Proto-Tethys-havet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Proto-Tethys-havet var eit urhav som eksiserte frå sein ediacara til karbontida (for 550 til 330 millionar år sidan). Havet var ein forgjengar for det seinare Paleo-Tethys-havet. Havet oppstod då Pannotia løyste seg opp og Proto-Laurasia (Laurentia, Baltica og Siberia) flytta seg saman og vart til Gondwana. Proto-Tethys-havet oppstod mellom desse to superkontinenta. Havet grensa til Panthalassia i nord og mellom dei låg øybogar og og Kasakhstania. Proto-Tethys-havet utvida seg i kambrium. Havet var på sitt største i sein ordovicium til midtre silur. Havet låg då mellom Siberia i vest og Gondwana i aust. I sein silur byrja havet å krympe då Nord-Kina og Sør-Kina flytta seg bort frå Gondwana på veg nordover. I sein devon kolliderte Kasakhstania med Siberia og havet krympa enno meir. Havet lukka seg til slutt då den nordkinesiske kratonen kolliderte med Siberia-Kasakhstania i karbontida, medan Paleo-Tethys-havet utvida seg lenger sør.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]