Lamprotornis
| Lamprotornis | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Sturnidae | |
| Slekt: | Lamprotornis | |
| Artar | ||
|
||
| Vitskapleg namn | ||
| Lamprotornis | ||
Lamprotornis er ei stor biologisk slekt av glansstarar, alle lever i Afrika sør for Sahara. Dei har skinnande blå eller grøn overside, noko som kjem av hole melaningranulat arrangert i eit einskild lag nær overflata på bistrålane i fjørene. Undersida av glansstarane manglar slik iriserande effekt. Undersida kan vere blå, lilla, gul eller brun. Dei fleste Lamprotornis-starar har slåande gul eller raud iris og nokre har lange halar.
Glansstarar lever i ei rekkje habitat frå tett til open skog og i hagar. Dei hekkar i trehòl, enten naturlege hòl eller hòl laga av hakkespettar eller skjeggfuglar, og nokre kan nytte menneskeskapte strukturar til reirplass. Dei fleste artane er standfuglar, unntatt frå sesongmessige eller lokale streif, men akasiestar er ein ekte trekkfugl. Dei fleste artane er sosiale utanfor hekkesesongen.
Lamprotornis-glansstarar er altetande og beitar stort sett på bakken, sjølv om dei òg vil ta frukt frå trea. Nokre held seg på eller nær store pattedyr for å finne insekt.
Artslista [endre]
Glansstarar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011 [1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]
- Grønglansstare, Lamprotornis nitens, Cape Glossy-Starling
- Blåøyreglansstare, Lamprotornis chalybaeus, Greater Blue-eared Glossy-Starling
- Småglansstare, Lamprotornis chloropterus, Lesser Blue-eared Glossy-Starling
- Bronsehaleglansstare, Lamprotornis chalcurus, Bronze-tailed Glossy-Starling
- Edelglansstare, Lamprotornis splendidus, Splendid Glossy-Starling
- Príncipeglansstare, Lamprotornis ornatus, Principe Glossy-Starling
- Irisglansstare, Lamprotornis iris, Emerald Starling
- Purpurglansstare, Lamprotornis purpureus, Purple Glossy-Starling
- Fiolettglansstare, Lamprotornis purpuroptera, Rueppell's Glossy-Starling
- Langhaleglansstare, Lamprotornis caudatus, Long-tailed Glossy-Starling
- Kongestare, Lamprotornis regius, Golden-breasted Starling
- Mopaneglansstare, Lamprotornis mevesii, Meves's Glossy-Starling
- Storglansstare, Lamprotornis australis, Burchell's Glossy-Starling
- Kilehaleglansstare, Lamprotornis acuticaudus, Sharp-tailed Glossy-Starling
- Svartbukglansstare, Lamprotornis corruscus, Black-bellied Glossy-Starling
- Praktstare, Lamprotornis superbus, Superb Starling
- Masaistare, Lamprotornis hildebrandti, Hildebrandt's Starling
- Akasiestare, Lamprotornis shelleyi, Shelley's Starling
- Kastanjebukstare, Lamprotornis pulcher, Chestnut-bellied Starling
- Purpurhovudglansstare, Lamprotornis purpureiceps, Purple-headed Glossy-Starling
- Koparhaleglansstare, Lamprotornis cupreocauda, Copper-tailed Glossy-Starling
Avgrensinga av denne slekta krev revisjon. Til dømes er svartbukglansstare nokre gonger plassert i ein eiga slekt Notopholia, og han saman med moglege andre synest å vere verkeleg klårt distinkte. På den anna sida er fuglar i slekter som Coccycolius, Spreo og Compsarus nokre gonger tatt inn i Lamprotolius.[3]
Kjelder [endre]
- Første utgåve av denne artikkelen byggjer på «Lamprotornis» frå Wikipedia på engelsk, den 28. januar 2011, artikkelen gav følgjande referansar:
-
- Feare, Chris & Craig, Adrian (1999): Starlings and Mynas. Princeton University Press. ISBN 0-7136-3961-X
Referansar [endre]
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.6.xls/view, henta 25. januar 2012
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
- ↑ Zuccon, Dario; Cibois, Anne; Pasquet, Eric & Ericson, Per G.P. (2006) Nuclear and mitochondrial sequence data reveal the major lineages of starlings, mynas and related taxa. Molecular Phylogenetics and Evolution 41(2): 333-344. doi:10.1016/j.ympev.2006.05.007 (HTML abstract)