Leewardøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Leewardøyane er dei nordlege øyane i Dei små Antillane, aust for Puerto Rico og sørover til Dominica. Dei er ein del av Vestindia. Øyane ligg på grensa mellom det nordaustlege Karibiske havet og det vestleg Atlanterhavet. Den sørlege delen av Dei små Antillane vert kalla Windwardøyane.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Øyane vart kalla leeward, som tyder «på lesida» fordi dei rådande vindane i området blest får aust (sjå passatvind). Desse øyane er derfor nedstraums, eller på lesida av, dei søraustlegaste Windwardøyane, øygruppa som først møter passatvindane.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Leewardøyane dekkjer fleire øystatar.

Det er fleire aktive vulkanar på øyane, og i nyare tid har Montserrat hatt eit større utbrot.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I eldre tider vart øyane busette av karib-folket, som har gjeve namn til Karibia, og taíno-folket. Somme etterkomarar etter desse gruppe lever framleis på øyane.

Øyane var av dei første delane av Amerika som kom inn under Det spanske imperiet. Europeisk kontakt vart først gjort under den andre reisa til Kristoffer Columbus, og mange av stadnamna kjem frå denne perioden. Til dømes kjem Montserrat frå Santa Maria de Montserrate, etter den heilage jomfrua av Montserratklosteret, som ligg på fjellet Montserrat, og er eit nasjonalt helgenskrin for Catalonia.

Øyar i Leewardøyane[endre | endre wikiteksten]

Fil:LesserAntillesIslands.png
Leewardøyane (den nordlegaste gruppa) i Dei små Antillane
Oversyn over dei sørlegaste Leewardøyane

Generelt frå nordvest til søraust:

Den vesle og fjerntliggande øya Isla Aves vert stundom rekna med i gruppa.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Leewardøyane