Igor Bondarevskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Igor Zakharovitsj Bondarevskij, russisk: Игорь Захарович Бондаревский, (12. mai 191314. juni 1979), fødd i Rostov-na-Donu, Russland , død i Pjatigorsk, var ein sovjetisk russisk sjakkspelar, Stormeister i sjakk både i nærsjakk og i fjernsjakk, internasjonal sjakkdommar (IA), sjakktrenar og forfattar av sjakkbøker. Bondarevskij delte førsteplassen i Sovjetmeisterskapen i sjakk for 1940, og var seinare trenar for verdsmeisteren i sjakk Boris Spasskij.

Tidleg sjakkarriere[endre | endre wikiteksten]

Igor Bondarevskij deltok i den 5. russiske meisterskapen Gorkij 1935, der han klarte delt 6-7-plass med 4/9, vinnar var Alexander Tolusj. Året etter vann han ei sterk turnering i Leningrad med 11,5/14, utan tap, og med to poeng margin til nummer to. Dette resultatet kvalifiserte han for Sovjetmeisterskapen for 1937. Han fekk i mellomtida delta i den internasjonale turneringa i Moskva i 1937, der han berre kom på 7-8-plass med 2,5/7, vinnar var Reuben Fine. Men den 10. Sovjetmeisterskapen i Tbilisi i 1937 gjekk betre, med solide 9,5/19 og delt 10-12-plass, vinnar var Grigorij Levenfisj. Bondarevskij klarte 3-4-plass i semifinalen til den 11. sovjetmeisterskapen, med 10,5/17, og kvalifiserte seg med dette. Deretter kom ei ny dårleg turnering i den sterke internasjonale turneringa Leningrad/Moskva 1939 med berre 5/17 og 17-plass, vinnar var Salo Flohr.

Sovjetmeister og seinare karriere[endre | endre wikiteksten]

Bondarevskij etablerte seg som toppspelar i Sovjetunionen med ein 6-plass i den 11. Sovjetmeisterskapen i Leningrad 1939, med 10/17; vinnar var Mikhail Botvinnik. Dette gjorde at han slapp spele kvalifisering til neste års Sovjetmeisterskap. Karrieretoppen kom allereie i den 12. Sovjetmeisterskapen i Moskva i 1940, der han delte førsteplassen med Andor Lilienthal, framom Keres, Boleslavskij og Botvinnik. Dette kvalifiserte han til deltaking i ei turnering i 1941 kalla Den absolutte Sovjetmeisterskapen, halde i Leningrad og Moskva. Dette var ei av dei aller sterkaste turneringane som var halde til då, med seks av dei sterkaste spelarane i verda. Mikhail Botvinnik vann turneringa, framom Keres, Boleslavskij, Smyslov, og Lilienthal. Bondarevskij var nummer 6 og sist.

Bondarevskij deltok i Intersoneturneringa i Saltsjöbaden i 1948, der han delte 6-9-plassen, og kvalifiserte seg for kandidatturneringa i Budapest 1950. Der fekk han ikkje deltatt fordi han var sjuk. Etter dette spelte han berre nokre få turneringar, der det kan nemnast at han tok ein andreplass etter Svetozar Gligorić i Hastings 1960/61.

Han var blant dei 27 første som vart utnemnd til Stormeister i sjakk av Verdssjakkforbundet FIDE då tittelen vart innført i 1950. Han vart utnemnd til internasjonal sjakkdommar (IA) i 1954, og etter sterke resultat i postsjakk vart han Stormeister i fjernsjakk i 1961.

Trenar for verdsmeisteren[endre | endre wikiteksten]

Bondarevskij var ikkje berre ein framifrå spelar, men han var også trenar for Boris Spasskij fram mot verdsmeisterskapen i sjakk. Samarbeidet starta tideleg på 1960-talet, og kulminerte med Spasskij sin siger over Tigran Petrosian i VM-kampen i 1969.

Bondarevskij var økonom av utdanning. Han var gift med Valentina Kozlovskaja, som også var ein sterk sjakkspelar.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]