særleg engasjert i «Gro-saka». Dagbladet avslørte her i ein serie reportasjar ekstreme tvangstiltak mot psykisk utviklingshemma. Skouen skreiv også om dette i suksess-skodespelet Ballerina (1976). På 1980- og 1990-talet fekk han ei rekkje prisar, mellom anna Amandas Ærespris (1986), Norsk kulturråds ærespris (1988) og Fritt Ords Pris (1996).

Arne Skouen var også ein engasjert sportsjournalist. Under Vinter-OL 1994 var han eldste registrerte medarbeidar som journalist. Han var aktiv som forfattar heilt til det siste, og gav i 1996 ut sjølvbiografien En journalists erindringer. Den siste boka hans kom ut i 2002.

Arne Skouen døydde i Bærum i 2003, 89 år gamal. Ei av døtrene hans er komponisten Synne Skouen.

Bibliografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Gymnasiast, roman, 1932
  • Jeg er sjømann og sytten år, roman, 1935
  • Nå skulde Ruth sett mig!, roman, 1937
  • Ansikt mot ansikt, skodespel, 1939
  • Barn av solen, skodespel, 1941
  • Gullstolen, skodespel, 1942
  • 66 Skinnbrev fra Oslo, Stockholm og København 1943
  • Fest i Port des Galets, roman, 1947
  • Gategutter, roman, 1948
  • Pappa tar gull, roman, 1962 (skodespel 1963)
  • Pappas dans, roman, 1964
  • Pappa blir voksen, roman, 1966
  • Rettferd for de handicappede, sakprosa, 1966
  • Alle elsket enken, kriminalroman, 1970
  • Farlig weekend, kriminalroman, 1971
  • Ytringer, artikkelsamling, 1973, 1976 og 1980
  • Ballerina, skodespel, 1976
  • Sigrid Undset skriver hjem, biografi, 1982
  • Bess, skodespel, 1982
  • En journalists erindringer, sjølvbiografi, 1996

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]