Juliette Récamier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
'Portrett av ei sitjande Juliette Récamier' (1802), måleri av François Gérard.

Juliette Récamier (4. desember 177711. mai 1849) var ein fransk salongvert kjend for sin nyklassisistiske stil. Ho inspirerte samtidig fransk kunst, kultur og politikk, og er avbilda i fleire kjende kunstverk.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Juliette var fødd i Lyon som Jeanne Françoise Julie Adélaïde Bernard. Ho var det einaste barnet til Jean Bernard, ein kongeleg notarius publicus og embetsmann, og kona Marie Julie Bernard, fødd Matton, som heldt litterære salongar slik også dottera kom til å gjera. Som femtenåring gifta Juliette seg med den rundt tretti år eldre, rike bankieren Jacques-Rose Récamier (1751–1830). Saman tok dei til seg to foreldrelause grandnieser av Jacques, Marie Joséphine og Amélie Cyvoct.

Bilde av Juliette Récamier i eit rom ho leigde i Abbaye-aux-Bois. Litografi etter eit måleri av François-Louis Dejuinne.

I dei første tretti åra av 1800-talet, frå Direktoriet til Julimonarkiet, heldt Juliette Récamier ein av dei mest kjende franske litterære salongane i Rue de Mont Blanc og seinare i eit leigd rom Abbaye-aux-Bois i Paris. Ho hadde omgang med mellom anna Karl Johan Bernadotte, Jean Victor Marie Moreau og Germaine de Staël. Salongen hennar samla mykje av opposisjonen mot keisar Napoleon, og dette, og at ho avslo tilbodet om å bli hoffdame for keisarinne Joséphine de Beauharnais, førte først til at salongane hennar blei forbodne og til slutt til at ho blei forvist frå Paris i 1811. Juliette Récamier budde i eksil i Roma og Napoli i tre år. Etter at Napoleon fall vende ho tilbake til Paris.

Récamier gjenopptok salongane sine, men la no vekt på politisk nøytralitet, og samlingane blei meir kulturelt prega. Det blei halde konsertar og førelesingar som stadig trekte til seg folk.[1] François-René de Chateaubriand var ein flittig gjest og vert. I dei neste tiåra samla dei rundt seg store samtidige namn som Victor Cousin, Saint-Marc Girardin, Edgar Quinet, Alexis de Tocqueville, unge forfattarar som Lamartine, Sainte-Beuve, Balzac, kunstnarar som François Gérard, Joseph Chinard, Antonio Canova og skodespelarar som François-Joseph Talma og Rachel Félix.

Under eit opphald i Roma frå 1823 til 1824 saman med adoptivdottera Amélie Cyvoct og venene Pierre-Simon Ballanche og Jean-Jacques Ampère skapte Récamier nok ein kunstnarisk salong. Ho tok imot folk fram til sine siste år, mellom anna ei innsamling for flaumoffer i fødebyen Lyon. Dei siste åra av livet levde Récamier likevel meir tilbaketrekt, sterkt synshemma av grå stær. I 1849 døydde ho under ein koleraepidemi.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Prins August av Preussen, framfor måleriet av fru Récamier, måla ca. 1817 av Franz Krüger.

Kjærleikslivet til Juliette Récamier er myteomspunne. Eit ubekrefta rykte sa at Jacques Récamier var den eigentlege faren hennar som hadde gifta seg med henne for å gjera henne til arving. Dette var under Skrekkveldet etter den franske revolusjonen, då medlemmer av overklassen lett kunne hamna i giljotinen.[2] Ekteskapet blei i alle høve ikkje konsumert, og dei to budde ofte ulike stader, men heldt saman til Jacques Récamier døydde i 1830.

Ekteparet Récamier var lenge svært rike, og Juliette utsmykka huset deira i nyskapande nyklassisistisk stil med inspirasjon frå antikken. Ved hjelp av arkitekten Louis-Martin Berthault laga ho eit elegant interiør der møblar, panel og veggteppe verka saman. Designet blei mykje omtykt, vidkjend og kopiert. Stilen var gjennomført også i soverommet til Juliette, og i dei mindre romma ho leigde seinare i livet.[1] Juliette Récamier skapa også sin eigen kledestil som går att i dei mange avbildingane av henne: Lette kvite kjolar danderte med kasjmirsjal eller musselinslør. Denne stilen, ein enkel versjon av moten frå ungdomstida hennar, heldt ho fast ved heile livet.[1]

Jacques Récamier var med på skipinga og styringa av den franske sentralbanken, Banque de France i 1800. I 1805 gjekk banken hans, Banque Récamier, konkurs, og ekteparet mista mykje av rikdommen sin. Jacques Récamier gjekk konkurs for andre gong i 1819, og dei levde begge ut livet i sterkt reduserte forhold.[1]

Juliette Récamier hadde ei rekkje beundrarar gjennom livet, som Chateaubriand, Mathieu de Montmorency, Lucien Bonaparte, Benjamin Constant, prins August av Preussen, Pierre-Simon Ballanche og Jean-Jacques Ampère. Dei fleste heldt ho på ei armlengds avstand og dyrka i staden sterke venskapsband med.

I 1807 døydde mor til Juliette Récamier. Dette tapet og dei økonomiske prøvingane tæra på helsa hennar, og etter legeråd reiste ho på eit kvileopphald hjå venninna blei Germaine de Staël i den sveitsiske byen Coppet. Her møtte ho prins August av Preussen. Dei to utvikla eit forhold og utveksla løfte om å gifta seg. Det blei lagt planar om ei skilsmisse, men planane blei forkasta og trulovinga blei broten året etter. Juliette og August heldt likevel kontakten gjennom brev og utvekslingar av portrett av seg sjølv utførte av ulike kunstnarar. Etter å ha motteke Gérard sitt berømte måleri av ei sitjande Récamier, lét prins August seg måla ståande framfor biletet.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Madame Récamier (ca. 1800), måleri av Jacques-Louis David.
Byste av Joseph Chinard.

Juliette Récamier var ein kunstmesen som blei avbilda av ei rekkje framståande kunstnarar, både i måleri og skulptur. Venleiken og kjendisstatusen hennar gjorde henne til eit ynda objekt som ofte blei avbilda på ein idealisert måte. Ofte skal ho ikkje ha kjend seg sjølv igjen i bilda.

Kunstnarar som laga bilete av henne var målarar som Jacques-Louis David og eleven hans, François Gérard, som blei berømt gjennom dette, bilethoggarar som Joseph Chinard og Antonio Canova. Canova omforma ei byste som opphavleg var av henne til Dante si muse Beatrice. I 1951 måla modernisten René Magritte Perspective, Madam Récamier de David, eit bilete av ei kiste for ein sitjande person oppå ein sofa i same stil som David.[1]

Juliette Récamier har gjeve namn til fleire stader og ting. Den best kjende er truleg sjeselongen av den typen ho blei måla på, som ganske enkelt blir kalla récamier på fransk og engelsk. Skulen Lycée Juliette-Récamier i Lyon og vegen rue Récamier i 7. arrondissement i Paris har fått namn etter henne. Théâtre Récamier, eit tidlegare teater i rue Récamier 3 der klosteret ho budde i fleire år av livet sitt og Square Récamier, ein liten plass ved gata som no heiter Square Roger-Stéphane, blei også namngjevne til minne om Juliette Récamier.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Juliette Récamier