Jurij Averbakh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen brukar algebraisk sjakknotasjon for å beskrive sjakktrekk.
Jurij Averbakh på 80-årsdagen

Jurij Lvovitsj Averbakh (fødd 8. februar 1922) i Kaluga, Russland er ein russisk sjakkspelar, stormeister i sjakk og forfattar av sjakkbøker.

Liv og sjakkarriere[endre | endre wikiteksten]

Faren hans var tysk jøde,[1] og forfedrane hans kom frå Tyskland og heitte Auerbach. Mor hans var russisk.

Det første verkeleg gode resultatet var ein førsteplass i bymeisterskepen for Moskva i 1949, framom spelarar som Andor Lilienthal, Jakov Estrin og Vladimir Simagin. Han vann Moskvameisterskapen også i 1950 og 1962. Han vart utnemnd til Stormeister i sjakk i 1952. Averbakh deltok 16 gongar i Sovjetmeisterskapen i sjakk. I 1954 vart han sovjetmeister framom spelarar som Mark Taimanov, Viktor Korchnoi, Tigran Petrosjan, Efim Geller og Salo Flohr. I Sovjetmeisterskapen for 1956 kom han på delt førsteplass med Taimanov og Boris Spasskij i sjølve turneringa, og blei til slutt nummer to etter stikkampen. Averbakh si dotter, Jane, vart seinare gift med Taimanov. Averbakh vann også andre større turneringar, som Wien 1961 og Moskva 1962. Han kvalifiserte seg for kandidatturneringa til verdsmeisterskapen i sjakk i 1953. I kandidatturneringa i Zürich kom han på delt 10-plass blant 15 deltakarar. Han kvalifiserte seg også for intersoneturneringa i Portorož i 1958, etter å ha blitt nummer fire i Sovjetmeisterskapen for 1958 i Riga. I Portorož fekk han ein delt 7-11.-plass, eit halvt poeng for lite til å gå vidare til kandidatturneringa.

Han hadde ein solid spelestil, vanskeleg å møte for angrepsspelarar. Han skreiv: «... Nezhmetdinov, viss han hadde eit angrep, kunne slå kven som helst, inkludert Tal. Men min skår mot han var noko slikt som 8½–½ fordi eg ikkje gav han noko moglegheit for eit aktivt spel. I slike tilfelle brukte han med ein gong å begynne å øydelegge stillinga si, fordi han søkte komplikasjonar.»

Averbakh er ein betydeleg komponist av sluttspelstudiar. Han har publiserte meir enn 100 studiar. Mange av desse er viktige bidrag til sluttspel-teorien.

I 1956 gav Verdssjakkforbundet FIDE han tittelen Internasjonal dommar for problemsjakk og i 1969 vart han utnemnd til internasjonal sjakkdommar, International Arbiter.

Frå 1972 til 1977 var han president i det sovjetiske sjakkforbundet.

Averbakh var også ein viktig sjakkjournalist og forfattar. Han var redaktør for dei sovjetiske sjakktidsskrifta Shakhmaty v SSSR og Shakhmaty biuletin. Frå 1956 til 1962 redigerte han saman med Vitaly Chekhover og andre, eit firebinds verk om Sluttspel i sjakk, Shakhmatnye okonchaniya. Dette vart revidert i 1980-84 og omsett til engelsk, og gitt ut som Comprehensive Chess Endings, i fem bind.

Averbakh har fått fleire sjakkvariantar oppkalla etter seg. Den mest kjende varianten er nok Averbakh-varianten i Kongeindisk forsvar: 1.d4 Sf6 2.c4 g6 3.Sc3 Lg7 4.e4 d6 5.Le2 O-O 6.Lg5.

Averbakh i 2007

Sjakkbøker[endre | endre wikiteksten]

  • Chess Endings: Essential Knowledge, av Yuri Averbakh, 1966, 1993, Everyman Chess, ISBN 1-85744-022-6.
  • Comprehensive Chess Endings 1: Bishop Endings, Knight Endings av Averbakh og Chekhover, 1983, Pergamon, ISBN 0-08-026900-1
  • Comprehensive Chess Endings 2: Bishop vs Knight Endings, Rook vs Minor Piece Endings av Averbakh, 1985, Pergamon, ISBN 0-08-026901-X
  • Comprehensive Chess Endings 3: Queen Endings av Averbakh, 1986, Pergamon, ISBN 0-08-026904-4
  • Comprehensive Chess Endings 4: Pawn Endings av Averbakh og Maizelis, 1987, Pergamon, ISBN 0-08-032043-0
  • Comprehensive Chess Endings 5: Rook Endings av Averbakh, 1987, Pergamon, ISBN 0-08-032048-1
  • Chess Tactics for Advanced Players, av Averbakh, 1985, Pergamon, ISBN 0-87568-218-9

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Averbakh's Selected Games av Averbakh, 1998, Everyman Chess, ISBN 1-85744-548-1
  • Intervju i The Day Kasparov Quit av Dirk Jan ten Geuzendam

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]