Ian Underwood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ian Robertson Underwood
Fødd 22. mai 1939 (75 år)
Instrument klaverinstrument, gitar, synthesizer, treblåseinstrument
Sjanger Jazz, avantgarde, eksperimentell rock, jazzfusion, doo-wop, komedierock
Aktive år 1959 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar
Tilknytte artistar The Mothers of Invention, Flo & Eddie, Frank Zappa, Captain Beefheart
Kjende instrument
Moog synthesizer

Ian Robertson Underwood (fødd 22. mai 1939) er ein musikar som spelar treblåseinstrument og klaverinstrument, kanskje mest kjend for arbeidet sitt med Frank Zappa.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Underwood studerte ved Yale University og tok bachelor i komponering i 1961 og master i komponering ved UC Berkeley i 1966. Han byrja karrieren sin med å spele på kafear og barar i San Francisco Bay Area med improvisasjonsgruppa si the Jazz Mice midt i 1960-åra før han vart medlem av Frank Zappa and the Mothers of Invention i 1967 på det tredje albumet deira, We're Only In It For The Money. Han snakkar på Uncle Meat på sporet «Ian Underwood Whips It Out» der han fortel om korleis han første gongen møtte Zappa og demonstrerte kor god han var på saksofon. Underwood arbeidde seinare med Frank Zappa på soloalbuma hans, mellom anna i 1969 på Hot Rats.[1] Han gifta seg med Ruth Komanoff (Underwood), marimbist/perkusjonist frå the Mothers of Invention i mai 1969. Underwood slutta i the Mothers of Invention i september 1973. Han og Ruth skilde seg i 1986.

Etter ein lang karriere med Frank Zappa vart han studiomusikar på klaverinstrument. Mellom anna har han arbeidd med Quincy Jones, Barbra Streisand, Ronee Blakley, Hugh Cornwell, Freddie Hubbard, Jean-Luc Ponty, Herb Alpert, Hugh Masekela, Peggy Lee, Dolly Parton, Chicago, Janet Jackson, Dave Grusin, Jefferson Airplane, Frankie Valli, The Carpenters, James Ingram og Barry Manilow. Underwood var òg ein av musikarane som spelte kjenningsmelodien i hitserien frå 1980-åra «Knight Rider» («The Stu Phillips Scores: Knight Rider». [1]).

Underwood har òg spelt mykje (hovudsakleg klaverinstrument) for James Horner på mykje av filmmusikken til Horner, som Titanic (1997) og Sneakers (1992).[2]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Lenox School of Jazz Concert, 1959 med Ornette Coleman, Herb Pomeroy

Med The Mothers of Invention

Med Captain Beefheart

Med Alphonse Mouzon

Med Lalo Schifrin

Med Gábor Szabó

  • Macho (Salvation, 1975)

Noko av filmmusikken han har spelt på

  • 2010 The Karate Kid (synthesizerprogrammering)
  • 2009 Avatar (synthesizerprogrammering)
  • 2008 The Boy in the Striped Pyjamas (synthesizerprogrammering)
  • 2008 The Spiderwick Chronicles (music score programmer)
  • 2007 The Life Before Her Eyes (music score programmer)
  • 2006 Apocalypto (musikar: synthesizerprogrammering)
  • 2006 All the King's Men (synthesizerprogrammering)
  • 2005 The New World (synthesizerprogrammering)
  • 2004 Bobby Jones: Stroke of Genius (synthesizerprogrammering)
  • 2001/I Iris (synthesizerprogrammering)
  • 1998 Mighty Joe (musikar)
  • 1997 Titanic (musikar: instrumental solo)
  • 1995 Braveheart (instrumental soloist: synth programming, London Symphony Orchestra)
  • 1993 Bopha! (musikar)
  • 1993 House of Cards (musikar)
  • 1993 Jack the Bear (musikar)
  • 1992 Sneakers (musikar)
  • 1991 Class Action (musikar)
  • 1991 My Heroes Have Always Been Cowboys (musikar: instrumental solo)
  • 1989 Field of Dreams (musikar: instrumental solo)
  • 1989 Winter People (musikar: klaverinstrument)
  • 1988 Willow (musikar: Fairlight synthesizer)
  • 1987 No Way Out (musikar - som Ian R. Underwood)
  • 1986 The Mosquito Coast (musikar: synthesizers)
  • 1986 The Name of the Rose (synthesizerprogrammering)
  • 1986 Aliens (synthesizer effects)
  • 1983 Krull (synthesizer effects)
  • 1982 Blade Runner (musikar: synthesizer)
  • 1977 Demon Seed (elektronisk)
  • 1976 Marathon Man (musikar: klaverinstrument - ikkj til skriven)
  • 1971 200 Motels (musikar: Mothers of Invention)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Huey, Steve. «Hot Rats: Review». Allmusic. http://www.allmusic.com/album/hot-rats-r22632/review. Henta 29. mai 2014. 
  2. http://www.imdb.com/name/nm0881005/

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]