Kongedømet Aragón

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Reino de Aragón
Regne d'Aragó
Kongedømet Aragón
Blason Royaume Navarre.svg
10351707  
Bandera de España 1701-1760.svg
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Plasseringa til Aragon
I gult: Kongedømet Aragon på sitt største, kring 1250
Hovudstad Zaragoza
Språk aragonesisk, katalansk, kastiljansk
Religion Romersk-katolsk
Styreform Monarki
Historisk periode Mellomalderen
 - Grevskapet Aragon vart oppretta som eit sjøvlstendig kongedøme 1035
 - Nueva Planta-resolusjonen oppløyserer dei gjenverande aragonesiske institusjonane 1707
Aragon Cortes

Kongedømet Aragón var eit gammalt kongedømeDen iberiske halvøya som i dag svarar til den autonome regionen Aragón i Spania. Det må ikkje forvekslast med den større kongemakta Aragon, som Kongedømet Aragón var ein del av, i lag med område som Kongedømet Valencia og fyrstedømet Catalonia, som alle delte den same kongen.

Kongedømet var opphavleg ein frankisk føydal stat rundt byen Jaca, som på første halvdel av 700-talet vart ein vasallstat til kongedømet Pamplona (seinare kongedømet Navarra). På 1000-talet vart grevskapet Aragon gjeven av Sancho III av Navarra til sonen Ramiro I, som òg fekk grevskapa Ribagorza og Sobrarbe etter at bror hans, Gonzalo døydde i 1043. Ved å slå broren García Sánchez III av Navarra, fekk han i praksis sjølvstende (men den kongetittelen vart ikkje nytta før neste generasjon). Kongedømet vart utvida sørover og erobra land frå Al Andalus. Hovudstaden vart flytta frå Jaca til Huesca (1096) og seinare til Zaragoza (1118). I 1285 hadde dei sørlegaste områda av Aragón vorte erobra frå maurarane.

Kongedømet Aragón gav namn til kongemakta Aragón etter ein personalunion i 1150 mellom greven av Barcelona (Ramon Berenguer IV) og dronninga av Aragón (Petronila av Aragón). Son deira arva områda til begge. Kongane av Aragón hadde òg tittelen grevar av Barcelona og styrte områda som i dag utgjer Aragón, Catalonia og seinare Balearane, Valencia, Sicilia, Napoli og Sardinia (sjå kongemakta Aragon). Kongen av Aragón var direkte konge av den aragonesiske regionen, og hadde tittelen konge av Valencia, konge av Mallorca (ein periode), greve av Barcelona, herre av Montpellier, og for ein periode hertug av Aten og Neopatria. Kvar av desse titlane gav han suverenitet over visse område og desse titlane endra seg etter kvart som han vann og tapte område. På 1300-talet vart makta hans kraftig redusert med Aragón-unionen.

Kongemakta Aragón vart effektivt nedlagt etter ein personalunion med Castilla som i røynda samla Det spanske kongedømet under ein felles monark. Då dette skjedde fekk Aragón halde på nokre politiske institusjonar, fram til Nueva Planta-resolusjonen i 1707 omsider gjorde slutt på det.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]