Kristoffer Trondsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kristoffer Trondsen eller Kristoffer Rustung (ca. 1500-1565) var admiral og lensherre i Noreg og Danmark, kaperkaptein og sjørøvar.

Kristoffer Trondsen nytta aldri sjølv namnet Rustung, dette er eit namn som dukka opp på han i Danmark seint på 1600-talet av ukjend opphav.[1] Seglet hans synte bokstavane K og T. På seglet er det eit våpenskjold, og det er ukjend om han teikna dette sjølv eller om han arva det frå forfedrane sine. Våpenet er synt i boka til Nicolas Bergh om våpenskjold.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Kristoffer var truleg fødd rundt 1500 i Seim i Kvinnherad. Kven forfedrane hans var er noko usikkert, men anetre frå 1600-talet synte at foreldra var Trond Sigurdsson og Karen Koll[2][3], men slike anetre har vist seg å ikkje alltid vere til å stole på.

Etter å ha flytta til Trondheim rundt 1527 vart han ei slags høgrehand for erkebiskop Olav Engelbrektsson og Kristoffer svor truskap til han i eit brev i 1533[4]). Engelbrektsson var den siste katolske erkebiskopen i Noreg. Kristoffer skulle verne kysten frå sjørøvarar, men enda opp med å verte skulda før sjørøveri sjølv etter å ha kapra nederlandske og skotske handelsskip. Vincens Lunge var av dei som kravde at dei stolne varene skulle leverast tilbake eller så måtte Kristoffer avrettast.[5]

Lensherren i Bergenhus, Vincens Lunge, vart gradvis ein bitrare fiende til erkebiskopen, og det heile enda med at Kristoffer visstnok tok livet av han i 1536. Kristoffer vart så fengsla i Bergen, men vart sleppe fri i byte for Eske Bille. Etter dette flykta Kristoffer landet i lag med erkebiskopen som følgje av reformasjonen.

Året etter var Kristoffer tilsett som kaperkaptein med kaperbrev og tittelen «Christoph von Trundheim, Marskalk in Norweger» frå grev Fredrik av Pfalz. Med vern frå Karl V av Det tysk-romerske riket og Maria av Bourgogne vart han involvert i krigen til Karl V mot Frankrike. Ein gong reiste han frå Veere i Zeeland med tre skip og enda opp med å ta ni skip frå franskmennene.

Han slo seg ned i Emden og vart her god ven med grev Enno II av Ostfriesland. Under hans vern utførte han fleire plyndringstokt langs norskekysten, mellom anna Utstein kloster og Stavanger bispegard i 1539.[6] I denne perioden kapra han mange handelsskip, og sjølv om danskekongen sende fleire etter at han vart han aldri teken.

I 1542-1543 fekk han amnesti hos Kristian III av Danmark etter å ha søkt om dette, og han vart tilsett som marineoffiser, som Danmark-Noreg desperat var i beit for. Sidan Kristoffer no hadde vorte ein kjend mann, rådde kongen sine rådmenn han om å gje han amnesti. Først fekk han berre kommando over eit lite skip med eit mannskap på 20 mann, men etter berre tre månader hadde han stige i gradene og vorte admiral, kalla «Rigernes Admiral». Då han var admiral kommanderte han 40 skip med om lag 5000 mann. På denne tida var han den einaste nordmannen med ei leiande stilling i marinen.

Som admiral segla han mellom anna til Island for å roe ned eit lite opprør, og kjempa seinare i den nordlege sjuårskrigen mot den svenske admiralen Jacob Bagge.

Kristoffer døydde i 1565, rundt 70 år gammal.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Kristoffer var gift med ei kvinne kalla Karen (eller Karine[7]). Det er fleire teoriar om kor ho kom i frå, men det er ikkje funne sikre kjelder. Ho kan ha vore frå Trondheim og heitt Schanke eller Skanke.

Borna hans med Karen var:

  • Kristine Tronds, (f. 1534) gift med Torbjørn Olavsen Nes.
  • Magdalene Tronds, (f. 1535/6) gift med Erik Eriksen Orm til Vatne. Oldebarnet deira var admiral Lauritz Galtung.
  • Anna Tronds, (f. 1536/7) kalla «Skottefruen». Ho var trulova med James Hepburn, men han forlet ho og gifte seg med dronning Maria I av Skottland.
  • Enno «Brandrøk» Tronds, (f. 1538). Han var ein periode landvegsrøvar, og vart avretta i 1571.
  • Dorthea Tronds, (f. 1545/50) hadde ingen kjende born.
  • Else Tronds, (f. 1550/1) først gift med Jon Haard til Gjersvik, så med Axel Frederiksen Fridag, dommar i Bergen, og til slutt med Anders Mowatt til Hovland på Tysnes. Med sistnemnde fekk ho mellom anna sonen Axel Andersen Mowat som grunnla baroniet i Rosendal.
  • Maren Tronds, (f. 1550/2) gift med Olav Jonson Theiste til Bjelland.
  • Margrethe Tronds, (f. før 1557) først gift med dansken Jørgen Pedersen Staur (Ølen) og seinare med Åmund Lauritzen Dahl.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]