Rwanda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Repubulika y'u Rwanda
République Rwandaise
Republic of Rwanda

(norsk: Rwanda, rwandisk)

Det rwandiske flagget
Flagg
Nasjonalsong «Rwanda nziza»
Motto Fridom, samarbeid, framsteg
Geografisk plassering av Rwanda
Offisielle språk Kinyarwanda, fransk, engelsk
Hovudstad Kigali
Styresett
Republikk
Paul Kagame
Pierre Habumuremyi
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
26 338 km² (146.)
5,3 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
11 689 696 (73.)
443,8 /km² (21.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Belgia
1. juli 1962
Nasjonaldag 1. juli
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
11 840 mill. USD (140.)
1 100 USD (180.)
Valuta Rwandisk franc
Tidssone UTC +2
Telefonkode +250
Toppnivådomene .rw


Rwanda er ein republikk i Afrika, som grensar mot Kongo, Uganda, Tanzania og Burundi.

Rwanda var tidlegare ein del av Tysk Austafrika.

Kart over Rwanda

Historie[endre | endre wikiteksten]

Rwanda var tidlegare ein del av Tysk Austafrika. Etter første verdskrigen blei området som dekker dagens Rwanda og nabolandet Burundi avstått som krigsutbytte til Belgia. Under belgisk styre blei minoritetsgruppa kalla tutsiar det leiende lokale folkeslaget. U 1931-32 blei identitetsmerke som viste etnisk tilhøyring innført i området. Etter andre verdskrigen blei Rwanda framleis styrt av Belgia, men under eit SN-leia program som skulle leia til sjølvstende. Frå 1958 var det uro og opprør i landet, fram til landet fekk sjølvstende i 1962. Republikken blei då heilt dominert av den største folkegruppa, hutuar. Tutsifolket i landet blei undertrykt og freista fordrive fleire gonger gjennom 60-, 70-, og 80-åra. I 1973 tok den dåverande forsvarsministeren Juvenal Habyarimana kontroll over landet i eit militærkupp, og sat som president fram til han blei drepen i ein flystyrt utanfor hovudstaden Kigali den 6. april 1994.

Folkemordet[endre | endre wikiteksten]

Full artikkelen Folkemordet i Rwanda

Dei neste hundre dagane blei opp mot ein million tutsiar drepne og mishandla i eit koordinert folkemord. Ein fredsbevarande styrke frå SN som var i landet for å støtta ein fredsavtale mellom den tidlegare regjeringa og tutsi-opprørsgruppa Front Patriotique Rwandais (RPF). Ingen utanfrå greip inn for å stoppa massakrane før RPF tok kontroll over Kigali i juli 1994. Den militære leiaren deira, Paul Kagame, blei seinare vise-president og etterkvart president i Rwanda.

Klima og miljø[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i Rwanda er tropisk regnklima med nedbør fordelt over størstedelen av året, men minst i tida mai-augst. Regelmessig årleg tørketid gjev savanneklima i delar av landet, mest utprega i aust. I blant kan det kome lengre tørkeperiodar. Den geografiske fordelinga av nedbøren er prega av den kompliserte topografien og årsnedbør på 1000-1500 mm er vanleg. Temperaturen varierer særs lite frå månad til månad og middeltemperaturen er kring 20 °C i omkring 1500 meters høgd, og i fjella kan det kome både frost og snø. Særleg i den tørre årstida kan det vere store skilnad på dag- og nattetemperaturen. Rubona har ein årleg nedbørsnormal på 1179 mm.

Nokre av Rwanda sine miljøproblem er avskoging med etterfylgjande jorderosjon, utarming av jorda og ei utbreidd tjuvjakt. Nesten all elektrisitet vert produsert av vasskraft, som er bra for miljøet.

Aids er eit stort helseproblem og i 2001 var nesten 9 % av den vaksne folkesetnaden smitta.

Fakta[endre | endre wikiteksten]

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Rwanda er inndelt i tolv prefektur (på fransk prefectures, på kinyarwanda prefegitura):