Juha Mieto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Juha Mieto

Juha Mieto i 2008
Fødd20. november 1949 (74 år)
Kurikka
Statsborgar avFinland
PartiCentern i Finland
Yrkepolitikar, langrennsløpar, journalist
Alle verv
  • medlem av Finlands riksdag (2007–2011)
  • kommunestyremedlem i Finland Sjå dette på Wikidata

Juha Iisakki Mieto (fødd 20. november 1949) er ein finsk politikar og tidlegare langrennsløpar frå Kurikka. Langrennaren Mieto vann verdscupen i 1976 og 1980, OL-gull i stafett i 1976, samt eitt OL-sølv og to VM-sølv, og to bronsemedaljar i både OL og VM i tidsrommet 1974-84. Perioden 2007-11 representerte han partiet Centern i den finske riksdagen.

Langrenn[endre | endre wikiteksten]

Mieto slo seg inn i verdstoppen i langrenn då han vart nummer fire på 15 km under dei olympiske vinterleikane 1972 i Sapporo, fattige seks hundredels sekund bakom bronsevinnaren Ivar Formo. Seinare i OL-sesongen vann han 30-kilometeren i Svenska skidspelen i Lycksele.

I 1973 innleia han i Holmenkollen ei sjeldan triumfrekke då han vann 15 km, i tillegg tok han ein suveren siger på 50 km i same renna, to-og-eit-halvt minutt føre Oddvar Brå. Mieto vann 15 km i Holmenkollen også dei to neste sesongane, medan han i 1976 måtte sjå seg slått av ein mann på både 15 km og 50 km; landsmannen Arto Koivisto i den kortaste løypa og Sven-Åke Lundbäck frå Sverige i den lengste. Men både i 1977 og 1978 vann Mieto klare sigrar på 15 km i Holmenkollen. Allereie i 1974 vart Mieto tildelt Holmenkollmedaljen.

Under Ski-VM 1974 fekk Mieto sølvmedaljen på innleiingsdistansen 30 km, gullmedaljen gjekk til svenske Thomas Magnusson. Sidan i meisterskapen vart Mieto nummer fire på 15 km.

Juha Mieto i 2014

Vinteren 1976 viste Mieto seg som verdas beste langrennsløpar med siger på 15 km og med mellom anna andreplassar i alle dei fire andre individuelle renna i Lahti, Svenska skidspelen og Holmenkollen. Demed vann han verdscupen i langrenn. Under Vinter-OL 1976 i Innsbruck gjekk han andreetappen på det finske laget som tok stafettgullet, dei andre på laget var Matti Pitkänen, Pertti Teurajärvi og Arto Koivisto. Individuelt vart Mieto nummer fire på OL-tremila.

I tillegg til sigeren i Holmenkollen vann Mieto i 1977 også 30 km i Falun og enda på andreplass på 15 km i Lahti, der einast Vasilij P. Rotsjev frå Sovjetunionen gjekk fortare. Året etter tok Mieto bronsemedaljen på 15 km då VM på ski 1978 fann stad i Lahti. Saman med landsmenn vann han sølv i 4 x 10 km stafett, før han han på den avsluttande distansen, femmila, smurde seg bort og gjekk rett i garderoben etter målgang, med skia på beina.

Som i førre OL-sesong, vann Mieto verdscupen i 1980. Under dei olympiske vinterleikane 1980 i Lake Placid tok han tre medaljar. Han fekk sølv på både 15 km og 50 km, samt bronse på stafetten. På 15-kilometeren vart Mieto slått med eitt einaste hundredels sekund på 15 km av Thomas Wassberg. Wassberg ville smelte saman kvar sin halvdel av gull- og sølvmedaljen, noko Mieto avviste. Etter det vart hundredela fjerna som minste måleeining i vanleg langrenn.

Mieto vann ein ny stafett-bronse då Oslo arrangerte ski-VM 1982. Han vart elles nummer fem på tremila og seks på 15 km. To år seinare vann Finland, med Mieto på laget, si tredje rake bronsemedalje i 4 x 10 km stafett då Vinter-OL 1984 vart avvikla i Sarajevo. På 15 km vart han for tredje gong i OL eller VM nummer fire.

Besteplasseringar i internasjonale renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1972: Vinnar av 30 km i Svenska skidspelen i Lycksele
  • 1973: Vinnar av 15 km og 50 km i Holmenkollen
  • 1974: Vinnar av 15 km i Holmenkollen
  • 1975: Vinnar av 15 km i Holmenkollen
  • 1976: Vinnar av 15 km i Lahti
  • 1977: Vinnar av 15 km i Holmenkollen og 30 km i Svenska skidspelen i Falun
  • 1978: Vinnar av 15 km i Holmenkollen
  • 1980: Nr 3 på 50 km i Lahti
  • 1981: Nr 10 på både 15 km og 50 km i Holmenkollen
  • 1983: Nr 3 på 15 km i Holmenkollen
  • 1984: Nr 6 på femmila i Lahti
  • 1985: Nr 6 på 15 km i Lahti

Politikk[endre | endre wikiteksten]

I mars 2007 stilte Mieto som kandidat til riksdagsvalet for partiet Centern. Han vart vald inn i den finske riksdagen med 13 756 røyster, sjuande flest personrøyster. Derimot rauk han ut av riksdagen i 2011, då Centern gjorde eit historisk dårleg val.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar