Re kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Re kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vestfold
Adm.senter Revetal
Areal 225 km²
 - land 222 km²
 - vatn km²
Målform bokmål
Ordførar Thorvald Hillestad (Sp)
Kommunenr. 0716
Kart
Re kommune
59°25′8″ N 10°17′10″ E
Wikimedia Commons: Re, Norway
Nettstad: www.re.kommune.no

Re er ein tidlegare norsk kommune i Vestfold. Kommunen omfatta dei fem bygdene Vivestad, Undrumsdal, Fon, Våle og Ramnes. Kommuneadministrasjonen heldt til i Revetal. 1. januar 2020 blei Re slått sammen med Tønsberg til Tønsberg kommune.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Slaget på Re teikna av Erik Werenskiold til 1899-utgåven av Heimskringla. Det andre slaget på Re i tidlegare Ramnes kommune og dagens Re kommune fann stad i 1177 mellom kong Magnus Erlingsson og Øystein Møyla, som tronpretendent for birkebeinarane. Dei kongelege styrkane sigra.

Kommunane Ramnes og Våle vart slått saman 1. januar 2002. Den nye kommunen fekk det historisk kjende namnet «Re», etter den mest kjende staden i kommunen. I 1177 stod eit slag her, beskrive i Heimskringla av Snorre Sturlason.

Re blei slått sammen med Tønsberg til Tønsberg kommune 1. januar 2020. Samtidig blei grunnkrinsen Mulvika overført til den nye kommunen som blei danna då Holmestrand blei slått saman med Sande.[1] Kommunen har berre hatt éin ordførar.[2]

Dei store slettene langs Bispevegen gjennom Re er blant dei klart beste jordbruksområda i Noreg.

I tillegg til fleire grunnskolar ligg Re videregående skole i kommunen.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kommunal og moderniseringsdepartementet (22. august 2017). «Grensejustering mellom Re og Holmestrand». Regjeringen.no (på norsk). Henta 25. september 2017. 
  2. [1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Re kommune