Uncle Meat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Uncle Meat
Studioalbum av The Mothers of Invention
Språk engelsk
Utgjeve 21. april 1969
Innspelt oktober 1967–september 1968 ved Apostolic Studios, NYC og Sunset Studios, LA
Sjanger Eksperimentell, jazz, rock
Lengd 75:57 (LP)
120:44 (CD)
Selskap Bizarre/Reprise
Produsent Frank Zappa
Frank Zappa-kronologi 
Cruising with Ruben & the Jets
(1968)
Uncle Meat Hot Rats
(1969)
The Mothers of Invention-kronologi
Cruising with Ruben & the Jets
(1968)
Uncle Meat Mothermania
(1969)


Uncle Meat er det femte studioalbumet til Mothers of Invention, gjeve ut som eit dobbeltalbum i 1969. Uncle Meat vart opphavleg utvikla som ein del av No Commercial Potential, eit prosjekt som òg gav tre andre album som delte ein konseptuell samanheng: We're Only in It for the Money, Lumpy Gravy og Cruising with Ruben & the Jets.

Albumet var òg eit filmmusikkalbum for ein planlagt science fiction-film som aldri vart ferdig. Ein direkte-på-video-film med klipp frå prosjektet vart gjeve ut av Zappa i 1987. Musikkstilen på albumet varierer mykje, frå orkestermusikk, jazz, blues og rock. Uncle Meat selde godt då det kom ut og har blitt hylla for dei nyskapande innspelings- og redigeringsteknikkane, som omfatta eksperiment med lysbandfarten og overdubbing, og diverse lydar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Frank Zappa, som hadde vore interessert i film sidan high school, valde å utvikle ein film for The Mothers of Invention, kalla Uncle Meat. Den føreslåtte filmen skulle kombinere element av science fiction og turnéhistoriar inspirert av dei seksuelle eskapadane til bandmedlemmane.[1] Zappa byrjar så å arbeide på eit prosjekt kalla No Commercial Potential, som etter kvart vart albuma We're Only in It for the Money, Lumpy Gravy, Cruising with Ruben & the Jets og Uncle Meat. Zappa sa, «Det er alt eitt album. All musikken på albuma er organisk knytte til kvarandre og om eg hadde hatt alle masterlydbanda kunne eg tatt eit barberblad, kutta dei opp og sett dei saman i ei anna rekkefølgje, og det ville framleis vore eit musikkstykke ein kunne lytte til. Så kunne eg tatt barberbladet igjen, kutta det opp og sett det saman på ein annan måte igjen, og det ville framleis ha gjeve meining. Eg kunne gjort dette på tjue måtar. Materialet er definitivt knytt til kvarandre».[2]

I følgje artisten Cal Schenkel, «eg starta å arbeide på ei soge om Ruben and the Jets som er knytt til Uncle Meat-soga, som er denne gamle karen som gjor om dette tenåringsbandet til desse hundesnutefolka [...] Me starta på det før det faktisk vart Ruben and the Jets. Det kom frå kjærleiken min for teikneseriar og den stilen, dei menneskelege dyra, men det var òg ein del av historia».[2]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

For innspelinga nytta Zappa 12-sporsinnspeling, i tillegg til forskjellige teknikkar som realiserte visjonen hans, mellom anna mange overdubbingar, nytta av uvanlege instrument via studioeffektar, og sette opp farten eller sakke av innspelinga for kunstnariske effektar.[1] Zappa ønskte å gjere eit album som ville utfordre sjølvtilfredsheita til musikkfansen på den tida, sidan han følte at fansen hans var «vant til å akseptere alt som vart gjeve dei [...] politisk, musikalsk, sosialt -- alt. Nokon ville gje dette til dei og sette ingen spørsmålsteikn ved det. Det var målet mitt i dei dagane der å reiste folk ut av sjølvtilfredsheita, eller ignoransen og få dei til å lure på ting».[1]

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

Uncle Meat består av mange musikkstilar, som orkestrale symfoniar, frijazz, blues, doo wop og rock and roll.[1] Albumet inneheld òg dialogsegment med Suzy Creamcheese, og eit sterkare fokus på perkusjon enn tidlegare verk av Zappa, og særleg vekt på styrken hans som komponist og arrangør.[1]

«Nine Types of Industrial Pollution» er melodisk formlaus med røter i perkusjoninstrumentering, og har ein gitarsolo som vart auka snøggleiken på i postproduksjonen.[1] «Dog Breath, in the Year of the Plague» vert levert som ein rock and roll-song, og same temaet vert repetert seinare som ein instrumental. spelt med klaverinstrument, perkusjon og akustisk gitar. Rock and roll-versjonen består av tre vers, der den første dialogen vert levert av operasongaren Nelcy Walker, og den andre dialogen er ein vokal som er gjort snøggare. Etter det tredje verset vert songen eit avantgarde orkesterstykke framført av perkusjon, klaverinstrument og instrument, som i følgje plateomslaget på albumet «...høyrest ut som trompetar (men) er i røynda klarinettar spelt gjennom eit elektrisk apparat laga av Meastro med ein setting kalla Oboe D'Amore og gjort ein tredjedel raskare ved hjelp av ein V.S.O. (variable speed oscillator)».[1]

I tillegg til studioinnspelinga, består Uncle Meat av konsertopptak frå Royal Albert Hall, mellom anna Don Preston som spelar «Louie Louie» på kyrkjeorgelet i Albert Hall, og Zappa som på slutten annonserer at han vart framført av «London Philharmonic Orchestra.» Den doo wop-aktige «Electric Aunt Jemima» syner til gitarforsterkaren til Zappa, og set denne lik reklamefiguren Aunt Jemima.[1] Zappa forklarte «eg må le av det faktumet at andre folk prøver å tolke det der og kjem opp med groteske tolkingar. Det gjev meg ein viss form for tilfredsheit».[1]

Albumet vert avslutta med eit stykke i 3/4 kalla «King Kong», sjølv om det instrumentale forspelet, ein frijazz-improvisasjon over ein rytmeseksjon spelt i 5/8-takt, kjem mykje tidlegare på albumet. Seks variasjonar av melodien finst mot slutten av albumet, der den første er ein enkel melodi, den andre er eit Fender Rhodes elektrisk pianosolo av Preston, den tredje ein saksofonsolo av Motorhead Sherwood, og den fjerde ein sopransaksofon av Bunk Gardner gjennom forskjellige elektroniske effektar som etterliknar lyden av ein kontrafagott med doble sololinjer. To variasjonar til utgjer resten av stykket, som omfattar eit konsertopptak av stykket med ein saksofonsolo av Ian Underwood og så til slutt ein versjon med gongar i oppjustert fart, med saksofonar og andre instrument.[1]

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Uncle Meat vart gjeve ut som eit dobbeltalbum av Bizarre og Reprise Records, med undertitlane «Most of the music from the Mother's movie of the same name which we haven't got enough money to finish yet» (Det meste av musikken frå Mother's filmen med same namn som me ikkje har hatt nok pengar til å gjere ferdig enno).[1] Trass i at albumet var eksperimentelt, nådde det 43. plass på Billboard-listas.[1]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[3]

Meldingar av albumet då det kom ut var stort sett særs positive, og såg på det som blåkopien for diskografien til Zappa. The New Rolling Stone Album Guide skildra albumet som eit «inspirert uhyre [...] [eit] åtak av herleg støy».[1] Allmusic-meldaren Steve Huey skreiv, «trass i fråværet av eit konseptuell rameverk, er dei ufokuserte sprella på Uncle Meat faktis ein stor del av det som apellererer med plata. Det er spanande å høyre ein av dei mest kreative, fruktbare hjernane i rocken presse på kvilelaust inn i nytt territorium, sjølv om han ikkje alltid er heilt sikker på kvar han skal».[3]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I 1987 vart ein ferdig versjon av filmen Uncle Meat gjeve ut på heimevideo, og albumet Uncle Meat vart gjeve ut på ny som ein dobbelt_CD, som inneheld ein song innspelt i 1982, «Tengo Na Minchia Tanta», sungen på siciliansk av Massimo Bassoli, som forklarte at tittelen på songen tyder «Eg har ein stor haug med kuk», i tillegg til over 40 minutt med lydklipp og dialog frå filmen. CD-versjonen har dei nye spora i byrjinga av disk to, og plasserer materialet mellom den originale tredje- og fjerdesida i av albumet.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Frank Zappa, utanom der andre er nemnte.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Uncle Meat: Main Title Theme» 1:54
2.«The Voice of Cheese» 0:27
3.«Nine Types of Industrial Pollution» (Oppført som «400 Days of the Year» på etiketten av den originale vinylutgåva) 5:56
4.«Zolar Czakl» 0:57
5.«Dog Breath, in the Year of the Plague» 5:51
6.«The Legend of the Golden Arches» 1:24
7.«Louie Louie (At the Royal Albert Hall in London)»Richard Berry2:28
8.«The Dog Breath Variations» 1:36
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Sleeping in a Jar» 0:49
2.«Our Bizarre Relationship» 1:05
3.«The Uncle Meat Variations» 4:40
4.«Electric Aunt Jemima» 1:53
5.«Prelude to King Kong» 3:24
6.«God Bless America (Live at the Whisky a Go GoIrving Berlin1:22
7.«A Pound for a Brown on the Bus» 1:29
8.«Ian Underwood Whips It Out (Live on stage in Copenhagen 5:08
Side tre
Nr.TittelLengd
1.«Mr. Green Genes» (Remiksa på alle CD-utgåvene av albumet)3:10
2.«We Can Shoot You»1:48
3.«'If We'd All Been Living in California...'»1:29
4.«The Air»2:57
5.«Project X»4:47
6.«Cruising for Burgers»2:19
Side fire
Nr.TittelLengd
1.«King Kong Itself (as played by the Mothers in a studio)»0:53
2.«King Kong (it's magnificence as interpreted by Dom DeWild)»1:15
3.«King Kong (as Motorhead explains it)»1:44
4.«King Kong (the Gardner Varieties)»6:17
5.«King Kong (as played by 3 deranged Good Humor Trucks)»0:29
6.«King Kong (live on a flat bed diesel in the middle of a race track at a Miami Pop Festival...the Underwood ramifications)»7:22
CD-utgåve, disk 1
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Uncle Meat: Main Title Theme» 1:55
2.«The Voice of Cheese» 0:26
3.«Nine Types of Industrial Pollution» 6:00
4.«Zolar Czakl» 0:54
5.«Dog Breath, in the Year of the Plague» 3:58
6.«The Legend of the Golden Arches» 3:27
7.«Louie Louie (At the Royal Albert Hall in London)»Richard Berry2:19
8.«The Dog Breath Variations» 1:48
9.«Sleeping in a Jar» 0:50
10.«Our Bizarre Relationship» 1:05
11.«The Uncle Meat Variations» 4:45
12.«Electric Aunt Jemima» 1:46
13.«Prelude to King Kong» 3:38
14.«God Bless America (Live at the Whisky a Go Go)»Irving Berlin1:10
15.«A Pound for a Brown on the Bus» 1:29
16.«Ian Underwood Whips It Out (Live on stage in Copenhagen)» 5:05
17.«Mr. Green Genes» (Remix) 3:14
18.«We Can Shoot You» 2:03
19.«'If We'd All Been Living in California...'» 1:13
20.«The Air» 2:56
21.«Project X» 4:48
22.«Cruising for Burgers» 2:17
CD-utgåva, disk 2
Nr.TittelLengd
1.«Uncle Meat Film Excerpt Part I»37:34
2.«Tengo Na Minchia Tanta»3:46
3.«Uncle Meat Film Excerpt Part II»3:51
4.«King Kong Itself»0:49
5.«King Kong II»1:21
6.«King Kong III»1:44
7.«King Kong IV»6:17
8.«King Kong V»0:34
9.«King Kong VI»7:23

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

  • Frank Zappa – produsent
  • Jerry Hansen – lydteknikar
  • Euclid James Sherwood – utstyrsteknikar, koreograf
  • Art Tripp – rådgjevar
  • Cal Schenkel – plateomslag

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album - Billboard (Nord-Amerika)

År Liste Plassering
1969 Pop Albums 43

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 The Words and Music of Frank Zappa - Kelly Fisher Lowe - Google Boeken. Books.google.com. Henta 31. mai 2014. 
  2. 2,0 2,1 Zappa: A Biography - Barry Miles - Google Boeken. Books.google.com. Henta 31. mai 2014. 
  3. 3,0 3,1 Huey, Steve (2011). «Uncle Meat - The Mothers of Invention | AllMusic». allmusic.com. Henta 11 juli 2011.