Khantyhavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Khantyhavet var eit lite urhav som eksisterte mot slutten av prekambrium til silur. Det låg mellom kontinenta Baltica og Siberia og grensa til hava Panthalassa i nord, Proto-Tethys-havet i nordaust og Paleo-Tethys-havet i sør og aust. Havet oppstod då eit mindre superkontinent kalla Proto-Laurasia (like etter Pannotia) delte seg for om lag 600 millionar år sidan og danna tre mindre kontinent - Laurentia, Baltica og Siberia. Iapetushavet oppstod òg, mellom Laurentia og Baltica. Havet vart lukka då øyogen Sakmarian-bogen kolliderte med Baltica. Nordaust for øybogen oppstod det eit nytt hav, Uralhavet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]