Jørgen Kosmo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jørgen Hårek Kosmo (fødd 5. desember 1947) i Fauske i Nordland fylke) er ein norsk politikar (Ap) og tidlegare stortingspresident.

Han er opphavleg anleggsarbeidar og dreiv lenge med fagforeningsarbeid. Frå 1979 til 1985 sat Kosmo i kommunestyret i Horten, dei siste to åra som formann i kommunestyret. Frå 1985 til 2005 har han vore vald inn på Stortinget som Arbeidarpartiet sin representant for Vestfold fylke.

Jørgen Kosmo var forsvarsminister frå 1993 til 1997 og statsråd i Arbeids-og administrasjonsdepartementet frå 2000 til 2001. Då han gjekk av som statsråd vart han vald til stortingspresident. Han sat i dette embetet fram til Thorbjørn Jagland vart stortingspresident i oktober 2005.

I juli 2004 vart Kosmo utnemnd til fylkesmann for Telemark etter Solveig Sollie, men kunne ikkje tiltre stillinga medan han sat på Stortinget. Hausten 2005 vart han utnemnd til riksrevisor.

Den 2. november 2005 tildelte Kong Harald Jørgen Kosmo storkrossen av St. Olavs Orden for embetsforteneste som stortingspresident. Kosmo er den fyrste stortingspresidenten i nyare tid som har motteke ordenen. Same året vart Kosmo også utnemnt til storkors av den svenske Nordstjerneordenen.