Johannespasjonen av Bach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johannespasjonen
BWV 245
Pasjonsmusikk av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1724
Urframføringlangfredag 1724
Publiseringsdato1831
Revidert1725-1739
Typisk lengd116:20
Satsar/akter40
Tekst avEvangeliet etter Johannes, samt ukjend tekstforfattar

Johannespasjonen (tysk Johannes-Passion), BWV 245, er eit oratorium av Johann Sebastian Bach.[1] Den opphavlege latinske tittelen, Passio Secundum Johannem, tyder «Lidinga etter Johannes». Den første vinteren Bach hadde ansvaret for kyrkjemusikken ved Tomaskyrkja og Nikolaskyrkja, komponerte han Johannespasjonen for aftansongenlangfredag i 1724.[2]

Johannespasjonen er ei dramatisk skildring av pasjonen, som fortalt i Evangeliet etter Johannes, bygd opp kring resitativ og koralar, kommentert av reflekterande koralar, ariosoar og ariar, mellom ein opningskoral og ein avsluttande ein.[3] Samanlikna med Matteuspasjonen har Johannespasjonen vorte skildra som overdriven, med ei uttrykksfull umiddelbarheit, stundom meir uhemma og mindre «ferdig».[4]

Første framføring[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg tenkte Bach å få Johannespasjonen framført første gong i Tomaskyrkja i Leipzig, men på grunn av ei endring av musikkrådet i siste augneblink vart han først framført i 1724 i i Nikolaskyrkja.[5] Bach gjekk raskt med på dette, men gjorde merksam på at heftet alt var trykt, at det ikkje var rom tilgjengeleg, og at cembaloen måtte reparerast. Han bad òg om å få bruke eit lite rom på galleriet, der musikarane skulle sitje og spele.[6] Rådet gjekk med på det og sende ein løpesetel om flyttinga til folk rundt om i Leipzig.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Bach følgde kapittel 18 og 19 i Evangeliet etter Johannes i den lutherske Bibelen. Tenor-evangelisten fortel bibelteksten ordrett. Kven som har skrive poesien mellom bibeltekstane, er ukjend. Modellar for denne pasjonen er Brockes-pasjonen og ein Johannespasjon av Christian Heinrich Postel. Den første scenen er Kedrondalen, den andre palasset til ypparstepresten Kaifas. Del to er delt i tre scener, ei ved Pontius Pilatus, ei ved Golgata og til slutt gravplassen. Den dramatiske diskusjonen mellom Pilatus, Jesus og menneskemengda er ikkje avbroten av reflekterande element, men ein enkelt sentral «koral» (#22).

Del ein

1. Koral: Herr, unser Herrscher, dessen Ruhm in allen Landen herrlich ist!

2a. Evangelist, Jesus: Jesus ging mit seinen Jüngern über den Bach Kidron
2b. Koral: Jesum von Nazareth
2c. Evangelist, Jesus: Jesus spricht zu ihnen
2d. Koral: Jesum von Nazareth
2e. Evangelist, Jesus: Jesus antwortete: Ich hab's euch gesagt, daß ich's sei

3. Koral: O große Lieb, o Lieb ohn alle Maße

4a. Evangelist, Jesus: Auf daß das Wort erfüllet würde

5. Koral: Dein Will gescheh, Herr Gott, zugleich

6. Evangelist: Die Schar aber und der Oberhauptmann
7. Arie (alt, oboar): Von den Stricken meiner Sünden
8. Evangelist: Simon Petrus aber folgete Jesu nach
9. Arie (sopran, fløyter): Ich folge dir gleichfalls mit freudigen Schritten
10. Evangelist, Maid, Peter, Jesus, Servant: Derselbige Jünger war dem Hohenpriester bekannt

11. Koral: Wer hat dich so geschlagen

12a. Evangelist: Und Hannas sandte ihn gebunden zu dem Hohenpriester Kaiphas
12b. Koral: Bist du nicht seiner Jünger einer?
12c. Evangelist, Peter, Servant: Er leugnete aber
13. Arie (tenor): Ach, mein Sinn

14. Koral: Petrus, der nicht denkt zurück

Del to

15. Koral: Christus, der uns selig macht

16a. Evangelist, Pilate: Da führeten sie Jesum von Kaiphas vor das Richthaus
16b. Koral: Wäre dieser nicht ein Übeltäter, wir hätten dir ihn nicht überantwortet.
16c. Evangelist, Pilate: Da sprach Pilatus zu ihnen
16d. Koral: Wir dürfen niemand töten.
16e. Evangelist, Pilate, Jesus: Auf daß erfüllet würde das Wort Jesu

17. Koral: Ach großer König, groß zu allen Zeiten

18a. Evangelist, Pilate, Jesus: Da sprach Pilatus zu ihm
18b. Koral: Nicht diesen, sondern Barrabam!
18c. Evangelist, Pilate, Jesus: Barrabas aber war ein Mörder.
19. Arioso (bass, viole d'amore, lutt): Betrachte, meine Seel, mit ängstlichem Vergnügen
20. Arie (tenor, viole d'amore): Erwäge, wie sein blutgefärbter Rücken
21a. Evangelist: Und die Kriegsknechte flochten eine Krone von Dornen
21b. Koral: Sei gegrüßet, lieber Jüdenkönig!
21c. Evangelist, Pilate: Und gaben ihm Backenstreiche.
21d. Koral: Kreuzige, kreuzige!
21e. Evangelist, Pilate: Pilatus sprach zu ihnen
21f. Koral: Wir haben ein Gesetz, und nach dem Gesetz soll er sterben
21g. Evangelist, Pilate, Jesus: Da Pilatus das Wort hörete, fürchtet' er sich noch mehr

22. Koral: Durch dein Gefängnis, Gottes Sohn muß uns die Freiheit kommen

23a. Evangelist: Die Jüden aber schrieen
23b. Koral: Lässest du diesen los, so bist du des Kaisers Freund nicht
23c. Evangelist, Pilate: Da Pilatus da Wort hörete, führete er Jesum heraus
23d. Koral: Weg, weg mit dem, kreuzige ihn!
23e. Evangelist, Pilate: Spricht Pilatus zu ihnen
23f. Koral: Wir haben keinen König denn den Kaiser.
23g. Evangelist: Da überantwortete er ihn daß er gekreuziget würde.
24. Arie (bass) e koral: Eilt, ihr angefochtnen Seelen
25a. Evangelist: Allda kreuzigten sie ihn
25b. Koral: Schreibe nicht: der Jüden König
25c. Evangelist, Pilate: Pilatus antwortet

26. Koral: In meines Herzens Grunde

27a. Evangelist: Die Kriegsknechte aber, da sie Jesum gekreuziget hatten, nahmen seine Kleider
27b. Koral: Lasset uns den nicht zerteilen, sondern darum losen, wes er sein soll.
27c. Evangelist, Jesus: Auf daß erfüllet würde die Schrift

28. Koral: Er nahm alles wohl in acht

29. Evangelist, Jesus: Und von Stund an nahm sie der Jünger zu sich.
30. Arie (alt, gambe): Es ist vollbracht!
31. Evangelist: Und neiget das Haupt und verschied.
32. Arie (bass) e koral: Mein teurer Heiland, laß dich fragen
33. Evangelist: Und siehe da, der Vorhang im Tempel zeriß in zwei Stück
34. Arioso (tenor, fløyter, oboar): Mein Herz, in dem die ganze Welt bei Jesu Leiden gleichfalls leidet
35. Arie (sopran, fløyte, obo da caccia): Zerfließe, mein Herze, in fløyten der Zähren
36. Evangelist: Die Jüden aber, dieweil es der Rüsttag war

37. Koral: O hilf, Christe, Gottes Sohn

38. Evangelist: Darnach bat Pilatum Joseph von Arimathia

39. Koral: Ruht wohl, ihr heiligen Gebeine

40. Koral: Ach Herr, lass dein lieb Engelein

Bach følgde Evangeliet etter Johannes, men la til to linjer frå Evangeliet etter Matteus, nemleg ropet til Peter og forhenget som rivna i tempelet.

Han valde koralane «Herzliebster Jesu, was hast du verbrochen» av Johann Heermann (1630), vers 6 for sats 3, vers 7 & 8 for 17, «Vater unser im Himmelreich» av Martin Luther (1539), vers 4 for sats 5, «O Welt, sieh hier dein Leben» av Paul Gerhardt (1647), vers 3 & 4 for sats 11, «Jesu Leiden, Pein und Tod» av Paul Stockmann (1633), vers 10 for sats 14, vers 20 for 28, det siste verset for 32, «Christus, der uns selig macht» av Michael Weiße (1531), vers 1 for sats 15, vers 8 for 37, «Valet will ich dir geben» av Valerius Herberger (1613), vers 3 for sats 26, «Herzlich lieb hab ich dich, o Herr» av Martin Schalling (1571), vers 3 for sats 40.

For den sentrale koralen (#22) «Durch dein Gefängnis, Gottes Sohn muß uns die Freiheit kommen» (Gjennom fengselet ditt, Guds son, må fridom kome til oss) tilpassa Bach teksten frå ein arie frå Johannespasjonen til Christian Heinrich Postel (1700) og nytta melodien frå «Mach's mit mir, Gott, nach deiner Güt» av Johann Hermann Schein. Oppbygginga av del to syner symmetri rundt denne satsen. Musikken før koral #21f «Wir haben ein Gesetz» samsvarar med #23b «Lässest du diesen los», kravet #21d «Kreuzige ihn!» vert repetert meir intenst i #23d «Weg, weg mit dem, kreuzige ihn!», #21b «Sei gegrüßet, lieber Jüdenkönig» dukkar opp igjen som #25b «Schreibe nicht: der Jüden König».[7][8]

Instrumentering[endre | endre wikiteksten]

Johannespasjonen er skriven for eit ensemble av solistar, firedelt kor, strykarar og basso continuo og to av kvar av tverrfløyte, obo og obo da caccia. For utvalde stemningar nytta Bach òg lutt, bratsj d'amore og gambe, instrument som alt var gammaldagse på denne tida.

I dagens framføringa vert rolla som Jesus gjeven til ein bassolist, Pilatus og bassariane til ein annan. Somme tenorar syng evangelistane og ariane. Mindre delar (Peter, tenestejenta) vert stundom framført av kormedlemmer.

Utgåver[endre | endre wikiteksten]

Musikkforskarar har oppdaga at Bach reviderte Johannespasjonen sin fleire gonger før han produserte ein siste versjon i 1740-åra.[9] Seinare nummer som Bach innførte i 1725, men seinare fjerna, kan ein finne som appendiks til partituret hans, slik som i Neue Bach Ausgabe.[10]

Johannespasjonen var ikkje den første pasjonen Bach komponerte. Medan han arbeidde som organist i 1708 og Konzertmeister i 1714 i Weimar, skreiv truleg Bach ein pasjon, men denne er no tapt.[11] Somme forskarar meiner at delar av Johannespasjonen har ei eldre kjensle, og at delar av pasjonen er bitar frå den tidlegare pasjonen frå Weimar.[11] I motsetnad til Matteuspasjonen, som Bach berre gjorde få endringar på, gjorde han fleire større endringar på Johannespasjonen.[12] Den opphavlege utgåva frå 1724 er den mest kjende i dag.[13]

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Teksten Bach sette musikk til, har vorte kritisert for å vere antisemittisk.[14] Dette heng saman med tonen i Evangeliet etter Johannes med tanke på jødedomen.[15]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Steinberg, Michael. Choral Masterworks: A Listener’s Guide, 19. New York: Oxford University Press. 2005.
  2. Williams, Peter. The Life of Bach, 114. Cambridge: Cambridge University Press. 2004.
  3. Daw, Stephen. The Music of Johann Sebastian Bach: The Choral Works, 107. Canada: Associated University Presses, Inc. 1981.
  4. Steinberg, to2.
  5. Wolff, Christoph. Johann Sebastian Bach: The Learned Musician, 291. New York: WW Norton & Company. 2000.
  6. Wolff, 291.
  7. The Passion of Saint John, BWV 245 commentary of Michael Steinberg (2004)
  8. Architecture and Sources of the St. John Passion Neuer Basler Kammerchor (tysk)
  9. Wolff, 293-4.
  10. Wolff, 294.
  11. 11,0 11,1 Steinberg, 19.
  12. Wolff, 297.
  13. Melamed, 72.
  14. Steinberg, 23.
  15. Steinberg, to6.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]