Matteuspasjonen av Bach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Matteuspasjonen
BWV 244
Pasjonsmusikk av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1727
Første framføring 11. april 1727
Publiseringsdato 1830
Typisk lengd 159:24
Satsar 68
Tekst av Evangeliet etter Matteus, kap. 26 og 27

Matteuspasjonen, BWV 244, (tysk Matthäus-Passion), er eit musikkverk komponert av Johann Sebastian Bach i 1727 for songsolistar, dobbelt kor og dobbelt orkester, med libretto av Picander (Christian Friedrich Henrici). Her er teksten frå kapittel 26 og 27 Evangeliet etter Matteus sett til musikk, med koralar og ariar i mellom. Det vert rekna for eit av meisterverka innan klassisk kyrkjemusikk. Den originale latinske tittelen Passio Domini Nostri J.C. Secundum Evangelistam Matthaeum, tyder «Lidinga til vår herre J.C. etter evangelisten Matteus».

Berre to av dei fire (eller fem) pasjonane Bach skreiv finst i dag, den andre er Johannespasjonen. Matteuspasjonen vart truleg spelt første gong langfredag (11. april) 1727[1] i Thomaskirche i Leipzig, der Bach var kapellmeister. Han reviderte verket i 1736 og framført det igjen 30. mars 1736, denne gongen med to orgel.

Matteuspasjonen vart ikkje framført utanfor Leipzig før 1829, då Felix Mendelssohn framførte ei forkorta og endra utgåve i Berlin til særs god kritikk. Då Mendelssohn tok opp Matteuspasjonen førte dette til at musikken til Bach, særleg dei store verka, igjen vart lagt merke til.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Mange komponistar komponerte pasjonsmusikk på slutten av 1600-talet. Som andre oratoriumpasjonar i barokken, presenterte Bach-utgåva bibelteksten til Matteus 26-27 forholdsvis enkelt, og nytta hovudsakleg resitativar, medan arie- og arioso-satsar nytta nyskriven poesi som kommenterte forskjellige hendingar i bibelteksten og presenterte sinnstilstanden til personane lyrisk, på ein monologliknande måte.

To særeigne sider ved settingane til Bach kjem frå den andre kyrkjemusikken hans. Det eine er det doble korformatet, som kjem frå motettane hans for doble kor og dei mange andre komponistane han ofte starta sundagsgudstenesta med. Den ander er den omfattande bruken av koralar, som er i standard firedelt format, med ariar i mellom og som ein cantus firmus i store polyfone satsar. Dette ser ein særleg i «O Mensch, bewein dein’ Sünde groß,» avsluttinga på første halvdel - ein sats som Bach òg nytta for den andre utgåva (1725) av Johannespasjonen (seinare - 1730 - gjekk han attende til den opphavlege «Herr, unser Herrscher» der) [2]. Opningskoralen, «Kommt, ihr Töchter, helft mir Klagen» nyttar òg koral cantus firmus, der sopranen i ripieno kroner ein kolossal oppbygging av polyfon og harmonisk spenning, ved å synge eit vers av «O Lamm Gottes, unschuldig.»

Manuskripta som finst i dag består av åtte concertato-partitur, nytta for åtte solistar, som òg syng i dei to kora. Ein trur at Bach skreiv og framførte Matteuspasjonen for ei stemme per del, eller åtte stemmer totalt, i staden for dei to vanlege kora som ein ofte nyttar i framføringa og innspelingar i dag.

Forteljinga frå evangeliet vert sungen av tenoren i secco som ein resitativ berre med ein generalbass som akkompagnement. Solistar syng teksten til forskjellige karakterar, òg som resitativar. I tillegg til Jesus finn ein delar for Judas, Peter, to yppersteprestar, Pontius Pilatus, kona til Pilatus, to vitner og to ancillae (tenestejenter). Desse vert ikkje alltid sungen av alle dei forskjellige solistane. «Karaktersolisten» får ein arie og syng i lag med kora, noko ein ikkje alltid gjer i moderne framføringar. To duettar vert sungen av eit solistpar som representerer to som snakkar saman. Fleire passasjar for fleire talarar, kalla turba-delar (menneskemengd), vert sungen av eitt av dei to kora.

Bach sine resitativ for Jesus er særleg særeigne. Dei vert alltid akkompagnert av både generalbass og heile strykeseksjonen i det første orkesteret ved hjelp av lange, vedvarande tonar, og skaper ein effekt som ofte vert kalla «haloen» til Jesus. Berre dei siste orda hans, skriven i arameisk, Eli, eli, lama sabachthani (Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?), vert sungen utan denne «haloen».

Instrumentering[endre | endre wikiteksten]

Matteuspasjonen er komponert for to orkester, sett opp separat for solisten, inkludert to fløyter dolce, to tverrfløyter, to oboar som doblar obo d'amore og obo da caccia, to fiolinar, bratsj, gambe og basso continuo. I mange ariar skapar eit soloinstrument eller fleire instrument ei særskild stemning, slik som i den sentrale sopranarien #49, «Aus Liebe will mein Heiland sterben», der ein ikkje har strykarar og basso continuo marker eit desperat tryggleikstap.

Komposisjonsstil[endre | endre wikiteksten]

Bach sine resitativar set ofte stemninga for kvar enkelt passasje ved å trekke fram kjenslemessige ladde ord som «krossfest», «drep», eller «sørg» med kromatiske melodiar. dimakkordar og brå modulasjonar syner Jesus sine apokalyptiske profeti.

I turba-delane vekslar dei to kora stundom i cori spezzati-stil (til dømes «Weissage uns, Christe») og stundom syng dei i lag («Herr, wir haben gedacht»). Stundom syng berre eit kor (kor 1 tar alltid delane til disiplane) eller dei vekslar, som til dømes når «nokre tilskodarar» seier «Han kallar Elias» og «andre» seier «Vent å sjå om Elias kjem for å hjelpe han».

I ariane, vert obbligato-instrumenta sidestilt med stemmene, som var vanleg i ariane i seinbarokken. Bach nytta ofte madrigalismar, som i «Buß und Reu», der fløyteene starta å spele ein regndrope-liknande staccato når altsolisten syng om tårene hans som fell. I «Blute nur», vert linja om slangen sett til ein vridd melodi.

Innskotne tekstar[endre | endre wikiteksten]

Ariane er sett til tekstar av Picander og kjem mellom seksjonar med tekst frå evangeliet. Dei vert sungen av solistar med forskjellig akkompagnement, typisk i ein oratorium-stil. Dei innskotne tekstane tolkar teologisk og personleg bibeltekstane. Mange av dei inkluderer lyttaren i handlinga, som i koral #10, «Ich bin’s, ich sollte büßen» («Det er eg som burde lide»), etter elleve disiplar «Herr, bin ich's?» (Herre, er det meg?) - som tyder: Er det eg som kjem til å begå sviket? Arien for alt, #6, «Buß und Reu», syner eit ønske om å gni tårene på Jesus som følgje av anger. I bass-arien #65, «Mache dich, mein Herze, rein», tilbyr solisten å gravlegge Jesus på eiga hand. Jesus vert ofte omtalt som «min Jesus». Koret vekslar mellom å delta i forteljinga og å kommentere ho.

Typisk for pasjonane er at Oppstoda ikkje er nemnd i desse tekstane. Ein følgjer konseptet til Anselm av Canterbury, der krossfestinga er slutten og kjelda for forløysing, ein vektlegg lidinga til Jesus. Koret syng, i den siste koralen, #62 «ta frå meg frykta mi / gjennom din eigen frykt og smerte». Bassen referer til «den søte krossen» i #56, «Ja, sjølvsagt vil denne kroppen og blodet i oss / ønskje å tvingast til krossen / jo betre det er for sjela vår, / jo meir bittert kjennest det.»

Koral #1, «O Lamm Gottes» samanliknar krossfestinga av Jesus med det heilage offeret av lammet i Det gamle testamentet, som eit syndeoffer. Dette temaet vert forsterka i den avsluttande koralen i første del, O Mensch, bewein dein’ Sünde groß (Å menneske, gråt over den største synda di).

Oppdeling[endre | endre wikiteksten]

Verket er delt inn i to delar som vert framført før og hetter preika under gudstenesta langfredag.

Den første delen opnar med koralen Kommt, ihr Töchter, helft mir klagen. Kor I og II syng separat, stundom med spørsmål og svar, kor I Seht ihn (sjå han), kor II svarer Wie? (Korleis?), kor I als wie ein Lamm (som eit lam). Biletet av lammet som vert slakta på krossen er òg tydeleg i cantus firmus i den tredje koralen, som ei overskrift for heile verket.

Dei første scenane er i Jerusalem: Jesus annonserer at han skal døy (#2), så vert intensjonen om å verte kvitt han uttrykt (#4). Ein scene i Betania (#4c) syner ei kvinne som handsamar hovudet hans med verdifult vatn. Den neste scenen (#7) omhandlar Judas Iskariot som forhandlar om prisen for å overlevere Jesus. I stor kontrast til stemninga under førebuinga til «Påskemåltidet» (Osterlamm) skildra i #9 og sjølve sedermåltidet, det siste måltidet, er annonseringa om sviket. Etter måltidet går dei til Oljeberget (#14) der Jesus føreser at Peter vil fornekte han tre gonger. I hagen i Getsemane (#18) ber Jesus disiplane sine fleire gonger om å støtte han, men dei sovnar medan han ber i smerte. Det er der (#26) han vert sviken av kysset til Judas og arrestert.

Del I vert avsluttar med ein firedelt setting (begge kor) i koralen O Mensch, bewein dein Sünde groß (Å menneske, sørg over dei store syndene dykkar), der ein fortel at Jesus vart fødd av ei jomfru for å «verte talsmannen». Sopranane syng cantus firmus, dei andre stemmene tolkar aspekt i forteljinga.

Del To opnar med ein dialog mellom alt-solisten som djupt beklagar tapet av Jesus (siterer Høgsongen 6:1) og kor II tilbyr hjelp til å finne han.

Den første scenen i del to er eit avhøyr hos ypparstepresten Kaifas (#37) der vitne fortel om at dei høyrte Jesus snakke om å øydeleggje Tempelet og byggje det opp att på tre dagar. Jesus svarer ikkje, men svaret hans til spørsmålet om han er Guds son vert rekna for å vere ei så stor krenking at det får han dømd til døden. Utanfor på gardsplassen (#38) vert Peter fortalt tre gonger at han høyrer til Jesus og fornektar det tre gonger. Om morgonen (#41) vert Jesus sendt til Pontius Pilatus som er ansvarleg for domsmakta. Judas angrar og tar livet sitt. Pilatus forhøyrer Jesus (#43), vert imponert og heller mot å frigje han, sidan det var vanleg å frigje ein fange før høgtida, noko kona hans støtta han i. Men menneskemengda, som får valet mellom å frigje anten Jesus eller Barabbas, ein mordar, spør med ei stemme «Barrabam!». Dei vel å krossfeste Jesus og Pilatus gjev etter, vaskar hendene sine og hevdar uskulda hans og leverer Jesus til å bli torturert og krossfesta. På veg til krossfestingsstaden (#55) vert Simon frå Kyréne tvungen til å bere krossen. Ved Golgata (#58) vert Jesus og to andre krossfesta og håna av menneskemengda. Sjølv dei siste orda hans vert misforstått. Der han siterer Salmane 22, «Eli, Eli» («Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?»), trur ein at han roper på Elia. Han døyr. Matteus skildrar at forhenget i tempelet rivnar og eit jordskjelv - sett til musikk av Bach. På kvelden (#63c) spør Josef frå Arimatea Pilatus om liket for å gravlegge han. Dagen etter (#66) minner tenestemenn Pilatus om snakket om oppstoda og ber om at det vert sett opp vakter ved grava.

Verket vert lukka med ein storskala koral i da capo-form, kor I og II syng for det meste i lag for den første delen, Wir setzen uns mit Tränen nieder (Vi sit oss ned i tåret), men i dialogen i midten repeterer kor II «kvil lett, lett kvil!", kor I reflekterer: «Grava di og gravsteinen skal, for det urolege samvitet, vere ei behageleg pute og kvilestad for sjela di. Særs tilfredsstilt, skal augene der falle i søvn.» Dette er dei siste ora (før oppsummeringa), markert av Bach sjølv: p pp ppp (mjukt, særs mjukt, ekstremt mjukt).

Satsar[endre | endre wikiteksten]

Del ein

1. Kor I & II & Kor: Kommt, ihr Töchter, helft mir klagen - O Lamm Gottes unschuldig

2a. Evangelist, Jesus: Da Jesus diese Rede vollendet hatte

3. Kor: Herzliebster Jesu, was hast du verbrochen

4a. Evangelist: Da versammleten sich die Hohenpriester und Schriftgelehrten
4b. Kor I & II: Ja nicht auf das Fest
4c. Evangelist: Da nun Jesus war zu Bethanien
4d. Kor I: Wozu dienet dieser Unrat?
4e. Evangelist, Jesus: Da das Jesus merkete, sprach er zu ihnen
5. Resitativ (alt, fløyter): Du lieber Heiland du
6. Arie (alt, fløyter): Buß und Reu
7. Evangelist, Judas: Da ging hin der Zwölfen einer mit Namen Judas Ischarioth
8. Arie (sopran, fløyter): Blute nur, du liebes Herz!
9a. Evangelist: Aber am ersten Tage der süßen Brot
9b. Kor I: Wo willst du, daß wir dir bereiten das Osterlamm zu essen?
9c. Evangelist, Jesus: Er sprach
9d. Evangelist: Und sie wurden sehr betrübt
9e. Kor I: Herr, bin ich's?

10. Kor: Ich bin's, ich sollte büßen

11. Evangelist, Jesus: Er antwortete und sprach
12. Resitativ (sopran, viole d'amore): Wiewohl mein Herz in Tränen schwimmt
13. Arie (sopran, viole d'amore): Ich will dir mein Herze schenken
14. Evangelist, Jesus: Und da sie den Lobgesang gesprochen hatten

15. Kor: Erkenne mich, mein Hüter

16. Evangelist, Peter, Jesus: Petrus aber antwortete und sprach zu ihm

17. Kor: Ich will hier bei dir stehen

18. Evangelist, Jesus: Da kam Jesus mit ihnen zu einem Hofe, der hieß Gethsemane
19. Resitativ (tenor, flauti dolci, obo da caccia) og Kor II: O Schmerz! Hier zittert das gequälte Herz - Was ist die Ursach aller solcher Plagen?
20. Arie (tenor, solo obo, fløyter) og Kor II: Ich will bei meinem Jesu wachen - So schlafen unsre Sünden ein
21. Evangelist: Und ging hin ein wenig, fiel nieder auf sein Angesicht und betete
22. Resitativ (basstemme): Der Heiland fällt vor seinem Vater nieder
23. Arie (basstemme): Gerne will ich mich bequemen, Kreuz und Becher anzunehmen
24. Evangelist, Jesus: Und er kam zu seinen Jüngern und fand sie schlafend

25. Kor: Was mein Gott will, das gscheh allzeit

26. Evangelist, Jesus, Judas: Und er kam und fand sie aber schlafend
27a. Arie (sopran, alt, fløyter, oboar) og Kor II: So ist mein Jesus nun gefangen - Laßt ihn, haltet, bindet nicht!
27b. Kor I & II: Sind Blitze, sind Donner in Wolken verschwunden?
28. Evangelist, Jesus: Und siehe, einer aus denen, die mit Jesu waren, reckete die Hand aus

29. Kor: O Mensch, bewein dein Sünde groß

Del Two

30. Arie (alt, fløyte) og Kor II: Ach, nun ist mein Jesus hin! - Wo ist denn dein Freund hingegangen
31. Evangelist: Die aber Jesum gegriffen hatten, führeten ihn zu dem Hohenpriester Kaiphas

32. Kor: Mir hat die Welt trüglich gericht'

33. Evangelist, vitne, ypparsteprest: Und wiewohl viel falsche Zeugen herzutraten, funden sie doch keins.
34. Resitativ (tenor, oboar, gambe): Mein Jesus schweigt zu falschen Lügen stille
35. Arie (tenor, gambe): Geduld, Geduld! Wenn mich falsche Zungen stechen
36a. Evangelist, ypparsteprest, Jesus: Und der Hohenpriester antwortete
36b. Kor I & II: Er ist des Todes schuldig!
36c. Evangelist: Da speieten sie in sein Angesicht und schlugen ihn mit Fäusten
36d. Kor I & II: Weissage uns, Christe, wer ists, der dich schlug?

37. Kor: Wer hat dich so geschlagen

38a. Evangelist, tjenstejente, Peter, tjenstejente II: Petrus aber saß draußen im Palast; und es trat zu ihm eine Magd
38b. Kor II: Wahrlich, du bist auch einer von denen; denn deine Sprache verrät dich.
38c. Evangelist, Peter: Da hub er an sich zu verfluchen und zu schwören
39. Arie (alt, fiolin solo I): Erbarme dich, mein Gott, um meiner Zähren Willen!

40. Kor: Bin ich gleich von dir gewichen

41a. Evangelist, Judas: Des Morgens aber hielten alle Hohepriester und die Ältesten des Volks einen Rat
41b. Kor I & II: Was gehet uns das an? Da siehe du zu!
41c. Evangelist, ypparsteprest: Und er warf die Silberlinge in den Tempel
42. Arie (basstemme, fiolin solo II): Gebt mir meinen Jesum wieder!
43. Evangelist, Pilatus, Jesus: Sie hielten aber einen Rat und kauften einen Töpfersacker

44. Kor: Befiehl du deine Wege

45a. Evangelist, Pilatus, kona til Pilatus: Auf das Fest aber hatte der Landpfleger Gewohnheit, dem Volk einen Gefangenen loszugeben
Kor I & II: Barrabam!
45b. Kor I & II: Laß ihn kreuzigen!

46. Kor: Wie wunderbarlich ist doch diese Strafe!

47. Evangelist, Pilatus: Der Landpfleger sagte
48. Resitativ (sopran, obo da caccia): Er hat uns allen wohlgetan
49. Arie (sopran, fløyte, obo da caccia, no strykarar, no basso continuo): Aus Liebe will mein Heiland sterben
50a. Evangelist: Sie schrieen aber noch mehr und sprachen
50b. Kor I & II: Laß ihn kreuzigen!
50c. Evangelist, Pilatus: Da aber Pilatus sahe, daß er nichts schaffete
50d. Kor I & II: Sein Blut komme über uns und unsre Kinder.
50e. Evangelist: Da gab er ihnen Barrabam los
51. Resitativ (alt): Erbarm es, Gott! Hier steht der Heiland angebunden.
52. Arie (alt): Können Tränen meiner Wangen
53a. Evangelist: Da nahmen die Kriegsknechte des Landpflegers Jesum zu sich
53b. Kor I & II: Gegrüßet seist du, Jüdenkönig!
53c. Evangelist: Und speieten ihn an und nahmen das Rohr und schlugen damit sein Haupt.

54. Kor: O Haupt, voll Blut und Wunden

55. Evangelist: Und da sie ihn verspottet hatten, zogen sie ihm den Mantel aus
56. Resitativ (basstemme, fløyter, gambe): Ja, freilich will in uns das Fleisch und Blut zum Kreuz gezwungen sein
57. Arie (basstemme, gambe): Komm, süßes Kreuz, so will ich sagen
58a. Evangelist: Und da sie an die Stätte kamen mit Namen Golgatha
58b. Kor I & II: Der du den Tempel Gottes zerbrichst
58c. Evangelist: Desgleichen auch die Hohenpriester spotteten sein
58d. Kor I & II: Andern hat er geholfen und kann ihm selber nicht helfen.
58e. Evangelist: Desgleichen schmäheten ihn auch die Mörder, die mit ihm gekreuziget waren.
59. Resitativ (alt, obo da caccia): Ach Golgatha, unselges Golgatha!
60. Arie (alt, obo da caccia) og Kor II: Sehet, Jesus hat die Hand uns zu fassen ausgespannt, kommt! - Wohin?
61a. Evangelist, Jesus: Und von der sechsten Stunde an war eine Finsternis über das ganze Land
61b. Kor I: Der rufet dem Elias!
61c. Evangelist: Und bald lief einer unter ihnen, nahm einen Schwamm
61d. Kor II: Halt! Laß sehen, ob Elias komme und ihm helfe.
61e. Evangelist: Aber Jesus schriee abermal laut und verschied.

62. Kor: Wenn ich einmal soll scheiden

63a. Evangelist: Und siehe da, der Vorhang im Tempel zerriß in zwei Stück
63b. Kor I & II: Wahrlich, dieser ist Gottes Sohn gewesen.
63c. Evangelist: Und es waren viel Weiber da, die von ferne zusahen
64. Resitativ (basstemme): Am Abend, da es kühle war
65. Arie (basstemme, obo da caccia): Mache dich, mein Herze, rein
66a. Evangelist: Und Joseph nahm den Leib und wickelte ihn in ein rein Leinwand
66b. Kor I & II: Herr, wir haben gedacht, daß dieser Verführer sprach
66c. Evangelist, Pilate: Pilatus sprach zu ihnen
67. Resitativ (basstemme, tenor, alt, sopran) og Kor II: Nun ist der Herr zur Ruh gebracht. - Mein Jesu, gute Nacht!

68. Kor I & II: Wir setzen uns mit Tränen nieder

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «St Matthew Passion» frå Wikipedia på engelsk, den 21. april 2010.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Applegate, Celia: Bach in Berlin: Nation and Culture in Mendelssohn’s Revival of the St. Matthew Passion. Cornell University Press, to005.
    • Casino (1995 Film) «Matthaus Passion” chapters 26 og 27.
    • Platen, Emil. Die Matthäus-Passion von Johann Sebastian Bach. Kassel: Bärenreiter, 1991.
    • Rifkin, Joshua. «The Chronology of Bach's Saint Matthew Passion". In Musical Quarterly, lxi (1975). 360–87
    • Werker, W. Die Matthäus-Passion. Leipzig, 1923.
  1. Robin A. Leaver, «St Matthew Passion” Oxford Composer Companions: J. S. Bach, ed. Malcolm Boyd. Oxford: Oxford University Press (1999): 430.
  2. Wolff, Christoph. Johann Sebastian Bach: The Learned Musician, 294. New York: WW Norton & Company. 2000

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Matthäuspassion: Fritt tilgjengelege notar på International Music Score Library Project.