Kaikoura Peninsula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kaikoura Peninsula
Kaikoura Peninsula.jpg
Styresmakter
Land
Region
Distrikt
New Zealand New Zealand
Canterbury
Kaikoura District
Geografi
Koordinatar 42°25′24″S 173°41′46″EKoordinatar: 42°25′24″S 173°41′46″E
Tidssone +12 (UTC)

Halvøya Kaikoura Peninsula ligg nordaust på SørøyaNew Zealand. Ho strekkjer seg fem kilometer ut i Stillehavet sør for byen Kaikoura i Canterbury.

Māoriar har budd på halvøya i snart 1000 år. Dei brukte henne som ein base for jakt på moa, og hausta også mengder av languster som fanst langs strendene. I segnene er det frå denne halvøya den legendariske helten Māui skal ha drege opp den store fisken som vart til Nordøya .

Gjennom det 19. hundreåret vart det oppretta europeiske kvalfangst stasjonar i dette området. I seinare tid har kvalbesøk til halvøya fått vera uforstyrra, og kvalsafariar har vorte ein populær aktivitet innanfor økoturismen. Kvalane kjem til dette kystområdet fordi blekksprutar og andre djupvass-dyr vert tvinga opp or den djupe renna Hikurangi Trench og til overflata gjennom samverknaden mellom havstraumane og den bratt stigande havbotnen. Her er også observasjonar av vandrealbatross som beiter i dette farvatnet året rundt[1][2].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Shihirai 2002 p.90
  2. [1] BirdLife International (2008)