Klippesvale
| Klippesvale | ||
|
Status i verda: Livskraftig (LC) |
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Hirundinidae | |
| Slekt: | Ptyonoprogne | |
| Art: | P. rupestris | |
| Vitskapleg namn | ||
| Ptyonoprogne rupestris | ||
Klippesvale (Ptyonoprogne rupestris) er ein liten fugl i svalefamilien. Klippesvala hekkar i fjell opp til 2000 moh.[1] i Sør-Europa, ved Middelhavet og i Sør-Asia. Mange europeiske fuglar er standfuglar, men nokre nordlege populasjonar i Europa og dei fleste asiatiske fuglane er trekkfuglar. Dei overvintrar i Nord-Afrika og India.
Klippesvala er 14-15 cm lang. I vanar og utsjånad kan ho likne andre artar som beitar på insekt i flukt, som til dømes andre svaleartar og seglarar. Ho har brun overside og mørk underside, og viser kvite, distinkte flekker på halefjørene i flukt. På avstand kan klippesvale likne sandsvale, men klippesvala er større, har mørkare underside, og manglar det mørke brystbandet. Flyginga er rask og smidig når klippesvala snappar insekt i lufta. Ho har breie, spisse venger.
Klippesvala byggjer eit fint halvkuleforma reir av gjørme som ho samlar nebbet, og legg 3-5 egg. Reiret ligg vanlegvis i ein bergvegg under overheng. Men dei vil lett tilpasse seg bygningar og motorvegbruer. Det er ikkje normalt at dei dannar store hekkekoloniar, utanfor hekkesesongen er dei selskaplege.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Crag Martin» frå Wikipedia på engelsk, den 15. desember 2009
Fotnotar [endre]
- ↑ Svensson, Lars et al (1999). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 82-05-25554-7.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Videoar av klippesvaler hos Internet Bird Collection
