Jacques Cartier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kanadisk frimerke med teikning av Jacques Cartier og sjøfolk frå 1934.

Jacques Cartier (31. desember 14911. september 1557) var ein fransk oppdagar kjend for utforsking av Canada, som han namngav som første europear, og kartlegginga av St. Lawrence-bukta.

Kart frå rundt 1543 som viser oppdagingane til Cartier.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Jacques Cartier var ein sjømann fødd i Saint-Malo i Bretagne, ein av dei største sjøfartsbyane i Frankrike på den tida. Han skal ha vore med på fleire ekspedisjonar til Den nye verda, før han fekk i oppdrag av Frans I å leia sin eigen.

Utforsking[endre | endre wikiteksten]

Kart over første ferda til Cartier
Kart over andre ferda.

10. mai 1534 la Cartier ut på ei ferd mot Nord-Amerika for å prøva å finna ein nordleg sjøveg til Asia og om mogleg finna gull eller andre verdifulle ressursar. Etter ein overfart på tjue dagar kunne Cartier utforska Newfoundland. Han fann St. Lawrence-bukta, og gjorde krav på landet i namnet til den franske kongen. Ekspedisjonen møtte også amerikanske urfolk—først truleg micmac, som han handla med, og seinare irokesarar, som han bortførte to unge gutar frå. Faren til gutane, høvdingen Donnacona, skal til slutt ha gått med på å la dei fara, mot at dei blei førte tilbake med handelsvarer. I september 1534 vende Cartier sin ekspedisjon tilbake til Frankrike i trua på at dei hadde vitja Asia.

Cartier la ut på ei ny ferd den 19. mai 1535 med tre skip, 110 menn og dei to irokesargutane. Dei siglde opp St. Lawrence-elva for første gong og kom fram til irokesarhovudstaden Stadacona. Med det minste skipet drog Cartier vidare oppover elva og kom til den større landsbyen Hochelaga, der dei blei møtt av eit tusentals irokesarar. Cartier gav byen namnet Mont Royal, seinare Montreal. Franskmennene overvintra i Stadacona. Om vinteren blei både europearar og urfolk sjuke av skjørbuk, men Domagaya, den eine av gutane som hadde vitja Frankrike, lærte Cartier korleis han kunne laga eit botemiddel av eit tre, truleg tuja. Ekspedisjonen drog tilbake til Europa i mai 1536, saman med fleire irokesarar, mellom dei Donnacona. Cartier ønskte særleg at høvdingen skulle fortelja meir om kongeriket Saguenay, der det skulle vera rike mineralgruver. Skipa nådde Saint-Malo 15. juli 1536.

Koloniseringsforsøk[endre | endre wikiteksten]

Statue av Jacques Cartier i Saint-Malo.

Jacques Cartier blei utnemnd til nestkommanderande for ein nybyggjarekspedisjon i 1541, under Jean-François Roberval. Han grunnla fortet Charlesbourg-Royal (Cap-Rouge) ved Québec, der det blei planta grønsaker og innført kveg. Oppdagarane oppdaga også store mengdar av det dei trudde var gull og diamantar, men som seinare viste seg å vera svovelkis og kvarts. Cartier leita også etter Saguenay-riket, men stryk og dårleg vêr hindra han i å dra oppover Ottawa-elva slik han ønskte.

I Charlesbourg-Royal var tilhøvet til irokesarane blitt dårleg, og det ser ut til at dei gjekk til åtak og drap rundt 35 nybyggjarar vinteren 1541-42. I juni 1542 drog Cartier tilbake til Frankrike. Han møtte Roberval på vegen og fortalde om problema i kolonien. Charlesbourg-Royal blei seinare forlaten.

Dette var siste reisa til Cartier. Han budde resten av livet i Saint-Malo og på eigedommen sin i nærleiken. Han døydde 65 eller 66 år gammal under ein epidemi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]