Kong Skjold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kong Skjold er namnet på den mytiske ættefaren til den danske kongeætta Skjoldungane. Etter norrøne segner skal han ha vore son av Odin. I England er han kjend som Scyld Scefing.

Norrøn overlevering[endre | endre wikiteksten]

Den norrøne overleveringa er for det meste kjend frå Snorre Sturlason. Den yngre Edda er ikkje heilt eintydig på opphavet hans, og Heimskringla fortel ei anna soge. I Heimskringla er Skjold son av Odin:

...(Gjevjon) vart gift med Skjold, son til Odin. Dei budde i Leidra (Ynglingesoga).

Snorra-Edda nemner Skjold fleire stader, men med ulikt opphav. I innleiinga, der Snorre freister å gje Odin ei menneskeleg ætt (med opphav i Troja), er Skjold son av Heremod eller Hermod, og far til Bjáv, og rekna som stamfar til Odin gjennom fleire ættleder:

Skjold - Bjáv - Jåt - Gudolv - Finn - Friallav(fridleiv) - Odin.

Elles følgjer innleiinga tråden i opninga av Ynglingesoga.

Skaldskaparmål fortel dette om Skjold:

Dette er òg fræge kongsætter: Den etter Yngve, som Ynglingane er komne frå, den etter Skjold i Danmark, som Skjoldungane er komne frå, den etter Volsung i Frankland; dei heiter volsungar. Skjelve heitte ein herkonge. Ætta hans er kalla Skilvingætta; ho bur i austervegane.

Dermed har Snorre ikkje sagt noko om kven far av Skjold er i Skaldskaparmål eller Den yngre Edda. At han er son av Odin står skrive i Heimskringla.

Engelsk overlevering[endre | endre wikiteksten]

Den engelske overleveringa byrjar med Scyld Scefing. Scyld er nemnd som ættefar til Skjoldungane i Béowulf, men denne Scyld kjem over havet i eit skip, og i Béowulf heiter det at han kom som spedbarn, og vart teken til konge over danene. Tilnamnet Scefing skriv seg frå ordet Sceaf, som tyder nekgamalengelsk. Då Scyld døydde vart han send attende over havet han var komen frå.

Snorre er sovidt inne på denne ættlina i opninga av Den yngre edda. Nokre ledd framfor Skjold finn ein namnet Seskev, som kan tydast som ei forvansking av Sceaf (Se Sceaf, neket med bunden artikkel framfor). Elles nemner ikkje Snorre segna om havet.

Æthelweard, som skreiv ei krønike over dei engelske kongane om lag 1000, nemner at Sceaf kom til Skåne i ein snøgg båt. Seinare skriv William av Malmesbury om lag det same. William legg til at guden låg på eit kornnek, og vart kalla opp etter dette. Somme overleveringar fortel altså at barnet som kom, var Scyld eller Skjold, andre at det var far hans, Sceaf.

Attom desse segnene ligg det truleg ei gamal grøde-segn, og ei minning om likferd på havet med skip. J.R.R. Tolkien gissa på at den opphavlege guden bak desse segnene var den gamalgermanske grødeguden Ing, betre kjend som Yngve-Frøy.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]