Jarrow
|
Jarrow |
||
|---|---|---|
| Kapell ved Jarrow gravplass | ||
| Plassering | ||
|
|
||
| Styresmakter | ||
| Land | ||
| Konstituerande land | ||
| Grevskap | Tyne and Wear | |
| Distrikt | South Tyneside | |
| Geografi | ||
| Innbyggjarar - By (2001) |
27 526 |
|
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Diverse annan informasjon | ||
| Postnummer | NE32 | |
| Telefon-retningsnummer | 0 191 | |
Jarrow er ein by ved elva Tyne i England. Byen høyrer til distriktet South Tyneside i Tyne and Wear.
Historie [endre]
Den eldste kjende busetnaden er eit romersk fort grunnlagt i 1. hundreåret. Staden vart så busett av angelsaksarane på 400-talet, og dagens stadnamn er ei forvansking av namnet deira, Gyrwe, som tyder «hei» eller «myr».
Eit kloster vigd Apostelen Paulus vart oppretta på andre halvdelen av 500-talet, som eit dotterkloster til klostret vigd Apostelen Peter i Wearmouth. Beda den ærverdige kom frå Wearmouth til Jarrow ca 682, då han var ti år gammal, og var resten av livet sitt i klostret. Det vart rekna som eit av dei viktigaste læresentra i Europa nord for Roma. I 794 vart klostret den andre staden i England som vart plyndra av vikingar, etter raidet på Lindisfarne året før. Det vart oppløyst av Henrik VIII.
Jarrow vart verande ein liten landsby i fleire hundreår, men voks så raskt i dei siste to-tre hundreåra etter at tungindustri som gruvedrift og skipsbygging vart etablert.
Inntil byrjinga på 1930-talet var opptil 80% av folkesetnaden tilsett hos Palmar's Shipyard; då han stengte etter å ha bygd omkring 1 000 skip utløyste det ei økonomisk krise i byen. I 1936 vart byen kjend etter den såkalla Jarrowmarsjen til London, ein protest mot arbeidsløyse i England.
Attraksjonar [endre]
Ruinane av klostret er til dels bygd inn i den moderne kyrkja, som òg er vigd Paulus. I ein av kyrkjeveggane sit det eldste kjende glasmåleriet i verda, frå ca 600. Ikkje langt unna klostret er museet «Bede's World», dedikert til Bedas liv og virke.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Jarrow» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2011.