Sandsvale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sandsvale

Status i verda: Livskraftig (LC)

Uferschwalbe-Naumann.jpg

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Hirundinidae
Slekt: Riparia
Art: R. riparia
Vitskapleg namn
Riparia riparia

Sandsvale (Riparia riparia) er ein trekkfugl i svalefamilien. Utbreiingsområdet om sommaren femnar om praktisk talt heile Europa og middelhavslanda, ein del av det nordlege Asia og dessutan Nord-Amerika. Overvintringsområde er austlege og sørlege Afrika, Sør-Amerika og Sør-Asia.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Den ca. 12 til 13 cm lange sandsvala har brun overside, kvit underside med et smalt brunt band over brystet, nebbet er svart og beina brune. Ungfuglane har lyse rustbeige kantar på dekkfjørene og på tertiærane.[1]

Hovud med nebbet hos sandsvala
Foto: Axel Strauß
Riparia riparia

Karakteristikkar som brun overside, kvit hals, liten storleik og kjapp, rykkande flukt skil sandsvala frå andre svaler som taksvale, Delichon urbicum, mursvale, Petrochelidon pyrrhonota, eller andre arter av Riparia. Berre kvitbrynsandsvale, R. cincta, i Afrika sør om Sahara liknar, men sandsvala finst berre der om vinteren.

Sandsvala har ein samanhengande kvitrande song i flukt som går over til ein undertone av oppstykka lydytringar etter at dei har slått seg ned for kvile. Varsellyden er eit lyst «tjiir»[1] og kan høyrast når ein falk, ei kråke eller andre predatorar truar.

Carl von Linné skildra leveviset for arten: «ho lever i Europa, i buktande hòl inn i loddrette sandskjeringar». Ein finn sandsvala nær vatn, som t.d. ved elvar, innsjøar eller ved havet, gjennom heile året.

I Noreg finst sandsvala over det meste av landet, men er sjelden ved kysten av Troms og Finnmark. Trekket kjem til hekkeplassar i Noreg frå slutten av april til litt ut i juni,[2] på sørlegare breiddegrader frå slutten av mars, rett før låvesvala kjem. Frå slutten av august startar trekket tilbake frå Noreg til overvingringsplassane i Afrika sør for Sahara.[2]

Dietten består av små insekt, for det meste mygg og fluger som er vasslevande på tidlege livsstadium.

Sandsvalekoloni
Foto: Shkumbin Saneja

Sandsvala er kolonirugar, frå eit dusin til mange hundre par vil hekke tett saman etter kor stor plass som er tilgjengeleg. Reiret ligg inst i tunellen som kan vere opp til ein meter lang inn i ein sandbanke eller i grus. Kullet er på fire til seks kvite egg, to kull er vanleg, unntaken i hekkeplassar lengst nord.

Bleiksandsvale, Riparia diluta, med hekkeområde i nordlege India og søraustlege Kina har bleikare gråbrun underside og eit mindre distinkt brystband enn sandsvala.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]