Jens Holmboe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jens Holmboe. Illustrasjon i Verdens Gang, 1883.

Jens Holmboe (14. juli 182113. juli 1891) var ein embetsmann, statsråd og stortingsrepresentant frå Tromsø. Han var soneson til Jens Holmboe den eldre, som organiserte nyryddinga av Målselv og Bardu, og han var farfar til botanikaren Jens Holmboe den yngre.

Holmboe tok juridisk embetseksamen i 1845. Han var fut og sorenskrivar i Hammerfest frå 1856. Då Finmarkens amt vart delt i to (Finmarkens amt og Tromsø amt) i 1866, vart han amtmann i den nordlege delen, eit embete han styrte fram til 1874.

Holmboe representerte Finnmarken på Stortinget i 1859-60, 1862-63, 1864 og 1868-69. I 1859-60 var han sekretær i kyrkjekomiteen, i 1862-63 i kyrkjekomite nr 1. I 1868-69 var han formann i kyrkjekomite nr 1 og medlem av valkomiteen. Han var medlem av ulike deputasjonar; til kryninga i Stockholm 1860, til Eidsvoll 17. mai 1864, og til Stockholm 4. november 1864.

I tida 1874 til 1884 var Holmboe medlem av statsrådet, han var vekselvis sjef for fleire departement; Justisdepartementet, Finansdepartementet, Kyrkje- og undervisningsdepartementet og Marinedepartementet). I periodar var han medlem av statsrådsavdelinga i Stockholm. Ved riksrettsaka i 1884 vart han frådømt statsrådsembetet.

I 1885 vart Holmboe på ny vald inn på Stortinget frå Finmarken, men valet var forkasta med 81 røyster mot 23. Derimot vart han innvald på Stortinget 1889-91, då frå Smaalenenes amt. Han representerte då partiet Høgre og vart vald til formann i konstitusjonskomiteen og medlem av valkomiten.

Holmboe var seinare byfut i Arendal og sorenskrivar i Moss. Han døydde i Kristiania under stortingsopphaldet i 1891.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Jens Holmboes slektstre