Radovan Karadžić

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Radovan Karadžić fotografert i Moskva i 1994.
Serbisk unggut med T-skjorte med bilde av dei serbiske ettersøkte krigsforbrytarane Radovan Karadžić og Ratko Mladić med påskrifta Српски хероји ('serbiske heltar')

Radovan Karadžić (fødd 19. juni 1945), på serbisk kyrillisk Радован Караџић, er ein bosnisk-serbisk nasjonalist tiltalt for brotsverk mot menneskja som fann stad under Bosniakrigen. Karadžić er utdanna psykiater og har gjeve ut fleire diktsamlingar.

Karadžić var leiar for serbarane i Bosnia-Hercegovina under Bosniakrigen (1992–1995), som president i den sjølvoppnemnde serbiske republikken frå 1992 til 1996 og skipar av nasjonalistpartiet SDS.

I 1995 vart han sikta for krigsbrotsverk, etnisk rensing og brotsverk mot menneskja av Det internasjonale krigsbrotsverkstribunalet for det tidlegare Jugoslavia, og det vart kunngjort ein internasjonal arrestordre på Karadžić.

Karadžić gjekk under jorda i 1997, og vart pågripen i Beograd den 18. juli 2008. Han levde då i eit husvære i den serbiske hovudstaden under namnet «Dragan David Dabić», skjult med eit stort skjegg og verka som alternativ medisinar.

Karadžić blir truleg utlevert til krigsbrotsverkstribunalet i Haag, der han vil sitte i FNs krigsbrotsmannsfengsel i Scheveningen i påvente av rettssaka mot han.