Ligurar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ligurar (gresk Λίγυες) var eit folk i antikken som gav namn til Liguria, som ein gong strekte seg frå Nord-Italia til sørlege Gallia. Ligurane busette det som i dag omtrent er Liguria, det nordlege Toscana, Piemonte, delar av Emilia-Romagna, delar av Lombardia, og delar av det søraustlege Frankrike.

Skrifter frå antikken og studie av stadnamn tyder på at ligurane kan ha strekt seg lenger inn i sentrale delar av Italia. I følgje Hesiod og verket hans Katalogar (tidleg 500-talet fvt.) var dei ein av dei tre store «barbariske» folkeguppene som styrte dei vestlege grensene av den kjende verda (dei andre var etioparar og skytarar). Avienus fortel i ei omsetjing av ei reiseskildring, truleg frå Marseille (300-talet fvt.), om eit ligurisk hegemoni som strekte seg opp til Nordsjøen, før dei vart pressa tilbake att av keltarar. Ein har funne liguriske namn på Sicilia, i Rhônedalen, Korsika og Sardinia.

Det er ikkje kjend heilt sikkert om dei var eit urindoeuropeisk folk i slekt med iberarar, om dei var ei eiga indoeuropeisk gruppe med slektskap til italisk og keltiske folk, eller til og med ei grein av keltarar eller italarar. Det har òg vore føreslått slektskap mellom ligurar og leopontarar.

Ein annan teori sporar opphavet tilbake til Betica (i dag Andalusia).

Ligurane vart assimilert med romarane, og før dette med gallarar som dei i lag med produserte den kelto-liguriske kulturen.

Folkegrupper[endre | endre wikiteksten]

Fleire mindre liguriske folkegrupper er nemnd av historikarar frå antikken:

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]