Jefferson Airplane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jefferson Airplane

OpphavSan Francisco i USA
Aktiv1965–1974, 1989
SjangerPsykedelisk rock
Tilknytte artistarJefferson Starship, Hot Tuna, KBC Band
PlateselskapRCA, Grunt, Epic
Tidlegare medlemmerGrace Slick
Marty Balin
Jorma Kaukonen
Paul Kantner
Jack Casady
Spencer Dryden

Signe Toly Anderson
Bob Harvey
Jerry Peloquin
Skip Spence
Joey Covington
Papa John Creach
John Barbata
David Freiberg
PrisarRock and Roll Hall of Fame

Jefferson Airplane var eit amerikansk rockeband skipa i San Francisco i 1965. Dei var pionerar innan psykedelisk rock, og var det første bandet frå San Francisco-miljøet som slo igjennom og fekk kommersiell og kritisk suksess.

Bandet spelte på alle dei tre kjende amerikanske rockefestivalane i 1960-åra, Monterey (1967), Woodstock (1969) og Altamont (1969),[1] i tillegg til at at dei var eit av hovudbanda på den første Isle of Wight-festivalen. Innspelingane deira vart internasjonalt kjende, og dei fekk to hittar på Topp 10-lista i USA og fleire album inn på Topp 20-lista. Albumet Surrealistic Pillow frå 1967 vert rekna som ei av dei viktigaste innspelingane i den såkalla Summer of Love,[2][3][4] og gjorde at gruppa vart internasjonalt kjend. To hittar frå albumet, «Somebody to Love» og «White Rabbit», er begge oppførte på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene.

Av band som kom etter Jefferson Airplane finn ein Jefferson Starship og Starship, med avleiarar som Hot Tuna og KBC Band. Jefferson Airplane vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1996.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første åra[endre | endre wikiteksten]

Jefferson Airplane i 1967.

Jefferson Airplane vart danna i San Francisco sommaren 1965 ut frå det blømande folkemusikkmiljøet i San Francisco Bay. Sjølv om Airplane vert rekna for å vere eit San Francisco-band, var Paul Kantner den einaste som var fødd der.

Grunnleggjaren av gruppa som vart Jefferson Airplane var den 23 år gamle vokalisten Marty Balin (fødd Martyn Jerel Buchwald i Cincinnati i 1942), som var oppvaksen i San Francisco og som hadde starta ei lita karriere som popsongar tidleg i 1960-åra og gjort fleire innspelingar under sitt eige namn. Han spelte inn (utan særleg suksess) for Challenge Records i 1962, gav ut to singlar, den mest kjende av dei «I Specialize In Love», og vart eit medlem av folkgruppa the Town Criers i 1963–1964. Då the Beatles leia den britiske invasjonen i 1964 vart Balin inspirert av blandinga av folkemusikk med rock tidleg i 1965, med The Byrds og Simon & Garfunkel i spissen. Han ønskte derfor å danna eit band som spelte liknande musikk. Med ei gruppe investorar kjøpte Balin ei tidlegare pizzasjappe i Fillmore Street[5] der han opna klubben The Matrix og byrja å leite etter bandmedlemmer.[6]

Balin møtte folkemusikaren Paul Kantner på ein annan lokal klubb, The Drinking Gourd. Kantner starta å spele i Bay Area-miljøet tidleg i 1960-åra, i lag med andre folkemusikarar som Jerry Garcia, David Crosby og Janis Joplin. Kantner har omtalt folkemusikkgrupper som The Kingston Trio og The Weavers som viktige tidlege inspirasjonskjelder. Han flytte ei kort stund til Los Angeles i 1964 for å arbeide i ein folkeduett med framtidig Airplane/Starship-medlem David Freiberg (som seinare vart med i Quicksilver Messenger Service).

Balin og Kantner såg seg så om etter andre musikarar for å danne eit husband på the Matrix. Etter å ha høyrt den kvinnelege vokalisten Signe Toly Anderson på the Drinking Gourd, inviterte Balin ho med i gruppa som songar. Anderson song med bandet i eitt år, mellom anna på det første albumet, før ho drog i oktober 1966 etter å ha fødd det første barnet sitt.

Kantner rekrutterte så den gamle venen sin, bluesgitaristen Jorma Kaukonen. Han var opphavleg frå Washington, D.C., men flytte til California tidleg i 1960-åra og møtte Kantner då han gjekk på Santa Clara University i 1962. Kaukonen vart invitert med til å spele med det nye bandet, men var i starten motvillig til å bli medlem, før han spelte gitaren gjennom eit forseinkingsapparat som var ein del av lydsystemet til Ken Kesey, som Kesey nytta under Acid Test-festane sine. Trommeslagaren Jerry Peloquin og den akustisk bassisten Bob Harvey utgjorde resten av originalbesetninga.

Opphavet til namnet deira er ofte omstridd. «Jefferson airplane» er slang for ei splitta fyrstikk som vart nytta for å halde marihuanajointar som hadde vorte for korte til at ein kunne halde dei utan å brenne fingrane.[7] Ei vandresoge hevdar at dette var opphavet til bandnamnet, men i følgje bandmedlemmen Jorma Kaukonen var det venen Steve Talbot som kom på namnet som ein parodi på bluesnamn som Blind Lemon Jefferson.[8]

Gruppa gjorde den første konserten sin som Jefferson Airplane på opningskvelden til The Matrix den 13. august 1965. Bandet utvikla seg frå folkrøtene sine og henta inspirasjon frå The Beatles, The Byrds og The Lovin' Spoonful, og gjekk gradvis mot eit popaktig elektrisk lydbilete.

Eit par veker etter at gruppa var danna, forlét Jerry Peloquin bandet, delvis fordi han ikkje likte narkotikabruken til dei andre i bandet. Sjølv om han ikkje var trommeslagar, vart songaren og gitaristen Skip Spence (som seinare starta Moby Grape) invitert til å erstatte Peloquin. I oktober 1965, etter at dei andre medlemmane hadde funne ut at Bob Harvey ikkje var god nok på bass, vart han erstatta av Jack Casady, ein gammal ven av Kaukonen frå Washington D.C. Casady spelte den første konserten sin med Airplane på eit college i Berkeley i California, to veker etter han kom til San Francisco.

Gruppa vart raskt betre og fekk snart ein fast tilhengjarskare i og rundt San Francisco, godt hjelpen av meldingar frå musikkjournalisten Ralph J. Gleason, jazzkritikaren til San Francisco Chronicle som etter å ha sett dei på the Matrix seint i 1965, meinte at dei var «eit av dei beste banda nokonsinne». Meldinga til Gleason gjorde at folk fekk augo opp for bandet, og innan tre månader hadde manageren deira, Matthew Katz, tilbod frå fleire plateselskap, sjølv om dei enno ikkje hadde spelt utanfor Bay Area.

To viktige tidlege konsertar med Airplane vart halde seint i 1965. Den første var den historiske dansen i Longshoremen's Hall i San Francisco den 16. oktober 1965, den første av mange tilstellingar i Bay Area der Gleason først såg dei spele. På denne konserten vart dei støtta av eit lokalt folkrockband, The Great Society, med Grace Slick som songar, og det var her Kantner møtte Slick for første gong. Eit par veker seinare, den 6. november, var dei hovudband på ein konsert for San Francisco Mime Troupe, den første av mange arrangert av Bill Graham. Han vart seinare manager for bandet.

I november 1965 hadde Jefferson Airplane skrive under på ein platekontrakt med RCA Victor som omfatta eit uhøyrt forskot på $25 000. Før dette hadde dei spelt inn ein demo for Columbia Records av «The Other Side Of This Life» med Bob Harvey on bass, som raskt forsvann frå søkelyset til Columbia. Den 10. desember 1965 spelte bandet den første Bill Graham-konserten sin i the Fillmore auditorium, med støtte frå The Great Society og andre band. Airplane spelte òg på fleire av Family Dog-konsertar som Chet Helms arrangerte i Avalon Ballroom.

Den første singelen til gruppa var Balin sin «It's No Secret» (ein melodi han skreiv med Otis Redding i tankane). B-sida var «Runnin' Round The World», ein song som førte til den første store striden med RCA om teksten, «The nights I've spent with you have been fantastic trips». Etter debutplata Jefferson Airplane Takes Off kom ut i mars 1966, slutta Skip Spence i bandet. Han vart erstatta av Spencer Dryden, som spelte den første konserten sin med bandet på Berkeley Folk-festivalen den 4. juli 1966. Dryden hadde tidlegare spelt med eit Los Angeles-band kalla the Ashes, som seinare vart The Peanut Butter Conspiracy.

Den første manageren Matthew Katz fekk sparken i august, og starta ein lang rettsleg kamp som varte fram til 1987, og venen og romkameraten til Balin, Bill Thompson, vart turnemanager og mellombels manager for bandet. Det var Thompson, ein ven og alliert av bandet som tidlegare hadde jobba i Chronicle, som overtydde kritikarane Ralph Gleason og John Wasserman om sjå bandet i Longshoreman's Hall. På grunn av Gleason klarte Thompson å få bandet inn på Berkeley Folk Festival og Monterey Jazz Festival.

Debutalbumet til bandet, Jefferson Airplane Takes Off kom ut i september 1966. Dette folkemusikk-påverka albumet inneheldt John D. Loudermilk sin «Tobacco Road» og Dino Valente sin «Get Together», i tillegg til originale balladar som «It's No Secret» og «Come Up the Years». Trass i at gruppa ikkje hadde spelt utanfor Bay Area eller vore på fjernsyn, fekk albumet mykje omtale i USA og selde bra nok til at det vart gullplate. RCA trykte opphavleg berre 15 000 eksemplar, men det selde meir enn 10 000 berre i San Francisco, som fekk selskapet til å trykke fleire. For nytrykkinga sletta selskapet «Runnin' Round This World», fordi leiarane i selskapet reagerte på ordet «trip» i teksten. Av liknande årsaker sette RCA to alternative versjonar av to andre songar: «Let Me In», der linja «you shut your door; you know where» til «you shut your door; now it ain't fair.». I same song endra dei òg teksten «Don't tell me you want money» til «Don't tell me it ain't funny». «Run Around» vart òg endra, og linja «flowers that sway as you lay under me» til «flowers that sway as you stay here by me». Orignaltrykkinga av Takes Off med «Runnin' 'Round The World» og usensurerte utgåver av dei to andre songane er i dag verde tusenvis av dollar på samlarmarknaden.

Grace Slick[endre | endre wikiteksten]

Grace Slick

Signe Anderson fekk ei dotter i mai 1966, og i oktober same året annonserte ho at ho trekte seg frå bandet. Den siste konserten hennar med Airplane fann stad i the Fillmore den 15. oktober 1966. Kvelden etter gjorde erstattaren hennar, Grace Slick, den første konserten sin med bandet. Slick var alt kjend for bandet. Ho hadde vore på debutkonserten deira på the Matrix i 1965 og det tidlegare bandet hennar, The Great Society, spelte ofte føre Airplane på konsertane deira.

Slick viste seg å bli særs viktig for det kommersielle gjennombrotet til Airplane. Ho hadde ei mektig og smidig kontraaltstemme som utfylte stemma til Balin godt og passa godt inn i den psykedeliske musikken til bandet. Som tidlegare modell gjorde tilværet hennar på scenen at bandet fekk ein ny dimensjon på konsertane sine.

The Great Society hadde spelt inn ein tidleg versjon av «Somebody to Love» (med tittelen «Someone to Love») som B-side til den einaste singelen deira, «Free Advice». Han var produsert av Sylvester Stewart (som snart vart Sly Stone), men det tok visstnok meir enn 50 forsøk før dei fekk ei utgåve dei var nøgd med. The Great Society valde å gje seg seint i 1966 og spelte den siste konserten sin den 11. september. Like etter spurte Jack Casady om Slick ville verte med i Jefferson Airplane, og ho vart kjøpt ut av kontrakten med Great Society for 750 dollar.

Surrealistic Pillow og kommersielt gjennombrot[endre | endre wikiteksten]

Jefferson Airplane opptrer ved KFRC Fantasy Fair and Magic Mountain Music Festival i 1967.

I desember 1966 vart Jefferson Airplane omtalt i ein artikkel i Newsweek om det blømande musikkmiljøet i San Francisco, ein av dei første i eit opprør av mediarapportar som fekk stor innverknad på ungdomen i byen og som medverka til kommersialiseringa og utnyttinga av hippiekulturen.

Kring byrjinga av 1967 tok Bill Graham over for Bill Thompson som manager. I januar vitja gruppa austkysten for første gong. Den 14. januar spelte dei i lag med Grateful Dead og Quicksilver Messenger Service på den no legendariske «Human Be-In», ein heildags 'happening' i Golden Gate Park, ein av dei store hendingane som førte fram mot «Summer of Love». I denne perioden vart bandet kjend i utlandet då den britiske popstjerna Donovan, som såg dei då han var på vestkysten tidleg i 1966, nemnde Airplane i songen sin «The Fat Angel» frå albumet Sunshine Superman.

Det andre albumet til bandet, Surrealistic Pillow, vart spelt inn i Los Angeles med produsent Rick Jarrard i løpet av berre tretten dagar for 8000 dollar. Albumet gjorde Airplane internasjonalt kjende. Albumet kom ut i februar 1967 og gjekk inn på den amerikanske albumlista den 25. mars og vart liggande der i over eitt år med ein tredjeplass som høgaste plassering. Det selde over ein million eksemplar og oppnådde gullplate.[9] Namnet «Surrealistic Pillow» vart føreslått av «skuggeprodusenten» på albumet, Jerry Garcia, då han nemnde at som ein heilskap høyrdest albumet «like surrealistisk ut som ei pute er mjuk». Sjølv om RCA Victor ikkje ville anerkjenne bidraga til Garcia som produsent, er han ført opp på plateomslaget som «spirituell rådgjevar».

I tillegg til to av dei mest kjende songane til gruppa, «White Rabbit» og «Somebody to Love», inneheld albumet «My Best Friend» av den tidlegare trommeslagaren Spence, Balin sin drivande «Plastic Fantastic Lover», den atmosfæriske Balin-Kantner-balladen «Today». Eit minne om den tidlegare folk-stilen til bandet var den akustiske gitarsoloen til Kaukonen «Embryonic Journey», den første songen han skreiv, som hadde referansar til samtidige akustiske gitaristar som John Fahey. Songen var med å etablere den populære sjangeren som til dømes den akustisk gitaristen Leo Kottke spelte.

Den første singelen frå albumet, «My Best Friend», nådde ikkje listene, men dei neste to singlane skaut gruppa opp på stjernehimmelen. Både «Somebody to Love» og «White Rabbit» vart store hittar i USA, med respektive ein femte- og ein åttandeplass på topplista. Seint i 1967 hadde Airplane vorte nasjonale og internasjonale stjerner og eit av dei heitaste banda i Amerika.

Denne fasen av karrieren til Airplane nådde eit høgdepunkt med den kjende konserten deira på Monterey International Pop Festival i juni 1967. På Monterey spelte dei leiande banda frå fleire «musikkmiljø» som New York, San Francisco, Los Angeles og Storbritannia, og fjernsynssendinga og filmen som kom ut seinare viste grupper som tidlegare berre hadde vore kjende i lokalregionen sin, nasjonal og internasjonal merksemd. To songar frå konserten til Airplane var med i dokumentaren til D. A. Pennebaker.

Airplane fekk òg stor nytte av at dei spelte på nasjonale fjernsynsshow som Tonight med Johnny Carson på NBC og The Ed Sullivan Show på CBS. Den kjende framføringa til Airplane på The Smothers Brothers Comedy Hour der dei spelte «White Rabbit» og «Somebody to Love» vart filma i fargar. Videoen er kjend for den banebrytande bruken av kroma-nøklingprosessen for å etterlikne det psykedeliske lysshowet til bandet.[10]

Retningsendring[endre | endre wikiteksten]

Besetninga til Jefferson Airplane var forholdsvis stabil frå 1967 til 1970. I denne perioden spelte dei inn fem album til og turnerte mykje i USA og Europa. Musikken til gruppa tok ei ny retning etter Surrealistic Pillow. Den største innverknaden på den nye retninga til gruppa var populariteten og suksessen til Jimi Hendrix og den britiske supergruppa Cream, som gjorde at Airplane (og mange andre grupper) danna eit «tyngre» lydbilete med større vekt på improvisasjon.

Det tredje albumet til bandet, After Bathing at Baxter's, kom ut den 27. november 1967 og nådde til slutt syttandeplass på topplista. Det kjende omslaget av teikneserieteiknaren Ron Cobb syner ein Heath Robinson-inspirert flygemaskin (konstruert rundt ein idealisert versjon av eit typisk hus i Haight-Ashbury) som driv rundt i kaoset av amerikansk kommersiell kultur.

Albumet vart spelt inn i løpet av fire månader med få innspel frå den pålydande produsenten Al Schmitt. Det nye albumet synte ei aukande interesse for psykedelisk rock. Der dei tidlegare platene hadde bestått av songar med standard lengd, var det her fleire lange songar i fleire suitar, og ein av dei («A Small Package of Value Will Come To You Shortly») var ein lydmontasje inspirert av avantgardeverket på side fire av Freak Out! av Frank Zappa. Baxter's markerte òg Kantner og Slick som dei viktigaste låtskrivarane for bandet og Marty Balin vart mindre viktig. Dei andre medlemmene, som drog mot ein hardare stil, kritiserte opent Balin for dei ballade-orienterte songane hans. Balin vart stadig meir desillusjonert av dei oppblåste egoa i bandet etter den store kommersielle suksessen dei no hadde fått.

Baxter's markerte òg slutten på den korte tida med suksess på singellistene for bandet. Medan både «White Rabbit» og «Somebody To Love» gjekk inn på Topp 10 i USA, nådde «The Ballad of You and Me and Pooneil» berre 43. plass, medan «Watch Her Ride» nådde 61. plass. Begge gjekk inn på Topp 40 i Cash Box. Ingen av dei seinare singlane til bandet nådde Topp 40 og fleire gjekk ikkje inn på lista i det heile. AM Top 40-radio vart varsame med gruppa, som hadde hatt ein hit med ein song som inneheldt svakt skulte dopreferansar og hadde singlar som vart rekna som for kontroversielle. Jefferson Airplane fekk derfor aldri den støtta dei trengde på radio for å oppnå Topp 10-hittar igjen.[11]

Trass i dette hadde Jefferson Airplane framleis stort suksess som eit «albumband». Mellom 1967 og 1972 hadde dei åtte plater på rad in på Topp 20 i USA, der både Surrealistic Pillow og Crown of Creation nådde Topp 10.

1968–1970[endre | endre wikiteksten]

I februar 1968 fekk manager Bill Graham sparken etter at Grace Slick gav eit «anten går han eller så går eg»-ultimatum til gruppa. Bill Thompson tok over som permanent manager, og etter å ha sikra gruppa økonomisk tryggleik, oppretta han Icebag Corp. for å ta seg av utgjevingane til bandet og kjøpte eit 20 rom stort herskapshus i 2400 Fulton Street overfor Golden Gate Park nær Haight-Ashbury, som vart kontoret og bustaden til bandet. Bill Laudner vart hyrt inn som turnemanager.

I midten av 1968 vart gruppa fotografert for framsida av Life for ein artikkel om «The New Rock». Dette kom ut 28. juni 1968. Dei gjorde den første store turneen sin i Europa frå miten til seint i 1968, og spelte i lag med The Doors i Nederland, England, Belgia, Tyskland og Sverige. Under ei kjend hending på ein konsert i Amsterdam, medan Airplane spelte «Plastic Fantastic Lover», dukka Doors-songaren Jim Morrison opp på scenen høg på hasj og byrja å danse. Etter kvart som gruppa spelte raskare og raskare, spann Morrison vilt rundt til han til slutt fall medvitslaus om føre Marty Balin. Morrison kunne ikkje spele på konserten med the Doors og vart send på sjukehus, medan organisten Ray Manzarek vart tvungen til å synge all vokalen.[12] Det var òg på denne turneen at Slick og Morrison hadde eit kort forhold, som ho seinare skreiv om i sjølvbiografien sin i 1998.

Det fjerde albumet til Jefferson Airplane, Crown of Creation (utgjeve i september 1968), vart ein kommersiell suksess og nådde sjetteplassen på albumlista. Grace Slick-songen «Lather», som opnar albumet, er sagt å omhandla forholdet hennar med trommeslagaren Spencer Dryden og 30-årsdagen hans. «Triad» var ein song av David Crosby som The Byrds nekta å spele inn på grunn av innhaldet (trekantsex). Slick sin brennande sex- og samfunnskommentar «Greasy Heart» vart gjeven ut som singel i mars 1968. Fleire av songane som vart spelte inn på albumet, kom ikkje med, men vart seinare gjevne ut som bonusspor, mellom anna eit samarbeid mellom Grace Slick og Frank Zappa kalla «Would You Like A Snack?».

Framsyninga deira på The Smothers Brothers på hausten dette året skapte noko oppstuss då Grace Slick dukka opp heilt svart i andletet (ho hevda at ho ville ta på seg all sminka ho såg på sminkerommet) og gjorde Black Panther Party si black power-helsing etter at songen «Crown of Creation» var ferdig.

Gruppa la ut på ein kort turne i Europa i lag med The Doors seint i 1968. I februar 1969 gav RCA ut konsertalbumet Bless Its Pointed Little Head, som var henta frå ein av konsertane seint i 1968 på Fillmore West den 24. til 26. oktober og Fillmore East den 28. til 30. november. Det vart det fjerde albumet til Airplane som nådde Topp 20, med ein 17. plass.

I april 1969 byrja innspelinga til det neste albumet, Volunteers, der dei nytta det nye 16-sporsutstyret i Wally Heider Studio i San Francisco. Dette vart det siste albumet med den «klassiske» besetninga. Utgjevinga vart forseinka då bandet byrja å krangle med selskapet om innhaldet i songar som «We Can Be Together» og «Uncle Sam Blues», og den planlagde tittelen på albumet, Volunteers of America.

Tidleg i august 1969, eit par dagar etter at bandet hadde spelt på ein gratiskonsert i Central Park i New York, spelte dei tidleg på morgonen på Woodstockfestivalen, der gruppa fekk med seg den britiske pianisten Nicky Hopkins.

Like etter Woodstock spelte bandet ein konsert på The Dick Cavett Show. Det nye albumet kom til slutt ut i USA i november 1969 med tittelen korta ned til Volunteers. Songen «Uncle Sam Blues» kom ikkje med, men vart seinare gjeven ut på albumet Hot Tuna. Volunteers gjekk òg inn på Topp 20 i USA med ein 13. plass og selde til gullplate tidleg i 1970. Det var det mest politiske albumet deira, og synte at bandet var imot Vietnamkrigen og dokumenterte reaksjonen deira til den nye politiske atmosfæren i USA. Dei mest kjende songane er tittelsporet, «We Can Be Together», «Good Shepherd» og den postapokalyptiske «Wooden Ships», som Paul Kantner skreiv i lag med David Crosby og Stephen Stills og som Crosby, Stills & Nash spelte inn for debutalbumet sitt.

RCA protesterte mot linja «up against the wall, motherfucker» i Kantner-songen «We Can Be Together», men gruppa klarte å hindre at songen vart sensurert, og peikte på at RCA alt hadde tillate støytande ord på albumet til rockemusikalen Hair.

I desember spelte Airplane på Altamont Free ConcertAltamont Speedway i California, og var det einaste bandet som spelte på alle dei tre ikoniske rockefestivalane i 1960-åra, med Monterey Pop og Woodstock som dei to andre. Konserten hadde The Rolling Stones som hovudband, men konserten vart øydelagd av vald. Marty Balin vart slått ned under ein krangel med Hells Angels-medlemmer som var hyrt inn som vakter. Hendinga vart kjend då den svarte tenåringsjenta Meredith Hunter vart knivstukken føre scenen av Hells Angels-vaktene medan Rolling Stones spelte «Gimmme Shelter».

Spencer Dryden slutta i bandet i februar 1970, utbrent etter fire år på LSD og djupt desillusjonert av hendingane på Altamont, som han seinare omtalte som at «det såg ikkje ut som ein gjeng glade hippiar i strøymande fargar. Det var meir som sepia-farga Hieronymus Bosch.» Han tok fri ein periode og kom tilbake i 1972 på trommer for Grateful Dead-sideprosjektet New Riders of the Purple Sage. Dryden vart erstatta av Joey Covington, som hadde spelt med Hot Tuna i løpet av 1969.

Dei heldt fram å spele konsertar i 1970, men gruppa spelte berre inn ein einaste singel dette året, «Have You Seen the Saucers?» med «Mexico» på baksida. «Mexico» var eit åtak på den dåverande presidenten Richard Nixon sin Operation Intercept, som prøvde å stoppe marihuanasmugglinga inn i USA.

Nedgang og oppløysing[endre | endre wikiteksten]

1971 var eit opprivande år for Jefferson Airplane. Grace Slick og Paul Kantner hadde starta eit forhold i løpet av 1970 og den 25. januar 1971 vart dotter deira fødd. Grace skilde seg frå den første mannen hennar kort tid før dette, men ho og Kantner var samde om at dei ikkje skulle gifte seg.

I mars 1971 valde grunnleggaren og vokalisten i Airplane, Marty Balin, å forlate bandet offisielt etter å ha vore isolert i fleire månader frå dei andre. Sjølv om han hadde spelt på konsertane til bandet etter at den kreative retninga deira gjekk bort frå kjærleikssongar som han spesialiserte seg på, eit aukande alkoholproblem og klikkane i bandet med Kantner/Slick og Kaukonen/Casady, så hadde han vorte tredje hjul på vogna. Han var òg djupt råka av dødsfallet til venen Janis Joplin, og hadde starta ein sunnare livsstil. Balin studerte yoga og heldt seg borte frå narkotika og alkohol, og dette distanserte han frå resten av gruppa. Dette gjorde òg innspelinga av oppfølgjaren til Volunteers vanskeleg. Balin hadde nyleg skrive fleire nye songar, mellom andre «Emergency» og den lange R&B-aktige «You Wear Your Dresses Too Short», som begge skulle kome ut på arkivutgjevinar.

Den 13. mai 1971 vart Grace Slick skadd i ei alvorleg bilulukke då bilen hennar smelte inn i ein tunnelvegg nær Golden Gate Bridge i San Francisco. Det tok fleire månader for ho å bli frisk att, og Airplane måtte avlyse dei fleste konsertane sine i 1971.

Bandet klarte likevel å gå i studio i løpet av 1971. Albumet deira Bark kom ut i september 1971. Sjølv om det var det siste albumet i kontrakten til bandet med RCA, vart det gjeve ut på bandet sitt eige selskap, Grunt Records. Manager Bill Thompson hadde fått til ein avtale med RCA som lét Jefferson Airplane å styre Grunt Records slik dei sjølv ønskte, men framleis distribuere platene sine gjennom RCA.

Singelen «Pretty As You Feel» var utdrag frå ein lang jam på albumet med solovokal av Joey Covington, som skreiv songen. Det var den siste singelen til Jefferson Airplane som nådde singellista i USA, med ein 60. plass. Albumet gjekk opp til 11. plass, høgare enn Volunteers.

Sjølv etter at Balin forsvann, var det eit stort kreativt og personleg skilje mellom Slick og Kantner på den eine sida og Kaukonen og Casady på den andre. Desse problema vart forsterka med eit aukande dopmisbruk, særleg alkoholismen til Slick, som førte til at konsertane deira varierte kraftig. I byrjinga av 1972 var det klart for folk flest nær gruppa at Jefferson Airplane låg nede og var i ferd med å gå i oppløysing.

Bandet heldt ut lenge nok til å spele inn eit album til, kalla Long John Silver, som vart starta i april 1972 og som kom ut i juli. På denne tida hadde bandmedlemmene òg sine eigne soloprosjekt. Hot Tuna hadde til dømes gjeve ut eit nytt album, First Pull Up, Then Pull Down i 1971, som hadde meir suksess enn føregangaren. Sjølv om han på papiret framleis var medlem av bandet, var Joey Covington oppteken med sitt eige album med Peter Kaukonen og Black Kangaroo på Grunt. Derfor spelte John Barbata (tidlegare The Turtles og CSNY) trommer på det meste av albumet og turneen som følgde. Long John Silver nådde 20. plass.

Då Covington formelt forlét bandet og den gamle venen til Kantner, David Freiberg, kom inn på vokal, starta Jefferson Airplane ein turne for å promotere Long John Silver sommaren 1972. Dette var dei første konsertane deira på over eit år. Turneen inkluderte ein stor gratiskonsert i Central Park med meir enn 50 000 tilhøyrarar. Gruppa reiste attende til vestkysten i september og spelte konsertar i San Diego, Hollywood og Albuquerque. Turneen enda med to konsertar i Winterland i San Francisco (21.-22. september), som begge vart fanga på lydband. Mot slutten av den andre konserten kom Marty Balin på scenen for å synge «Volunteers» og «You Wear Your Dresses Too Short».

Sjølv om det aldri kom ei offisiell oppløysingsmelding, vart Winterland-konsertane dei siste konsertane til Jefferson Airplane før gjenforeininga i 1989. Mot slutten av 1972 hadde Casady og Kaukonen forlate gruppa og konsentrerte seg om Hot Tuna og skøyteløp. Med Kantner og Slick spelte Feirberg inn Baron Von Tollbooth and the Chrome Nun før dei starta bandet Jefferson Starship i 1974. Både Kantner og Slick spelte inn soloalbum i tillegg. Det andre konsertalbumet til Jefferson Airplane, Thirty Seconds Over Winterland, kom ut i april 1973.

Jefferson Starship, gjenforeining og nyare tid: 1974 til i dag[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Jefferson Starship.
Starship i 2010.

I 1974, fire år etter Blows Against The Empire (ein forgjengar for Jefferson Starship med Paul Kantner og Grace Slick) vart Jefferson Starship formelt lansert med utgjevinga av albumet Dragon Fly og singelen «Ride The Tiger». Balin song på ein song, «Caroline», og i tillegg til Kantner og Slick, bestod bandet av David Freiberg (klaverinstrument, bass), Craig Chaquico (sologitar), Pete Sears (bass, klaverinstrument), John Barbata (trommer) og Papa John Creach (elektrisk fiolin). Jefferson Starship heldt fram med forskjellige bestningar til inn i 1980-åra, men vart aldri like kritikarrost som forgjengaren.

Fleire bitre hendingar i 1984 medførte at Paul Kantner forlét Jefferson Starship, som måtte endra namnet til Starship då ingen av dei gjenverane Jefferson Airplane-medlemmene var med. Kantner var gjenforeint med Balin og Jack Casady i 1985 for å danne KBC Band. Dei gav berre ut eitt album, KBC Band, med hitten «America» i 1987 på Arista Records. KBC Band bestod òg av keyboardspelaren Tim Gorman, som hadde spelt med The Who, og gitaristen Slick Aguilar, som hadde spelt i bandet til David Crosby.

Samarbeidet mellom Kantner, Balin og Casady opna for ei full gjenforeining av Jefferson Airplane. Den 4. mars 1988, under ein konsert med Hot Tuna i San Francisco i the Fillmore (med Paul Kantner og Papa John Creach) gjorde Grace Slick ein gjesteopptreden. Dette førte til ei formell gjenforeining av det originale Jefferson Airplane med nesten alle hovudmedlemmene, inkludert Marty Balin, men utan Spencer Dryden. Albumet Jefferson Airplane kom ut på Columbia Records til moderate salstal, men turneen som følgde vart populær. I 1996 vart Jefferson Airplane innlemma i Rock and Roll Hall of Fame, med Balin, Casady, Dryden, Kantner & Kaukonen til stades under seremonien, som dei spelte på. Grace Slick var der ikkje på grunn av helseproblem.

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Bass
Trommer
Gitarar
Fiolin
Vokal





Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Blogcritics Music - Artist Overview - Jefferson Airplane, arkivert frå originalen 18. oktober 2011, henta 8. februar 2011 
  2. Billy Altman, amazon.com
  3. Bruce Elder, allmusic.com
  4. rollingstone.com, arkivert frå originalen 2. mars 2010, henta 8. februar 2011 
  5. Blogcritics Music - Artist Overview - Jefferson Airplane, arkivert frå originalen 28. juli 2011, henta 8. februar 2011 
  6. All Music Guide Biography Jefferson Airplane av William Ruhlmann
  7. A Child's Garden Of Grass, Margolis & Clorfene 1970
  8. Jorma Kaukonen biography, arkivert frå originalen 27. november 2009, henta 8. februar 2011 
  9. Murrells, Joseph (1978). The Book of Golden Discs (2nd utg.). London: Barrie and Jenkins Ltd. s. 224. ISBN 0-214-20512-6. 
  10. YouTube - Somebody To Love/White Rabbit Jefferson Airplane
  11. Yahoo! Music - Jefferson Airplane biography
  12. The Doors: Live in Europe 1968 (1991)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]