Theodor Mommsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Theodor Mommsen
Theodor mommsen.jpg
Theodor Mommsen måla av Ludwig Knaus
Nasjonalitet Tysk
Fødd 30. november 1817, Garding i Hertugdømet Slesvig
Død 1. november 1903 (85 år), Berlin-Charlottenburg
Yrke Historikar
Nobelprisen i litteratur
Nobelprisen i litteratur
1902

Christian Matthias Theodor Mommsen (fødd 30. november 1817 i Garding i Hertugdømet Slesvig, på den tid i personalunion med Danmark, død 1. november 1903 i Berlin-Charlottenburg) var ein tysk historikar som vert rekna som den viktigaste oldtidssforskaren på 1800-talet.

Han skreiv ikkje skjønnlitteratur, men likevel fekk han i 1902 Nobelprisen i litteratur med den begrunninga at han var «den største nolevande meister i historieskrivarkunsten, med spesiell vekt på det monumentale verket hans, Römische Geschichte»[1][2] («romersk historie»). Verket kom ut i tre bind mellom 1854 og 1856 og tok for seg den historia til romarane fram til romarrepublikken enda etter Julius Cæsar. Mommsen sine verk om historia til Romarriket er av grunnleggande betydning sjølv for dagens forskarar.

Mommsen var medlem av den preussiske landdagen og seinare Riksdagen i tre ulike periodar, først for det liberale Fortschrittspartei, seinare for det nasjonalliberale partiet og til slutt for dei såkalla Sezessionisten.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «the greatest living master of the art of historical writing, with special reference to his monumental work, A history of Rome»"
  2. Nobeltildelinga i 1902

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Theodor Mommsen
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Theodor Mommsen