Jo Jones

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jo Jones (11. oktober 19113. september 1985) — seinare kjend som Papa Jo Jones — var ein amerikansk trommeslagar og ein av dei viktigaste stilskaparane innan jazzen. Han var fødd Jonathan Jones i Chicago, og flytte til Alabama, der han lærte seg å spele både saksofon, piano og trommer.

Jones arbeidde som trommeslagar og steppar på karnevalframsyningar fram til han starta i bandet til Walter Page, The Blue Devils, i slutten av 1920-åra. I 1933 vart han med i Count Basie sitt band. Jones, Basie, gitaristen Freddie Green og bassisten Walter Page utgjer ein av dei viktigaste rytmeseksjonane i jazzhistoria. Jones hadde ein kort pause frå bandet då han var i militæret, men bortsett frå dette spelte han med Basie fram til 1948.

Jones var ein av dei første trommeslagarane som utnytta moglegheitene i å nytte vispar i staden for trommestikker. Han var også kreativ i sin bruk av hi-haten, og lét denne drive musikken i større grad enn dei tidlegare trommeslagarane, som i større grad hadde nytta basstromma for å markere pulsen. På grunn av dette vert Jones rekna som den fremste trommeslagaren i Swing-æraen, og den som bygde bru mellom den klassiske og moderne trommestilen innan jazz.

Han hadde stor påverknad på trommeslagarar som Buddy Rich, Kenny Clarke, Roy Haynes, Max Roach og Louie Bellson. Han var også med i fleire filmar, til dømes Jammin' the Blues frå 1944. I 1985 fekk han eit «American Jazz Masters fellowship» frå the National Endowment for the Arts.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • The Drums (1973)
  • The Main Man (1976)
  • Our Man, Papa Jo! (1985)

Filmar[endre | endre wikiteksten]

  • Jammin’ the Blues (1944)
  • Born to Swing (1973)
  • The Last of the Blue Devils (1979)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]