Verdshistoria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Menneske har overalt fortald historia si på ulikt vis. Dette australske holemåleriet viser skaparguden Namondjok med kona Barrginj, lynherskaren Namarrgon, og menneske.

Verdshistoria er eit oversyn over det me veit om utviklinga av menneske og samfunna deira. Fråskilde samfunn har hatt ulike føresetnader og tankar om korleis ein skal klara seg, og verdshistoria har dermed ikkje vore eins. Ein kan likevel skildra fellestrekk som er viktig for størsteparten av menneska.

Gjennom historia har menneske vandra og busett seg over størsteparten av jorda, gradvis utvikla metodar til å utnytta omverda og opplevd samfunnsomveltingar gjennom ulike nyvinningar og tankesprang. Reise og handel har spreidd materiale og kunnskap sidan steinalderen. Ein har fortald soger om forhistoria og mytologi og utvikla religionar og ideologiar som i nokre høve har forandra verda.

Førhistorisk tid[endre | endre wikiteksten]

Skisse over utvandringa til Homo sapiens (1), neandertalarar (2) og tidlege menneske frå Afrika (3).
Tilhogd flintkniv funne i dagens Tsjekkia.

Menneskeslekta oppstod i Afrika for rundt 2,5 millionar år sidan og byrja å bruka reiskapar av stein. For rundt 300 000 år sidan tok ein til å hakka ut reiskapen til ei ønskt form. Ei eldre form av Homo sapiens oppstod på denne tida, og moderne menneske (Homo sapiens sapiens) var utvikla for rundt 200 000 år sidan.

Steinalder[endre | endre wikiteksten]

Menneske til å vandra ut frå Aust-Afrika til Asia for 100 000-50 000 år sidan, vidare til Australasia for rundt 50 000, Europa og Sentral-Asia for rundt 40 000 og Amerika for rundt 13 000 år sidan. Då istida tok slutt for rundt 12 000 år sidan var størstedelen av dei isfrie delane av verda folkesette. Menneske hadde språk og ritual som truleg var av ein religiøs art, og dei laga kunst som holemåleri, helleristingar og små skulpturar.

Jordbruk[endre | endre wikiteksten]

Bonde med plog framfor ein pyramide i Egypt. Jordbruk gjorde det mogleg å utvikla komplekse sivilisasjonar.

Medan menneske opphavleg levde i små grupper livnærte seg gjennom jakt og sanking, førte utviklinga av jordbruk til at ein kunne brødfø større, bufaste grupper. Jordbruk blei først utvikla i den fruktbare halvmånen for rundt 10 000 år sidan, og blei seinare utvikla uavhengig fleire andre stader. Plantedyrking og husdyrhald spreidde seg til størsteparten av verda, sjølv om folk i marginale miljø ofte haldt på den nomadiske, sankande livsstilen, og mange levde i ei blanding.

Vekst i matproduksjonen førte til at ein kunne ha større samfunn, byar og rike, yrkesspesialisering og større lagdeling i samfunnet, utvikling og utnytting av nye teknologiar og materiale. I dei nye samfunna utvikla det seg meir formelle styringsmåtar, organiserte religionar og byrjande tal- og skriftsystem. Utviklinga gjorde også større krigføring og epidemiar moglege.

Bystatar og oldtidsrike oppstod ulike stader i verda langs elvar, som gav vatn til irrigering og seinare blei transportårer. Eit av dei første rika var Sumer i Midt-Austen, noko seinare kom det gamle Egypt i Nord-Afrika, Indusdalsivilisasjonen i Sør-Asia, og fleire ved dei kinesiske elvane Huang He og Chang Jiang.

Historisk tid[endre | endre wikiteksten]

Kileskrift var eitt av dei første skriftsystema.

Skrift gjer det mogleg å formidla kunnskap og erfaringar gjennom tid og rom, og me snakkar om historisk tid i samband med skriftperiodar me har skriftlege kjelder frå. Det at ein kunne overføra skriftlege bodskap gjorde det også lettare å styra stadig større rike og å ta vare på kunnskap og idear. Dei eldste kjende skriftsystema er sumerisk kileskrift og egyptiske hieroglyfar som oppstod i fjerde tusenåret f.Kr., medan tidleg kinesisk skrift er kjend frå Shang-dynastiet i andre tusenåret f.Kr. Dei første alfabeta blei laga i Midt-Austen rundt 2000-1500 f.Kr. Det første skriftspråket i Amerika blei truleg danna i første tusenåret f.Kr. av olmek-kulturen. I ei rekke kulturar brukte ein munnleg overlevering og ulike symbol heller enn skrift.

Skriftspråk gjorde at religion og filosofi lettare kunne overførast, og særleg rundt 500-talet f. Kr. oppstod fleire skriftbaserte religionar som har overlevd til nyare tid. Konfusianisme og taoisme oppstod i Kina, post-vedisk hinduisme, djainisme og buddhisme blei utvikla i India, parsisme blei til i Persia og den jødiske Toráen (mosebøkene i Bibelen) blei skriven ned rundt denne tida. Gresk filosofi, rekna som opphavet til moderne vestleg tenking, blei utvikla og seinare spreidd gjennom hærtoga til Aleksander den store på 300-talet f.Kr.

Større samfunn[endre | endre wikiteksten]

Ulike delar av verda fekk kontakt gjennom handel og oppdaging. Ved byrjinga av 1600-talet var store delar av verda kjend, men ikkje alle, som dette kartet av Emery Molyneux viser.

Imperium oppstod når ei folkegruppe la under seg fleire andre. Tidlege døme på slike rike er det ny-assyriske riket (900-talet f.Kr.), det persiske akamenide-dynastiet (500-talet f.Kr.), det indiske maurya-riket (300-talet f.Kr.), qin og han i Kina (200-talet f.Kr.) og Romarriket i Europa og Midt-Austen (100-år f.Kr.). Seinare kom det til storrike elles i Asia, i Afrika og i Amerika, medan Oseania, truleg av geografiske grunnar, aldri utvikla større statar. Imperia hadde mange fellestrekk, som store hærar og byråkrati som gjerne bygde på liveigne bønder eller slavar. Dei var sårbare for indre konflikt og ytre åtak frå «barbarar».

Kristendommen oppstod på 100-talet og spreidde seg i Afrika, Asia og Europa. Etter at han blei lovleg i Romarriket på 300-talet kom han til å spela ei viktig rolle i den europeiske mellomalderen. Islam, som oppstod på 600-talet, hadde ei tilsvarande rolle i den muslimske verda lengre sør og aust. I Asia blei buddhismen og hinduismen spreidde vidare gjennom storrike som Maurya, Gupta og Tsjola.

Den gamle møter den nye verda. Måleri frå 1800-talet av Kristoffer Columbus som løfter sløret til ei indianarkvinne.

Handelsruter hadde vokse seg stadig lengre, som mellom Sumer og Harappa i det fjerde eller Silkevegen mellom Kina og Syria frå det tredje tusenåret f.Kr. Rutene førte mykje rikdom med seg, og kunne gje vekst til byar og heile handelsrike. Oppdagingstida starta som eit forsøk på å finna sjøruter frå Europa til India og Kina. Etter kvart tok oppdagarane frå «den gamle verda» over landområda dei hadde funne i «den nye». Nybyggjarar såg på dei nye koloniane som tomme og fruktbare, og menneske og ressursar der blei utnytta og gamle kulturar erstatta med nye.

Tidleg moderne tid såg også utviklinga av nye og revolusjonerande teknologiar og tankar. Tankar om humanisme og protestantisme oppstod i Europa og blei raskt spreidde gjennom trykt materiale, og det blei utvikla kapitalistiske system og nasjonalstatar som skulle få mykje å seia for den framtidige utviklinga av verda.

Revolusjonar[endre | endre wikiteksten]

Plutseleg endringar i samfunn eller kulturar blir kalla revolusjonar. Opplysingstida førte både fram til ein vitskapsrevolusjon på 1500- og 1600-talet og ein industriell revolusjon frå 1700-talet. Desse gjorde at ein såg og utnytta verda på ein ny måte, og oppfinningar i transport (som dampmaskina) og kommunikasjon (som telegrafen) batt verda tettare saman.

Nye tankar om demokrati og menneskerettar gav også støytet til valdelege revolusjonar og nyskapande statsdanningar i Amerika og Frankrike. Ei vidareføring av desse tankane, kommunismen, førte til revolusjon i Russland i 1917, og skulle setja preg 1900-talet.


Verda under den kalde krigen var sett på som delt i to.

I dette hundreåret var størsteparten av verda under vestleg påverknad, mykje av henne under kolonimakter. Då europeisk kiving braut ut i første verdskrigen, blei mange andre verdsdelar dregne med. Den store depresjonen etter krigen hadde òg verdsomspennande følgjer. Andre verdskrigen, starta av militaristiske fasciststatar, råka alle verdsdelane og markerte byrjinga på slutten for europeisk verdsdominans. I staden fekk ein eit verdsråd, Sameinte Nasjonar (SN), og to supermakter, Sovjetunionen og USA, som låg i ideologisk konflikt med kvarandre utan å gå ope i krige i løpet av den førti år lange kalde krigen. Rivaliseringa mellom dei førte til teknologiske kappløp som gav kraftigare kjernevåpen, romfart og nye kommunikasjonsmiddel som Internett.

Koloniar fekk gradvis sjølvstende, men var ofte prega av lang tids rovdrift og vanstyre. Mange av dei europeiske statane som tidlegare hadde vore i konflikt samarbeida gjennom den europeiske unionen. Den grøne revolusjonen, globalisering og frihandel førte til auka materiell velstand for mange, men reiste òg spørsmål om miljøvern og skeivfordelinga i den postkoloniale verda. Etter at Sovjetunionen gjekk i oppløysing merka ein ei ny ideologisk konflikt, mellom liberale, sekulære verdiar og religiøse fundamentalistiske. Konflikten er særleg spelt ut med USA på eine sida og visse muslimske fundamentalistar, som Al-Qaida og Iran, på den andre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!