Krigsforbrytar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Merge-arrows.svg
Det er føreslått at denne sida blir fletta med Krigsbrotsverk. (Sjå eventuelt diskusjon)
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Krigsforbrytar er ein person som har gjort krigslovbrot som bryt mot ein eller fleire av Genévekonvensjonane.

Krigslovbrot er ei straffbar handling i form av brot på lover og skikkar for krigføring. Handlingane kan vere utført mot andre soldatar, mot sivile personar eller mot eigedom i okkuperte område.

Krigslovbrot omhandlar mellom anna, men er ikkje avgrensa til mord eller mishandling og tortur av krigsfangar eller sivile, plyndring eller vilkårleg øydelegging av eigedom, øydeleggingar utan noko militær årsak, og brot på normer og reglar som for eksempel respekten for kvitt flagg som teikn på ein våpenkvile eller å misbruke eit kvitt flagg til snikåtak på fiendtlege styrkar. Ved eit massemord i krigstid kan delar av handlinga vere klassifisert som eit krigslovbrot, medan andre ting går under det meir generelle omgrepet lovbrot mot menneskeheita.

Krigslovbrot er eit viktig punkt i internasjonal humanitær lovgjeving. I fleire tilfelle har internasjonale tribunal blitt samankalla for å straffeforfølgje krigsforbrytarar, som for eksempel i Nürnbergprosessen, Det internasjonale krigsforbrytertribunalet for det tidlegare Jugoslavia og Det internasjonale krigsforbrytertribunalet for Rwanda. Det er vanleg at krigslovbrot gjort av den sigrande parten i ein krig ikkje blir forfølgd, best illustrert ved Nürnbergprosessane, noko som har fått fleire til å stille spørsmål ved slike prosesser. Domstolane oppretta i nyare tid av f.eks. FN er meininga å vere nøytrale og dømme krigsforbrytarar frå alle nasjonar heilt likt, men dette har også blitt gjenstand for kritikk frå enkelte organisasjonar.[treng kjelde]

1. juli 2002 blei Den internasjonale straffedomstolen i Haag oppretta for å føre saker som omhandlar krigslovbrot gjort på eller etter denne dato. Fleire nasjonar, blant anna USA, Kina og Israel har kritisert domstolen, nektar å delta i han og nektar domstolen jurisdiksjon over deira statsborgarar. Årsaka er at desse statane frykter at domstolen skal tiltale militære frå deira eige land for krigslovbrot.[treng kjelde]

Fleire tidlegare statsoverhovud har blitt tiltalt for krigslovbrot. Desse inkluderer Karl Dönitz frå Tyskland, Hideki Tojo frå Japan og Charles Taylor frå Liberia. Slobodan Milošević blei også tiltalt for krigslovbrot, men han døydde før prosessen var ferdig. Det har ved fleire høve blitt hevda at lovgjevinga i samband med krigslovbrot favoriserer sigerherrane i krigen. Døme på dette er dei allierte sine øydeleggingar av sivile mål under begge verdskrigane, bruken av atomvåpen over Hiroshima og Nagasaki, samt den indonesiske okkupasjonen av Aust-Timor som varte frå 1976 til 1999.