Hettemåse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hettemåse

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga[1]

Hettemåse i vinterdrakt, utan svart hette.
Hettemåse i vinterdrakt, utan svart hette.

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Laridae
Slekt: Chroicocephalus
Art: C. ridibundus
Vitskapleg namn
Chroicocephalus ridibundus
Hettemåse, hettemåke
Namn på andre språk
Nordsamisk Gahperbáiski
Svensk Skrattmås
Dansk Hættemåge
Engelsk Black-headed Gull
Tysk Lachmöwe
Fransk Mouette rieuse
Spansk Gaviota reidora
Russisk Oziornaja tsjajka (Озёрная чайка)

Hettemåse, Chroicocephalus ridibundus, (tidlegare Larus ridibundus) er i frå måsefamilien. Hettemåsen vert ogso kalla for lattermåse.

Hettemåse med svart hette i Devon i England.
Foto: Adrian Pingstone

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Dei vaksne fuglane har grå overside, medan resten av kroppen er kvit. Beina er raude og med symjeføter. Nebbet er ogso raud og saman med den kvite stripa i framkant av vengja, er det karakteristisk for hettemåsen. Dei har store spisse vengjer og flyt lett. Kjønna er like. Ungfugl har ein meir brunspetta fjørdrakt. Hettemåsen er 36 cm lang og har vekt på om lag 0,3 kg. I sommardrakta har hettemåsen si karakteristiske svarte hette.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Hettemåsen har ein aukande bestand i Nord-Noreg og eksisterer no i kyststrøk heilt nord til Varangerfjorden. Hovuddelen er likevel i Sør-Noreg rundt Oslofjorden, der bestanden i tida 1987-2007 har gått ned og mange koloniar har forsvunne. Bestanden har også gått ned i Danmark, Sverige, Finland, Polen, Tyskland og Nederland. Medan hettemåsen er rekna som livskraftig på verdsbasis, er han rekna som nær truga i norsk samanheng.[1]

Hettemåsen hekkar i koloniar ved vatn (både fersk- og saltvatn). Arten er jaktbar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Rødlistedatabasten (vitja 19. juli 2010)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hettemåse