Holocaustfornekting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Holocaustfornekting er å nekte for at Holocaust fann stad, eller nekte for at det fann stad i det omfanget som no er allment kjent og prova. Holocaust er namnet på dei systematiske massedrapa og forsøka på utsletting av folkegrupper (folkemord) som det nazistiske Hitler-regimet stod for før og under den andre verdskrigen.

I Noreg er det den nynazistiske organisasjonen Vigrid som sterkast fremjar eit slikt syn. Dei kallar Holocaust for «Holocash».

Den mest kjente Holocaust-fornektaren internasjonalt er den britiske forfattaren David Irving.

Jus[endre | endre wikiteksten]

Holocaust-fornekting er forbode ved lov i Frankrike, Belgia, Sveits, Tyskland, Austerrike, Romania, Slovakia, Tsjekkia, Litauen, Polen og Israel.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.