Kurpfalz
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Pfalzgrevskapet ved Rhinen (tysk Pfalzgrafschaft bei Rhein), seinare Kurpfalz, var eit historisk område i Det tysk-romerske riket, eit palatinat styrt av ein pfalzgreve. Herskarane tente som kurfyrstar i Det tysk-romerske riket frå 1356.
Kurpfalz var eit mykje større området enn det som seinare vart kjend som Rheinpfalz, på venstrebreidda av Rhinen, og er i dag den moderne regionen Pfalz i tyske Rheinland-Pfalz og delar av den franske regionen Alsace. Kurpfalz omfatta òg område som låg på austbreidda av Rhinen, med byane Heidelberg og Mannheim.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Electoral Palatinate» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mai 2011.